Ei ny doktoravhandling frå Høgskulen i Volda og Nasjonalt lesesenter har undersøkt kva skrifta – som språk og som visuelt element i bildebøker – kan ha å seie for barn som blir lesne høgt for.
Ph.d-stipendiat Anne Marta Vinsrygg Vadstein disputerer på Nasjonalt lesesenter fredag 27. november 2026 med avhandlinga «Skrifta i bildeboka – om skrifta si rolle for dei som les, og dei som blir lesne for, i barnehagen».

I prosjektet, har Vadstein undersøkt ulike sider ved skrifta i bildeboka i konteksten høgtlesing i barnehagen.
- I bildeboka formidlar bilde og skrift innhaldet, men skrifta i seg sjølv har ei rolle som berar og formidlar av språk. Og når ein vaksen les høgt, spelar den vaksne høgtlesaren ei viktig rolle for kva erfaringar barn får med skriftspråket, utdjupar Vadstein.
Forsking viser at barn blir lesne mindre for heime, noko som aktualiserer barnehagen som arena for høgtlesing og tidlege erfaringar med skrift. Samstundes viser anna forsking kor viktig det er for barn å få erfaringar med skriftspråket gjennom høgtlesing, og at dei erfaringane har mykje å seie for språkutviklinga til barna.
– Forskingsprosjektet viser at høgtlesaren gjer språklege tilpassingar undervegs. Dei vaksne vel til dømes ofte bøker utan mykje skrift, og hoppar over setningar og ord viss dei synest boka er for ordrik.
I forskinga såg Vadstein òg at sjølv om skrift var utforma som visuelle og spennande element i bildebøkene som barna la merke til, blei dei ikkje alltid prata om i fellesskapet og samtalen rundt boka.
- Høgtlesing i barnehagen inneber at barn og vaksne snakkar i lag forteljinga og bilda, men eg ser at det kan vere vanskeleg å leggje merke til, og følgje det opp, når barn er nysgjerrige på skrifta. Forskinga mi viser at det er eit potensiale for skriftspråkstimulering på barnehagen sine premissar – gjennom undring og utforsking saman, seier Vadstein.
Høgtlesing frå bildebøker i barnehagen gir barn gode opplevingar med lesing og litteratur, men er også ei kjelde til tidlege erfaringar med skriftspråket.
Og vil du få meir kunnskap om Vadstein si forsking, er du velkomen på disputas – enten fysisk eller digitalt.
Disputas, fredag 27. november
Dato: Fredag 27. november, 2026.
Sted: Kjølv Egelands hus, Universitetet i Stavanger.
Rom: E-164.
Digital tilgang til arrangementet kjem to veker før disputasen.
Prøveførelesing
Tema og tittel kjem 13. november
Disputas kl. 12.00
Tittel på avhandling: «Skrifta i bildeboka – om skrifta si rolle for dei som les, og dei som blir lesne for, i barnehagen». Avhandlinga blir digitalt tilgjengeleg to veker før disputasen.
Velkomen!
Vurderingskomité:
- Aslaug Veum, professor ved Universitetet i Sørøst-Norge
- Maria Magnusson, universitetslektor ved Linné universitetet i Växjö, Sverige
- Åsmund Hennig, førsteamanuensis, Universitetet i Stavanger
Rettleiarar:
- Trude Hoel, professor ved Nasjonalt lesesenter.
- Eli Bjørhusdal, professor ved Høgskulen på Vestlandet
- Gudrun Kløve Juuhl, førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda