Høgtlesing – ein magisk praksis i klasserommet

Korleis kan høgtlesing skapa fellesskap, engasjera elevar og gi rom for djupare tekstforståing?

Publisert Sist oppdatert
Kva skal du lesa høgt?

Korleis skal du gjennomføra det?

Lærarar les for elevane

I ein studie frå 2020 deltok 299 førsteklasselærarar i ei undersøking om høgtlesing. Der fortel 55% at dei les for elevane kvar dag, eller nesten kvar dag.

I dette webinaret får du innsikt i kvifor høgtlesing framleis er ein verdifull del av undervisninga – frå barnehage til ungdomsskule.

Du møter forfattar og professor Bjørn Arild Ersland og førsteamanuensis Monica Gundersen Mitchell som deler erfaringar, forsking og praktiske tips om korleis høgtlesing kan brukast aktivt i skulen – og kvifor det er viktig å velja tekstar som skaper stemning og innleving.

Webinaret gir konkrete råd til lærarar:

Kva skal du lesa høgt?

Korleis skal du gjennomføra det?

Og korleis kan du bruka høgtlesing til å møta målet i læreplanen om tekstmøte og innsikt i andre menneskes liv?

Ønskjer du endå meir inspirasjon om høgtlesing, så har podkasten Tid for lesing ein eigen episode om nettopp dette.

Webinar høytlesing

Bjørn Arild Ersland les frå boka "Det første barnet på månen"