– Eg vil utfordre nokre etablerte sanningar om kva det vil seie å lese, sier Marte Pupe Støyva, ph.d-student ved Nasjonalt lesesenter. No skal ho konkurrere i forskingsformidling.
Kva er det å lese?
Har du nokon gong tenkt på det?
Viss ikkje, kan du jo prøve no?
Medan du grublar, nyttar vi høvet til å brase inn på kontoret til Marte Pupe Støyva (33) ved Nasjonalt lesesenter.
Det vil seie, ho har sagt at det er greitt at vi kjem, noko som tydar på eit raust sinn. For ikkje berre sit Marte, som dei fleste doktorgradsstudentar, med nasa i pc og bøker og artiklar og notatbøker (dette er viktige stikkord som vi skal komme tilbake til), i den intense og travle tilstanden som karakteriserer stipendiatlivet.
Ho er også travel på heimebane med små tvillingar – og dei siste månadene har ho maksa ut dei få tomromma ho vel har hatt igjen på kalenderen. For neste veke står ho på scena under Forskar Grand Prix i Stavanger. Der skal stipendiatar rett og slett konkurrere i forskingsformidling.
– Kvifor i alle dagar har du tatt deg tid til Forskar Grand Prix på toppen av alt?
– Eg har … okei, eg veit ikkje om du bør skrive dette. Men eg har eit sjukt konkurranseinstinkt. Nei, ikkje skriv det! Eg er jo med fordi det rett og slett er superviktig å formidle forsking.
Det var i alle fall ikkje slik at konkurranseinstinktet tok overhand då Marte var ferdig med masteren sin i nordisk og lesevitskap. Som så mange andre utslitne masterstudentar, var ho heilt klar på at no var det nok.
– Men så blei eg spurt av rettleiaren min, Anne Mangen, om eg ikkje ville søke på eit stipendiat. Og når ho spurte, så … nei, då kunne eg ikkje seie nei.
Resten er, om ikkje historie, så i alle fall i ferd med å bli til artiklar og funn som Marte håpar vil endre måten vi forstår lesing på.
Lesing går føre seg i eit kaos
Ja, for har du tenkt no? På kva det er å lese?
Det er nemleg essensen i det Marte forskar på. Ho tromma saman ei gruppe masterstudentar, følgde dei eit heilt semester, der ho gjorde noko så enkelt og så komplisert som å studere dei mens dei studerer. Dei greie studentane gjekk med på å bli filma mens dei les, dei har svart på spørsmål og blitt intervjua.
Og det desse studentane gjer når dei les, er interessant.
– For studentar, som skal sjå nye samanhengar, forstå komplekse fenomen og teoriar, og trekke nye slutningar, er det heilt avgjerande å ha evna til å lese lenge og konsentrert.
Men fyrst: Kva kom du sjølv fram til? Tenker du at det å lese er å sitte heilt i ro med auga festa på papiret eller skjermen? Kanskje er du lærar, og opptatt av at elevane dine må ha blikket retta mot teksten, at dei må bruke lesefinger, og at dei må lese i eit visst tempo og med ein viss type flyt? Kanskje er du ein av dei som kjenner seg som ein dårleg lesar, fordi du les for sakte, eller fordi du til stadigheit må bla att og fram i teksten?
Kanskje måtte du lese dette avsnittet på nytt?
Då skulle du sett masterstudentane i studien til Marte.
– Studentane sit jo i eit kaos. Dei sit ikkje berre med ein tekst eller med ei bok. Det er PC og notatbok og ipad og fem ulike bøker; dei strekar under og blar att og fram i arka dei les, dei skriv og peiker og trommar med pennen …
Å lese er med andre ord ikkje å glane uforstyrra og uavbrote på ein tekst. Å sjå opp frå teksten, å tenke og fundere er ein del av det å lese.
Marte er, som rettleiaren hennar, Anne Mangen, opptatt av det kroppslege med lesing. At ein les med sansane, at hendene og sjølve mediet ein les på, speler ein rolle. Og ikkje minst: Pausane, dei der korte augeblikka der vi ikkje har auga festa på teksten, men framleis er i han.
«Feil» og «rett» lesing
– Det er ein dansk forskar, Sarah Bro Trasmundi, som har sett på ungar som les, og snakka med dei. Ho ser at dei ofte ser opp frå teksten. Når ho spør dei kva dei tenkte på då, så kan dei til dømes seie at dei såg føre seg korleis det var å bu inne i ei gigantisk pære, som dei akkurat las om. Dei tenkte på all maten som er der, og om korleis det der inne. Men så ser ho at dei tek seg i det, og skundar seg med å sjå tilbake på teksten. For dei er lært opp til at det å lese, er å ikkje la tankane vandre.
– Mange ungar blir lært opp til at det å lese, er å ikkje la tankane vandre. Men forestillingane som skjer i disse små pausane, er ein vesentleg del av det å lese.
– Trasmundi sitt poeng er at vi ikkje må avbryte pausane, og seie at nei, det er feil, no les du ikkje. For denne forestillingsevna er jo ein vesentleg del av det å lese, også for eldre studentar, som dei eg undersøker.
Førestillinga om dei digitale lesarane
I ei tid der vi les på heilt nye måtar, og på heilt nye flater, har vi fått behov for å vite meir om kva lesing eigentleg er. Marte vil utfordre ting vi tar for gitt om kva som indikerer «god lesing», som alt dette med flyt og hastigheit og kronologi, og alle dei andre ideane vi tek med oss når vi vurderer lesing på skjerm, på papir – og val vi tar basert på dette igjen.
Interessa hennar oppstod då ho som bibliotekar på Universitetsbiblioteket i Stavanger tok del i fleire diskusjonar om korleis dei skulle legge til rette for studentane.
– Vi antok så mykje, om kva studentane foretrakk av digitale tekstar og lesing på papir og alt sånt. Skulle vi berre kvitte oss med papirbøkene? Skulle alt vere digitalt? Eg høyrte om forelesarar som berre antok at dei unge studentane sjølvsagt ville føretrekke å lese på skjerm. Så møtte eg studentar som liksom bad om orsak fordi dei leste sakte, noko som fortalte meg at det var eit slags ideal her, om kva ein god lesar er og ikkje er.
Vala vi tar for elevane formar dei for framtida
– Eg ser dei same diskusjonane over alt, som i skulen, blant lærarar, hos forlag som utviklar lærebøker og læremiddel og hos dei som kjøp inn desse læremidlane til skulane. Sanninga er jo at vi veit alt for lite om korleis både barn, ungdom og vaksne faktisk les. Men det vi veit, er at 70 prosent av studentar seier at det føretrekk å lese pensum på papir. Og at mange slit med å lese lange tekstar, og å konsentrere seg lenger enn ei kort tid.
Vala vi tar om korleis elevar skal lese i dag, former dei som studentar i framtida, påpeiker Marte.
– Dette er viktig. For hugs at lesing heng tett saman med vår evne til å lære nye ting, til å tenke kritisk. For studentar, som skal sjå nye samanhengar, forstå komplekse fenomen og teoriar, og trekke nye slutningar, er det heilt avgjerande å ha evna til å lese lenge og konsentrert. Difor treng vi denne kunnskapen om kva lesing er, og kva som faktisk skjer når vi les.
Og det handlar altså ikkje berre om å ha auga festa på teksten.
Tekst: Elisabeth E. S. Rongved
Foto: Getty Images, Elisabeth Tønnessen og Elisabeth E. S. Rongved
Vil du vite meir?
Vil du høyre meir om Marte si forsking, og forskinga til 9 andre doktorgradsstipendiatar ved UiS? Finn vegen til Forskar Grand Prix i Folken onsdag 25. september klokka 1900! Du får oppleve eit forrykande forskingsformidlingshow som ikkje berre handlar om lesing, men også om tema som leddgikt, kokain og grøn omstilling. Dei unge forskarane har jobba knallhardt med å gjere forskinga si underhaldande, forståeleg og engasjerande – og no er dei klare til å presentere til akkurat deg! To av deltakarene går vidare til nasjonal finale i Oslo, og publikum er sjølvsagt med på den avgjerda. Det heile er heilt gratis!
Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking
Les meir frå Nasjonalt lesesenter:
Elever leser best når læreren opplever støtte fra ledelsen
Lærerne er ikke alene i jobben de gjør i klasserommet. Skoleledere spiller en viktig rolle for hvor motiverte og trygge ...
Ni faktorer som påvirker barnas motivasjon når de skal skrive tekster
En ny doktorgradsavhandling fra Universitetet i Stavanger bidrar med kunnskap om hva som påvirker elevenes motivasjon nå...
Barna skriver med bedre flyt når bokstaver settes i en sammenheng
En ny doktorgradsavhandling har utforsket faktorer som påvirker flyt i pennebevegelser når førsteklassingene går i gang ...
Slik kan vi skape eit leseløft
For nokre år sidan las norske tiåringar betre enn dei hadde gjort nokon gong før. Så snudde det. Dei fleste er samde om ...
Lærere og forskere hjelper nyutdannede lærere med overgangen til praksis
Overgangen fra student til lærer eller barnehagelærer kan være krevende. I nye TV-sendinger får studenter og nyutdannede...
Sats på gode veilederordninger for nyutdannede barnehagelærere
Det er ikke i alle yrker man går rett fra studier og over til å ha lederansvar. Slik er det for mange nyutdanna barnehag...
Kan du åpne opp for mer dialog i undervisningen?
«Hvis vi planlegger for mye, kan det gå ut over spontaniteten,» sa en lærer etter å ha gjennomført åpne samtaler i nor...
Slik vekket læreren leseiveren hos elevene
Elevene i 7B på Grannes skole har like mye tilgang til telefoner, nettbrett og Tiktok som andre ungdommer. Allikevel har...
Dei gode skriveverktøya for elevane finns, men blir for lite brukt
Ny forsking viser at det finns mange gode lese- og skriveverktøy tilgjengeleg, men at dei blir for lite brukt i norsk sk...
Hvilke konsekvenser har digitaliseringen av klasserommet?
Skjermbruk i undervisningen kan gi tilpasset opplæring og være motiverende for elevene. Men vi må holde på papirlesinga ...
PISA 2022: Norske barn og unge trenger et leseløft!
Når PISA-resultatene viser at også tiendeklassingene leser langt dårligere enn før, er det på tide å slå alarm. Nå treng...
– Hvis norske elever skal bli bedre lesere, må det en skikkelig innsats til
Årets elever på 5. og 8. trinn gjør det svakere i lesing sammenlignet med i 2022. Det viser resultatene fra årets nasjon...
Å oppdage at barnehagebarn strever med språket, er ikke nok for å sikre dem god hjelp
Mange barn som strever med språket, blir oppdaget i barnehagen. Men for at disse barna skal få riktig hjelp, må kartlegg...
Elevane lot seg engasjera av Jon Fosse sin vanskelege roman
Jon Fosse er kjend for å vera ein av vår tids største nolevande forfattarar. Men han er òg kjend for å skriva komplekse ...
Spørsmål og svar om bokstavlæring på første trinn
Mange har spørsmål om hvorfor Nasjonalt lesesenter anbefaler at førsteklassinger lærer to bokstaver i uka, og hvordan ma...
Ny kunnskap om skolefritidsordningen gjennom internasjonalt samarbeid: – Målet er å heve kvaliteten på SFO.
SFO-tilbudet er varierende, og det er lite kunnskap om hva som egentlig skjer i skolefritidsordningen. Nå skal UiS-forsk...
Økt lærertetthet alene er ikke nok for at elevene skal lære mer
Forskningen er tydelig: For at økt lærertetthet skal ha betydning for læring og trivsel blant elever og lærere, må skole...
Leik og lesing som satsing i barnehagen
Gjesdal kommune sette seg som mål å ha meir fokus på lesing og språkopplæring i kommunen sine barnehagar. Dette starta s...
Kreftpasienter fikk økt livskvalitet av å delta i litteraturgrupper
Åpne samtaler knyttet til litteratur, følelsen av fellesskap og å bestemme over eget liv, kan være grunner til at å delt...