Her finn du ressursar og informasjon om korleis ein kan lese i ulike fag for å finna informasjon i tekstar, og om å tolka og reflektera kritisk kring innhaldet.
Lesing er ikkje noko som berre tilhøyrer norskfaget. Dei fleste fag nyttar lesing i ei eller anna form. Når elevane møter tekstar i ulike fag med formål om at dei skal læra faget, kan lesinga opplevast som meiningsfull. Det å lesa i eit fag, uansett kva for eit fag det er, handlar det å kunna finna informasjon, for vidare å tolka og reflektera kritisk rundt informasjonen.
Samstundes har tekstar i ulike fag sine eigne språk og må lesast på sine eigne premissar. Der ein samfunnsvitar i møte med tekst er opptatt av å tolka bodskapet og reflektera kritisk over dette, så treng kokken å skaffa seg oversikt over alle deler, oppgåvene og ingrediensane for å laga seg en tidslinje for matlaginga.
På denne sida har vi samla ressursar som kan danne grunnlag for diskusjon i kollegiet og eksempel på undervisningsopplegg. Her finn du ressursar som blant anna viser korleis læraren kan støtta elevane i møte med tekst, blant anna gjennom å stilla spørsmål til teksten og modellere korleis ein erfaren lesar tenker undervegs i lesinga. Undervisningsopplegga er utforma i tråd med prinsippa bak Leseplanleggaren som sikrar samanheng mellom mål for undervisninga, innhald, arbeidsmåtar og vurdering.
Til bruk i kollegiet:
For deg som jobbar på mellomtrinnet:
Korleis kan utforskande arbeidsmåtar bidra til djupare forståing av språket og teksten?
Jobb dykk gjennom desse Språkløypene og lær meir om korleis du kan styrke elevane si evne til kritisk tenkning og lære elevane å bli meir nysgjerrig til tekstane:
For deg som jobbar på ungdomstrinnet:
Korleis kan arbeid med lesing, skriving og munnlegheit støtte elevane si faglege utvikling i samfunnsfaga?
Korleis kan skulebiblioteket bidra til å oppfylle krava i læreplanen?
Kvifor er det viktig å jobbe med multiple tekstar og kritisk lesing i skulen?
Jobb dykk gjennom desse Språkløypene og lær meir om korleis du kan jobbe med lesing, skriving og munnlegheit i ungdomsskolen:
For deg som jobbar på vidaregåande:
Kva er norskfaglege praksisar og korleis kan ein invitere elevane inn i faget gjennom utforskande arbeidsmåtar? I Språløypa under lærer du meir om dette:







