Lydmetoden er ikkje nok

La det ikkje vere tvil – Nasjonalt lesesenter støttar systematisk lydopplæring, men avkodingsopplæring åleine er ikkje nok.

Publisert Sist oppdatert

Vi må arbeide breitt, med både avkoding, forståing og lesemotivasjon.

Med a og b til Alibaba 1 av Sigrun Vormeland
Frå læreboka «Med a og b til Alibaba 1» (1985) av Sigrun Vormeland.
 Skjermbilete henta frå Nasjonalbiblioteket

Denne teksten vart publisert i Dag og Tid 08.05.2026

Dei siste åra har internasjonale leseundersøkingar vist ein auka andel elevar med lav lesekompetanse. Nasjonalt lesesenter har som ei av våre viktigaste oppgåver å støtte skolar i arbeidet med å snu denne trenden. Ei styrking av elevane sine leseferdigheiter - og leseglede -kan ikkje løysast med meir einsidig metodebruk. Skal vi snu utviklinga, må vi arbeide breitt, med både avkoding, forståing og lesemotivasjon. I artikkelen «Møter lesekrise med nye krav» i Dag og Tid 12. april blir ei snever forståing av lydmetoden presentert som løysinga på lesekrisa – og at dei som meiner noko anna, er ideologibaserte. Dette er forenklingar som ikkje speglar forskinga på feltet. Leiande leseforskarar som Anne Castles, Kathleen Rastle og Kate Nation – som vert siterte som forsvararar av rein lydopplæring – har sjølve teke til orde for å avslutte det polariserte ordskiftet og argumentert for ei meir nyansert tilnærming.

La det ikkje vere tvil – Nasjonalt lesesenter støttar systematisk lydopplæring. Systematisk undervisning i bokstavkunnskap og det å trekke bokstavlydar saman til ord er den mest grunnleggande metoden i begynnaropplæringa i eit alfabetisk skriftspråk som norsk. Dette har vore den vanlegaste og viktigaste metoden i leseopplæringa i Noreg sidan slutten av 1800-talet. Forsking viser at dette er særleg viktig for å førebygge lesevanskar. Men avkodingsopplæring åleine er ikkje nok – og det seier forskinga tydeleg.

Med a og b til Alibaba 1 (1985) av Sigrun Vormeland
Frå læreboka «Med a og b til Alibaba 1» av Sigrun Vormeland.
 Skjermbilete henta frå Nasjonalbiblioteket

Tradisjonelt har norske barn trent på lydar samstundes med at dei lærer å lese.

I USA, derimot, har ikkje lydmetoden vore sjølvsagt, og det har vore store diskusjonar om kor vidt elevane treng å bli undervist i bokstavlydar og korleis dei kan trekkast saman til ord, eller om elevane finn ut av dette sjølv ved å lese gode og meiningsfulle tekstar. For å få slutt på diskusjonen sette kongressen ned eit ekspertutval, The National Reading Panel. Dei gjekk gjennom meir enn 100 000 publiserte studiar og konkluderte i år 2000 med at god leseopplæring kviler på fem komponentar: fonologisk medvit, avkoding, leseflyt, ordforråd og leseforståing. Rådet var å gi elevane systematisk og eksplisitt undervisning i lydmetoden og kombinere dette med arbeid med forståing og meiningsfull lesing av heile tekstar. Dette er stadfesta i seinare forskingsoppsummeringar.

Reindyrka lydmetode gjev ikkje betre leseferdigheiter.

Forskinga gir ikkje grunnlag for å hevde at ein reindyrka lydmetode gjev betre leseferdigheiter enn lydmetoden kombinert med andre tilnærmingar – snarare tvert om. Frå dei første orda elevane møter, som «sol», «bil», «hus» og «mus» handlar lesing om å trekke saman lydar til ord og å knyte skrift til meining – som eit første steg på vegen inn i tekstar som gir tilgang til informasjon og opplevingar. I enkle tekstar møter elevane også høgfrekvente småord med uregelmessig stavemåte, som «og»,  «det» og bokmålsordet «de». Å kome fram til meininga til desse orda berre ved hjelp av lydmetoden fungerer ikkje. Her må elevane øve på å kjenne att bokstavmønsteret. 

Motivasjon er ein viktig del av leseopplæringa.

Dei siste 25 åra har forsking vist at også motivasjon er ein viktig del av leseopplæringa. Elevane begynner på skolen med enorm lærelyst og tru på seg sjølve. Den ressursen må vi ta vare på, og mange elevar kan allereie lese og skrive ein heil del når dei startar på skolen. Leselyst og engasjement veks gjennom oppleving av meining, ikkje berre gjennom meistring av teknikk. Ei leseopplæring som einsidig vektlegg teknisk avkoding, utan meiningsfylte tekstar og autentiske lesesituasjonar, risikerer å verke instrumentell og lite engasjerande for seksåringar. Det som kjenneteiknar dei beste lærarane, er ikkje einsidig metodetruskap, men kunnskapsbasert fleksibilitet: systematisk lydopplæring i samspel med skriving, meiningsfylte tekstar og løpande tilpassingar til elevane sine behov.

God begynnaropplæring er ikkje eit val mellom avkoding og meining, men undervisning som frå starten støttar utviklinga av begge – saman med språk, motivasjon og meistringstru. Systematisk lydopplæring er grunnleggande viktig, særleg for elevar som treng ekstra støtte. Dei som hevder at lydmetoden ikkje må kombinerast med andre metodar vel seg ut ein avgrensa del av forskinga på feltet og importerer ein lite fruktbar «lesekrig» med frontar som ikkje er relevante i Noreg, der lydmetoden allereie står sterkt. 

Senterleder
5183 3260
SiS studenthus
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking
Meninger

Dette er stedet hvor våre ansatte deler forskning, inspirasjon, refleksjoner eller innspill til aktuelle spørsmål om leseopplæring og leseforskning. Vi håper innleggene vil gjøre deg litt klokere, mer informert og inspirert! Skribentene er selv ansvarlige for innhold og faglige meninger. Her finner du alle meningsinnlegg fra Nasjonalt lesesenter