Slit du med korleis du skal engasjera og få med alle elevane i dei 15 minuttane med lesing i klasserommet? Her finn du konkrete råd til lesekvarten.

I Regjeringa sitt leseløft er eitt av hovudtiltaka at elevar på alle klassetrinn skal lesa minst 15 minutt kvar dag.
Desse 15 minutta, òg kjent som lesekvarten for mange, blir ofte praktisert gjennom at elevane les stille og individuelt, gjerne i ei bok dei har valt sjølv. Det er vanleg at lesekvarten gjerne varer eit kvarter. Samtidig veit dei fleste lærarar at ikkje alle elevar finn seg til rette i lesekvarten og slit med å komme i gang med lesinga.
Ved å utvikle lesekvarten til å bli eit lesande fellesskap, kan ein kanskje klare å motivere fleire til å lese. Å føle seg inkludert i eit fellesskap, kan få fleire elevar til sjå på seg sjølv som ein lesar. Og når ein ser på seg sjølv som ein lesar, og er medviten om kor mykje spennande som finst i bøkene, jo større sjanse er det for at eleven kan bli glad i å lesa.
Konkrete tips for å styrka lesefellesskapet i lesekvarten
- Snakk om det som er lese
Etter at elevane har lese stille i kvar si bok, kan elevane snakka saman om det dei har lese. Som ein samtalestartar kan du som lærar be elevane dela ei setning eller to frå boka.
- Les med blyant i handa
Elevane kan få eit mikro-oppdrag om å notera noko frå teksten som dei kan dele med gruppa eller klassen. Det kan til dømes vera ei setning eller to frå boka, eller eit ord dei har lagt merke til.
- Del lesetips med kvarandre
Som ei avslutning på lesekvarten kan elevane koma med boktips. Dette kan dei gjera i plenum, i mindre grupper eller to og to.
- Vis interesse for det elevane les
Det kan du gjera på fleire måtar:
- Du som lærar kan gå rundt og spørja enkeltelevar om handlinga i boka, og kva dei trur skjer vidare.
- Du kan lesa eit kort utdrag frå enkeltelevar sine bøker høgt i klassen, og kommentera utdraget.
- Heng opp framsider av bøkene som elevane les. Då blir det synleg at elevane er eit lesande fellesskap.
- Ver eit lesande førebilete
For å styrka lesefellesskapet kan læraren også lesa stille i eiga bok saman med elevane.
- Les ein annan plass
Alt elevane treng i lesekvarten er ei bok. Det betyr at dei ikkje treng å sitja ved pulten. Å variera plassen ein les på kan styrka lesefellesskapet.
- Gjer valet av bok overkommeleg
For mange elevar kan eit stort utval av bøker i biblioteket gjera det vanskeleg å velja. Samarbeid gjerne med ein bibliotekar om å setja fram bøker å velja mellom, eller lag eit lite klassebibliotek.
Lykke til med å skapa gode lesefellesskap i klasserommet ditt, og dermed bidra til at elevane blir betre lesarar!