Noen tips til korleis ein kan skape leselyst og ein lesekultur på heimebane.
PublisertSist oppdatert
Dette webinaret handler om lesing og kvifor ein bør bruke tid på å lese heime.
Lesing er ei kjelde til glede og samhald. Det å lese saman, spesielt høgtlesing, skapar sterke band og felles opplevingar. Barn som les på fritida les betre. Forskning viser at frivillig lesing heng saman med høgare leseferdigheiter.
Leselyst må byggast opp. Ved å lese kjekke og varierte tekstar, og ved å snakke positivt om lesing, kan ein vekkje interessa.
Tips til lesing i kvardagen
Set av fast tid til lesing – til dømes ved sengekanten
Les høgt, sjølv om barnet kan lese sjølv
Del på lesinga – veksle mellom vaksen og barn
La andre lese for barnet – besteforeldre, søsken, naboar