Er ikkje det å lese ein tekst nokså enkelt berre å lese, same kva tekst det er eller i kva fag det er?

I dette webinaret ser Arne Olav Nygard nærmare på det å lese i naturfag. Korfor treng vi eit eige webinar om å lese i naturfag? Er det ikkje berre å ta opp boka å lese?
Jo, til en viss grad, men kvart fag har sine særeigne typar av kunnskap som blir sett på som viktig, og sine måtar å komme fram til og til å presentere denne kunnskapen på. Sjølve faget, og i dette tilfellet naturfag, har noko ved seg som gjer at det skil seg frå andre fag.
Vi kan til dømes lese Ibsen med eit blikk for perspektivet på kvinners rolle og likestilling, men dette blikket på likestilling vil sannsynlegvis ikkje passe så godt på ein tekst om gravitasjonskreftene, slik naturvitskapen skildrar dei. Samstundes er det opent for fleire blikk i naturvitskapelege diskusjonar i klasserommet.
Så, korleis ein kan lære elevane å lese i naturfag? Sjå webinaret og få med deg nokre tips frå Arne Olav.