Nobelprisane 2020 - forskarar forklarer

Onsdag 9. desember 2020 kl. 19:00-20:00,
Digitalt arrangement.

Lurer du på kva som ligg bak årets Nobelpris-tildelingar? Det kan Stavanger-forskarar gi svar på.

Published Endret
Øvst frå venstre: Jan Egeland, Alex Bentley Nielsen, Janne Stigen Drangsholt, Lars Normann Karlsen Ola Kvaløy og Mark van der Giezen.

Kvart år blir Nobelprisane delt ut til folk som har gjort ekstraordinære prestasjonar innanfor sitt fagfelt. Dette går føre seg med pomp og prakt, og prisvinnarane blir gjort stor stas på, men det er likevel svært få utanfor prisvinnarane sitt eige fagfelt som verkelig forstår prestasjonen som ligg til grunn for denne prisen. Universitetet i Stavanger arrangerer derfor 9. desember eit Nobelpris-arrangement der forskarar tilknytta UiS vil presentere årets seks prisvinnarar og vil forklare oss utanfor prisvinnarane sin fagkrins kvifor akkurat årets prisvinnarar har gjort seg fortente til prisen. Vi har vald 9. desember fordi dette er kvelden før sjølve prisutdelinga, og alle føredragshaldarane er forskarar som har jobba med tematikker som er relatert til årets pris. 

Arrangementet vil bli gjennomført digitalt og kvar av presentasjonane vil vare 10 minutt. LENKE TIL STREAMING HER.

Medisinprisen til Harvey J. Alter, Michael Houghton og Charles M. Rice blir presentert av Lars Normann Karlsen, seksjonsoverlege og forskar ved Stavanger universitetssjukehus (SUS) 

Kjemiprisen til Emmanuelle Charpentier og Jennifer Doudna blir presentert av Mark van der Giezen, professor i biologisk kjemi, UiS 

Fysikkprisen til Roger Penrose, Reinhardt Genzel og Andrea Ghez blir presentert Alex Bentley Nielsen, førsteamanuensis ved Institutt for matematikk og fysikk, UiS 

Litteraturprisen til Louise Glück blir presentert av Janne Stigen Drangsholt, professor i engelsk litteratur, UiS

Fredsprisen til Verdens matvareprogram (WFP) blir presentert av UiS æresdoktor Jan Egeland, generalsekretær i Flyktninghjelpen

Økonomiprisen til Paul Milgrom og Robert Wilson blir presentert av Ola Kvaløy, professor og dekan ved Handelshøgskolen UiS