Nynorsk som fritidsspråk

Kvifor vel mange nynorskelevar å skrive på bokmål på fritida si? Er dei ikkje stolte av skriftspråket sitt? Eller kan dei ikkje skriftspråket sitt godt nok?

Published Sist oppdatert

Jente leser i park. foto: Getty

Mange elevar som har nynorsk som opplæringsspråk brukar bokmål på fritida si. Elevar sjølv seier mellom anna at det er lettare å skrive bokmål enn nynorsk, trass i at dei har hatt nynorskopplæring i mange år. Dessutan meiner ungdommane at dei lettare blir forstått når dei skriv på bokmål.

Det er tydeleg at mange elevar opplever nynorsk som eit skulespråk, og ikkje som eit språk som høyrer til fritida. Kva kan så skulen gjere for å støtte elevane si fritidsskriving? Samtalar og refleksjonar rundt det å vere ein nynorskbrukar, samt over eige språk og språkleg variasjon, kan gjere elevane tryggare på skriftspråket sitt. Og ikkje minst er det viktig med god tilgang til nynorsklitteratur for dei. Læraren har òg eit dagleg ansvar for å vise at nynorsk er eit bruksspråk gjennom si eiga skriving. A setje i scene skrivekontekstar som inviterer elevane til å utforske og utprøve nynorsk på fritidsarenaer kor bokmålet er dominerande, kan òg vere gode tiltak.

I denne artikkelen reflekterer Trude Hoel og Anne Håland over kva grep skulen kan ta for å støtte nynorskelevane si fritidsskriving.