– Eg valde å studere økonomi og administrasjon fordi det er ei allsidig og framtidsretta utdanning

Gjennom bachelorgraden lærer Stine Risnes seg alt frå etikk til rekneskap og marknadsføring.

Publisert Sist oppdatert
Stine Aaberg
Økonomistudent Stine Risnes elskar Stavanger by, og hadde bestemt seg for å studere her før ho valde studieprogram.

Stine Risnes tar ein bachelorgrad i økonomi og administrasjon ved Handelshøgskolen ved UiS. I tillegg er ho ein av Universitetets studentambassadørar, og er med det ein viktig del av studentrekrutteringa til UiS.

Kvifor valde du å studere økonomi og administrasjon?

Eg valde å studere økonomi og administrasjon fordi det er ei allsidig og framtidsretta utdanning. Etter denne bacheloren kan du jobbe med nesten kva du vil, både i privat og offentleg sektor. Eg syntest også utdanninga verka spennande då faga er veldig varierte, og du lærer alt frå etikk til rekneskap til marknadsføring. Så det er fag som er interessant for dei fleste, uansett interesser.

Kvifor valde du UiS og Handelshøgskolen?

Eg valde å studere ved UiS då eg elskar Stavanger. Byen har alt du treng, og det er også kort avstand til alt. Det er ein utruleg fin sommarby, og det er ikkje langt til fjellet for ein helgetur om vinteren. Eg visste godt kva slags by eg ville studere i før eg hadde bestemt meg for kva eg ville studere.

Korleis ser ein typisk kvardag ut som student for deg?

Ein typisk studiekvardag står eg opp to timar før første forelesing begynner for å ha god tid. Eg har som regel ein eller to doble forelesingar kvar dag, der ein dobbel varer i 1t og 45min (inkludert pause). Etter det et eg som regel lunsj, og så samlar ein liten gjeng seg i kollokviegruppe for å studere eit par timar. Heime lagar eg meg middag og så finn eg kanskje på noko med vener, eventuelt skulearbeid om det trengst.

Har du eit minne eller noko som du hugsar ekstra godt frå studietida til nå?

Eg hugsar spesielt godt første dagen i fadderveka. Det var veldig spennande å møte alle dei nye som skulle studere det same som meg, og eg var ganske nervøs før den morgonen. Men det hadde eg ikkje trengt å vere fordi alle var veldig hyggelege, og ein blei kjent med dei fleste på kort tid.

Har du nokre råd for framtidige studentar?

Det er eigentleg berre å starte. Dei aller fleste er nervøse og spente, og du kjem ikkje til å vere den einaste som ikkje har kontroll på alt. Det viktigaste er å ha det gøy, så lærer ein kva slags metodar som passar best etterkvart, og korleis ein skal porsjonere kvardagene med skule, fritid og eventuelt jobb.

Les også: Karl på Nordens største økonomifestival
Les også: Økonomistudent Maria hadde sommarjobb i Grønn kai-prosjektet i Geiranger
Les også: Livet som student i Stavanger

Studer økonomi på UiS

Aktuelt frå Handelshøgskolen ved UiS

Ola Kvaløy utnevnt til utvalg om sirkulær økonomi

Regjeringen setter ned en ekspertgruppe for å se på virkemidler for å redusere ressursbruken og bidra til en mer sirkulæ...

Senter for innovasjonsforskning opprettes som forskningssenter i fem nye år

Det nåværende senterets funksjonstid utløp den 31. desember 2023. Søknaden om å etablere senteret på ny ble godkjent av ...

Roald Martinussen 70 år

Vi gratulerer vår kjære kollega, dosent Magnus Roald Martinussen med 70-årsdag søndag 28. januar.

Menn og yngre har høyest lederambisjoner blant sykepleiere

Ledere som støtter, lytter og verdsetter ansatte er svært viktig for sykepleieres ambisjoner om videre karrierevalg i he...

Nytt årsstudium i økonomi og ledelse

Lyst til å teste økonomistudier? Nå kan du ta et årsstudium i økonomi og ledelse ved Universitetet i Stavanger!

Doktorgrad om hvordan elevers tankesett påvirker læringsresultater

Elin Svensen disputerte for ph.d.-graden i sosiologi, sosialt arbeid, kultur og samfunn ved Det samfunnsvitenskapelige f...

Ser verden med nye briller etter fullført Executive MBA

– Jeg kommer til å få nytte av denne graden både i jobben min i politiet og i politikken sier Mushrifa Ali Mubarak. Hun ...

Studentar konkurrerte om beste konsulentrapport

Også i år fekk studentane i kurset “Economics of Motivation” prøva seg som konsulentar i arbeidslivet for å testa ut teo...

Nordens største økonomifestival – for sjuende gang

Tradisjonen tro inntar økonomer, samfunnsdebattanter, politikere og fagfolk en rekke scener og puber i Stavanger i slutt...

Bli studentassistent ved Handelshøgskolen!

Handelshøgskolen UiS er på jakt etter dyktige og motiverte studentar som ønskjer å kombinere studiet med jobb hausten 20...

Øk barnetrygden og innfør løpende barnehageopptak for å forhindre at fattigdom går i arv

Ekspertgruppen om barn i fattige familier leverte tirsdag 17. oktober sine anbefalinger til barne- og familieminister Kj...

Møt Mona, ein av dei første masterstudentane i rettsvitskap i Stavanger

Denne hausten starta dei første studentane på det nye masterstudiet i rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Om to ...

Lærer studentane å bruka KI

Det vil vera avgjerande å meistra KI-teknologi i framtida. Som student ved Handelshøgskolen ved UiS lærer du korleis du ...

Marte Solheim tildelt pris for framifrå bidrag til regionsforsking

Marte Solheim er tildelt Regional Studies Associations pris "Distinguished Service Award" for 2023. Prisen blir delt ut ...

Rune Dahl Fitjar blir ny leder for Senter for innovasjonsforskning

Fitjar er professor i innovasjonsstudier og kommer fra stillingen som prorektor for innovasjon og samfunn ved Universite...

UiS-forskere hevder seg på internasjonal ranking

Ron Boschma og Bjørn Terje Asheim, begge tilknyttet Senter for innovasjonsforskning ved UiS, er på Research.coms rangeri...

Nytt studieprogramråd for Master i økonomi og administrasjon opprettet

Rådet består eksterne interessenter fra samfunn- og næringsliv og akademia. Hensikten med rådet er å forbedre kvaliteten...

Ola Kvaløy fortsetter som dekan ved Handelshøgskolen

Dekan ved Handelshøgskolen ved UiS, Ola Kvaløy, får fornyet sitt åremål med fire nye år.

Gode søkertall til ny jusutdanning i Stavanger

Fra høsten 2023 tilbyr Universitetet i Stavanger for første gang full jusutdanning. Det har hatt effekt på søkingen til ...

Handelshøgskolen ved UiS øker forskningsproduksjonen og kvaliteten

Forskerne ved Handelshøgskolen ved UiS produserte mer forskning og publiserte flere artikler i topptidsskrifter i 2022 e...