Hopp til hovedinnhold

18-årsfest med doktorpromosjon

Velkommen til årsfest på UiS med promosjonar, prisar og kake!

Publisert: Endret:

Den 29. oktober i 2004 fatta Kongen i statsråd vedtak om at Høgskulen i Stavanger skulle få universitetsstatus frå første januar året etter. Sidan den gong er oktoberdagen blitt markert på høgtideleg vis. Etter nokre år med nedskalerte koronaversjonar av årsfesten er vi i år klare for å feire høgdepunkt og framifrå prestasjonar frå det siste året på storslått vis.

61 doktorander

I år er feiringa lagt til fredag 28. oktober, og som tidlegare år finn seremonien stad i universitetet si eiga storstove, Tjodhallen, i Kjølv Egelands hus. Her vert det høgtideleg doktorpromosjon for å feire at 61 kandidatar har avlagt doktorgrad ved UiS det siste året. Vi skal òg dele ut Lyse sin forskingspris, SR-bank sin innovasjonspris og Utdannings- og læringsmiljøprisen. I tillegg vert det taler og musikalske innslag frå dyktige studentar ved Fakultet for utøvande kunstfag og Stavanger studentsangforening.

Marianne Hafnor Bøe årets festtalar

Kvinners modige kamp mot regimet i Iran har den siste tida opprørt oss alle. Årets festtalar er ein spennande og aktuell forskar. Marianne Hafnor Bøe er professor i religionsvitskap ved UiS og ekspert på islam og feminisme i Iran. Ho har mellom anna gjort feltarbeid blant kvinneaktivistar i Iran. Ho følger situasjonen i landet tett, og har den siste tida kommentert opptøyane i Iran i media. Som hovudtalar på årsfesten vil ho sette kvinnekamp og opptøyane i Iran inn i eit større perspektiv. 

Kake!

Etter seremonien blir det servert kake i foajeen i Kjølv Egelands hus. Vi håper så mange som mogleg vil vere med å feire universitetet denne dagen!

Vil du følge med på seremonien, må du ta plass i salen seinast kl. 12.50Merk at nokre av setane er reserverte.

For gjestar som kjem utanfrå UiS:

Det kan vere vanskeleg å parkere på UiS. Vi oppmodar til å reise bilfritt.
Kart over campus – Tjodhallen.