Årsfest med utnemning av ny æresdoktor ved UiS

Endeleg kan vi igjen samlast til årsfest i Tjodhallen. For fyrste gong på sju år blir det òg utnemnd ein ny æresdoktor ved UiS.

Published Sist oppdatert

UiS har frå før seks æresdoktorar. Dei fire fyrste vart utnemnde i 2005: FNs tidlegare visegeneralsekretær Jan Egeland frå Stavanger, nobelprisvinnar i økonomi Finn Kydland frå Ålgård, litteraturprofessor Toril Moi frå Farsund samt doktor i petroleumsteknologi og ei av ildsjelene bak etableringa av sivilingeniørutdanninga i Stavanger, Rajagopal Raghavan.

I 2009 blei professor i teologi, Jacob Jervell, utnemnd til æresdoktor for sin store innsats innan forsking og markante rolle i den offentlege debatten. 

I 2014 kom den så langt siste utnemninga då Finn Kjærsdam, professor emeritus og tidlegare rektor ved Aalborg universitet, blei utnemnd til æresdoktor.

Æresdoktorgrader vert tildelt for betydeleg vitskapleg eller kunstnarisk innsats eller framifrå arbeid til gagn for vitskapen eller kunsten.

Festtalar ved årsfesten denne gong er dr. Fatih Birol, president i Det internasjonale energibyrået (IEA).

Lyses forskingspris, SR-banks innovasjonspris og Læringsmiljøprisen ved UiS vert òg delt ut på årsfesten.

I tillegg skal vi feira at 57 nye kandidatar har avlagt doktorgrad det siste året.

Det vert underhaldning ved studentar ved Fakultet for utøvande kunstfag og ved den lokale oud-spelaren Khaled Habeeb.

Arrangementet finn stad i Tjodhallen frå klokka 13.00 til 14.30. Det er ope for alle. Det heile vert avslutta med kaker, kaffe og mingling i foajeen i Kjølv Egelands hus.