Hopp til hovedinnhold

Åtte millionar til betre areal for studentar og forskarar

UiS har fått åtte millionar kroner frå Kunnskapsdepartementet til oppgradering av bygg. Pengane skal mellom anna gå til betre laboratorium, førelesingssalar og grupperom for studentar.

Publisert: Endret:

En student studerer ved et bord, mens en annen student studerer i en av tankene i Dataverkstedet
Dataverkstaden er svært populær blant studentar. No kan det bli enda fleire kreative soner på campus.

Løyvinga omfattar to millionar kroner til kvart av desse fire prosjekta på campus Ullandhaug:

  • oppgradering av forelesningssalar i Arne Rettedals hus og Kjølv Egelands hus
  • styrking av infrastrukturen for kognitiv lab (kognisjons-, åtferds- og nevroforsking) i Ellen og Axel Lunds hus
  • oppgradering av undervisnings- og grupperom i Hulda Garborgs hus
  • tilrettelegging for fleirbruk av areal, der kafé- eller kantinedrift blir kombinert med areal for studentaktiv læring, gruppearbeid, individuelle studiar, parverkstad og sosiale møteplassar i Hagbard Line-huset.

Les meir om tildelinga her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/10-universiteter-og-hoyskoler-far-penger-kroner-til-a-oppgradere-bygg/id2860440/