Hopp til hovedinnhold

Berekraft, etikk og samfunnsansvar

Universitetet i Stavanger skal bidra til å løyse dei store samfunnsutfordringane i vår tid og opptre på ein etisk, berekraftig og samfunnsansvarleg måte.

Publisert: Endret:
Grøn omstilling er eit viktig satsingsområde for UiS.

Universitetet i Stavanger skal vere eit ope og innovativt universitet med høg kvalitet i utdanning, forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid. Den felles retninga vår skal vere prega av ansvaret for berekraftig omstilling. Vi skal vere kjenneteikna av høg trivsel blant studentar og tilsette. Energi, helse og velferd, og læring for livet er satsingsområda våre. Les meir om Strategi 2030.



UiS skal opptre på ein etisk, berekraftig og samfunnsansvarleg måte, utøve god styring og leiing, og respektere menneskerettane. Vi skal legge til rette for at tilsette og studentar blir varetatt i eit arbeidsmiljø som er kjend for likeverd og mangfald, der alle vert behandla rettvist og med respekt og verdigheit. Med vår verksemd ønsker vi å skape varige verdiar i regionen gjennom eit godt samarbeid med omverda. UiS er medlem i Etisk handel Noreg og søker å bidra til ei sunn sosial og berekraftig utvikling i verda gjennom å gjere innkjøp som er i tråd med internasjonale anerkjente standardar for arbeidstakarrettar og menneskerettar. Verksemda ved UiS skal drivast i tråd med prinsippa i FNs Global Compact, og vi held difor oversyn over eige klimaavtrykk og jobbar aktivt med å minske utslepp av klimagassar frå eigne aktivitetar. UiS er sertifisert som Miljøfyrtårn, har ein eigen reisepolicy og rapporterer årleg klimarekneskapen sin til Kunnskapsdepartementet. Medlemskapet vårt i mobilitetsordninga HjemJobbHjem er med på å sikre at fleire tilsette syklar, går eller reiser kollektivt til og frå jobb.

Våre verdiar

Uavhengig, involverande og skapande. Verdiane våre er styrande for korleis vi møter studentar, tilsette og samfunnet og korleis vi kan etterleve visjonen og nå måla våre som universitet.

Uavhengig

Studentar og tilsette skal vere i kontinuerleg samspel med samfunnet, samtidig som vi driv uavhengig kritisk søken etter ny kunnskap. Som institusjon bygd på demokratiske og humanistiske verdiar vernar vi om akademisk fridom og forskingas uavhengigheit, og fremmer ideal som ytringsfridom, integritet og likeverd. Gjennom kritisk refleksjon og tydeleg kommunikasjon skal tilsette og studentar sette dagsorden for viktige saker og vere aktive deltakarar i fag- og samfunnsdebatten.

Involverande

Vi verdset openheit og skal involvere studentar og samfunnet i det akademiske fellesskapet. Vi deler kunnskapen og kompetansen vår. Gjennom involvering får avgjerder eit breiare kunnskapsgrunnlag. Respekt for kvarandre sine skilnadar og bakgrunn gir vilkår for sosial og fagleg deltaking. Universell utforming skal prege studia våre og det fysiske og digitale læringsmiljøet. Læringsmiljøet vårt ser på mangfald som ein ressurs.

Skapande

Vi vil flytte grenser for kunnskap og ferdigheiter. Kreativitet og skapande aktivitet skal kjenneteikne vår vitskaplege, kunstnariske og administrative verksemd. Vi skal fremje bruken av ny kunnskap og kloke avgjerder i samfunns- og arbeidsliv. Vi skal gje grobotn for livskvalitet, gode levevilkår og berekraftig utvikling. Studia skal vere danningsreiser som dyrkar fram ikkje berre kritisk tenking men òg reflekterte livsval for den enkelte.

Grøn omstilling

UiS legg vekt på å utvikle eiga verksemd i grønare retning gjennom systematisk miljøarbeid og å synleggjere eige miljørekneskap. UiS er sertifisert som Miljøfyrtårn og er ein HjemJobbHjem-arbeidsplass.

Gjennom Strategi 2030 forpliktar Universitetet i Stavanger seg til å jobbe for omstilling av samfunnet gjennom forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, utdanning og innovasjon. Vi skal bidra til å løyse dei store samfunnsutfordringane i vår tid og legge til rette for ei meir berekraftig samfunnsutvikling og nye måtar å forvalte ressursane på. UiS legg sjølvsagt også vekt på å utvikle eiga verksemd i grønare retning gjennom systematisk miljøarbeid.

Miljøstatistikk og klimarekneskap

Årleg rapporterer UiS inn miljøstatistikk til Kunnskapsdepartementet. Med utgangspunkt i Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) sine grøne indikatorar legg UiS vekt på at indikatorane både skal vere synlege for andre, men også førande for korleis UiS overvakar eigen klima- og miljøpåverknad over tid, innanfor åtte hovudkategoriar: energi, mobilitet, avfall, innkjøp og anskaffingar, mat og servering, vassforbruk, bygg og materialbruk og økologi. Statistikkar og rapportar for desse grøne kategoriane vert formidla fortløpande på uis.no.

Kontaktperson for miljøstatistikk og klimarekneskap: Elena Menichelli og Erlend Kristenssen

Miljøfyrtårn

UiS er sertifisert som Miljøfyrtårn og skal årleg rapportere inn miljøarbeidet ved institusjonen. Dette betyr at vi jobbar systematisk med å minske energiforbruket, avfallsmengda og CO2-avtrykket. Gjennom denne ordninga jobbar UiS målretta med å forbetre miljøprestasjonar innanfor områda arbeidsmiljø, avfallshandtering, energiforbruk, innkjøp og transport. Dette arbeidet skal bidra til å oppnå fleire av FNs berekraftsmål.

Kontaktperson ved UiS: Arnljot Corneliussen

HjemJobbHjem

UiS er ein HjemJobbHjem-arbeidsplass. Tilsette ved UiS kan blant anna ta i bruk HjemJobbHjem-billetten, som legg til rette for at fleire skal reise kollektivt til og frå jobb. Føremålet med avtalen er å redusere talet på dei som vel å køyre bil til jobb, få fleire til å sykle eller gå, og slik gje auka helsevinst for våre tilsette.

Kontaktperson ved UiS: Arnljot Corneliussen

Norsk klimastiftelse

Eit viktig oppdrag for oss som universitet er å formidle fagkunnskap og forskingsresultat til allmenta. UiS har i 2020 inngått ein samarbeidsavtale med Norsk klimastiftelse som inneber at UiS skal vektlegge kunnskapsformidling om kva truslar og moglegheiter klimaendringane kan føre til, og gjennom formidling gå breitt ut med forskingsbasert kunnskap om klimaendringar og energiomstilling.

Kontaktperson ved UiS: Karen Anne Okstad

Etisk handel

UiS er medlem av Etisk handel Noreg og har forplikta seg til å jobbe for å stille krav i leverandørkjeda slik at vi gjennom internasjonal handel bidreg til å fremje menneske- og arbeidstakarrettar, berekraftig utvikling og forsvarleg miljøhandtering.

UiS har ein handlingsplan for etisk handel og rapporterer årleg til Etisk handel Noreg om framdrifta i dette arbeidet. UiS har som mål at innkjøpa universitetet gjer, skal bidra til ei sunn sosial og berekraftig utvikling i landa der varene er produserte. Dette skal vi få til ved at innkjøpa vi gjer skal vere i tråd med internasjonale anerkjente standardar for arbeidstakarrettar og menneskerettar.

UiS stiller to viktige krav:

  • Etisk handel som kvalifikasjonskrav

Eit kvalifikasjonskrav er eit vilkår knytt til om leverandøren er eigna eller ikkje. Kvalifikasjonskravet må vere oppfylt for at leverandøren skal kunne delta i konkurransen, og kravet skal ligge til grunn for kva leverandør som skal vurderast for tildeling av kontrakten. 

  • Etisk handel som kontraktsvilkår

Dei etiske kontraktsvilkåra handlar om tilsette sine rettar slik dei går fram av ILOs kjernekonvensjonar i nasjonal lovgiving, oppfølging og konsekvensar ved brot på dei etiske krava. UiS har utarbeidd ein rutine for oppfølging av etiske krav i rammeavtalar. Når vi stiller etisk handel som kontraktsvilkår blir leverandørane informert i anbudsdokumenta og i oppstartsmøtet. Deretter sender UiS eit eigenrapporteringsskjema til leverandøren. Her skal leverandøren gje informasjon om korleis bedrifta jobbar for å etterleve dei etiske krava.

Kontaktperson for Etisk handel ved UiS: Espen Haavardsholm





Strategi for Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet 2021-2030

Strategi 2021-2030 for Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet er forankret i Universitetet i Stavanger sin Strategi 20...

Fakultetsstrategien for 2021 - 2030 er vedtatt

Strategi 2021 - 2030 for Fakultet for utøvende kunstfag ble vedtatt på fakultetets styremøte 9. mars.

Strategi 2030 for Universitetet i Stavanger

Vi skal vere eit ope og innovativt universitet med høg kvalitet i utdanning, forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid. D...

UiS er medlem i Etisk handel

UiS har ein handlingsplan for etisk handel og rapporterer årleg til Etisk handel Noreg om framdrifta i dette arbeidet.

ECIU University: utfordringsbasert utdanning og innovasjon

UiS er med i University, det første europeiske universitetet hvor studenter og forskere samarbeider med arbeidslive...

UiS med i fire Senter for forskningsdrevet innovasjon

UiS er partner i fire nye innovasjonssentre. Dermed blir det mer forskning og utvikling innenfor digital brønnkonstruksj...