Bli kjend med kunsten på UiS

Universitetet er utsmykka med ei rekke kunstverk både innandørs og ute – mange av dei er velkjende, andre går du kanskje rett forbi kvar dag utan å legga særleg merke til. Kunstsamlinga til UiS tel rundt 500 verk. I denne guiden kan du bli betre kjend med nokre av dei og kunstnarane bak.

Published Sist oppdatert

Bla i kunstverka og les meir om dei

agnes houg

Frigjøring (1972)

Foran hovudinngangen til Lærarskulen, i dag Hagbard Lines hus, rager ein abstrakt skulptur i været. Det er den eldste uteromsutsmykkinga på campus Ullandhaug.

Agnes Houg 5

Den første skulpturen som vart plassert ute på i universitetsområdet er stadig den som ragar høgast opp i lufta – men har du lagt merke til han? Dei abstrakte formene på den monumentale skulpturen inviterer deg til å bruke fantasien. Ein student sa at den ser ut som to kvite dragar i toppen av eit svart tårn. Bilethoggar Agnes Houg (f. 1927) har mellom anna henta inspirasjon frå norrøn mytologi.

Houg sitt verk er sentralt plassert foran hovudinngangen til Lærarskulen, i dag Hagbard Line-huset. Lærarskulen var det første bygget som vart reist i det planlagde universitetsområdet på Ullandhaug. Monumentet vart sett opp før opninga i 1972 og var ei gåve frå Kulturrådet. Det speglar og utfordrar noko av det som utspant seg i samfunnet på 1960-70-tallet.

Les heile teksten til Arnhild Sunnanå om verket.

Foto: Erik Sæter Jørgensen

Tilbake til oversikten

Agnes Houg 4
Agnes Houg 2
Marit lyckander

Komme over/Luftbro (1988)

Skulpturen i foajeen i Arne Rettedals hus har bare stått der sidan 2015. Då hadde verket i stein og glass stått i ekspedisjonsbygget til Stavanger lufthavn Sola sidan 1988.

Ein av Noregs mest produktive bilethoggarar er Marit Lyckander (f. 1954). I løpet av karrieren har Lyckander hamra ut offentlege utsmykkingar, og vi finn dei i fleire forskjellige norske og europeiske byar – frå Stavanger og Hamar til København og Taureana i Italia. 

Slik verket sto på Stavanger lufthavn Sola, ga den stramme forma assosiasjonar til venga på eit fly. Tittelen Luftbro ga òg umiddelbare konnotasjonar til flytrafikkens historiske og stadig pågåande rolle i frakt av naudforsyningar til folk under ein blokade, eller andre situasjoner der menneska er avskorne frå å skaffe seg mat, medisinar og anna dei treng for å overleva.


Les heile teksten til Anne Therese Tveita om verket.

Foto: Erik Sæter Jørgensen

Tilbake til oversikten

Marit Lyckander 3
Marit Lyckander 2
Marit Lyckander 1

Laila Kongevold

Jeg ser (1998)

Langs den sentrale aust-vest-gangvegen på campus Ullandhaug finn du fire store og særs iaugefallande installasjonar som har nettopp syn og auge til felles. Verket strekk seg frå flagghøgda oppe mellom SiS sportssenter og Kjølv Egelands hus, og heilt ned til Hagbard Line-huset.

Laila Kongevold 2

Verka, som går under fellesnamnet Jeg ser, inngår i Laila Kongevolds (f. 1970) rekke av punktskriftsarbeid som ho har kalla Braille works. Jeg ser består av fire stadsspesifikke installasjonar, plassert langs den sentrale aust-vest-gangvegen på Universitetet i Stavanger.

I Jeg ser-installasjonen på gangbrua i Hagbard Line-huset, er blindeskriftpunkta på storleik med tennisballar laga som konvekse linser av oransjefarga glas. I vannbassenget utanfor Arne Rettedals hus dukkar punkta opp av vannoverflata som badeballstore halvkuler av svart porselen. Vidare vestover gangstien fins ein speilvegg med eit filter av oransjefarga glas. Ut av veggen boblar dei fargeglødande glasspunkta, som handball-store halvkuler. Til sist har Kongevold plassert to rektangulære stålbenkar i kvart sitt hjørne på flagghøgda. Begge dei blankpolerte stålbenkane har ei blindeskriftlinje diskret utforma på storleik med klinkekuler.

Les heile teksten til Arnhild Sunnanå om verket.

Alle foto: Erik Sæter Jørgensen, unntatt benken med blindeskrift som er signert Markus Johansson/BITMAP

Tilbake til oversikten

Benk med blindeskrift
Laila Kongevold 4
Laila Kongevold 3
Laila Kongevold 5

terry nilssen-love

Nettverk (2006)

Du skal ikkje går mange meter innanfor hovudinngangen til Arne Rettedals hus før du legg merke til ein fleire meter høg betongvegg pepra med fargerike kuler. Det er nesten som om du har kome rett inn i ein omgang Mastermind.

Terry Nilssen-Love 1

Ned trappa til Kafé Optimisten ser du ein annan tilsvarande vegg med same massive dimensjon. Nettverk er tittelen på verket som pryder dei to betongveggane. Det er eit bestillingsverk av kunstnaren Terry Nilssen-Love (f. 1942).

Verket er montert på betong som korkje er polert eller malt, men rå og autentisk med sine ferdigstøypte element. Dei glatte, glinsande raude, gule, grøne, blå, kvite og svarte kulene nærast poppar ut av veggen i eit tilsynelatande tilfeldig system. Ser ein lenge nok på dei, oppstår det mønster og figurer mellom kulene.

Les heile teksten til Maiken Winum om verket

Foto: Erik Sæter Jørgensen

Tilbake til oversikten

Terry Nilssen-Love
Gunnar Torvund

Bølgja, steinen og rommet (1985)

Om du lar blikket vandre frå bøkene inne på Universitetsbiblioteket og ut av dei store glasvindauga mot sør, legg du merke til ei skulpturgruppe på plenen. Nokre av elementa er henta frå naturen, andre er tilverka av materiale frå naturen.

Gunnar Torvund 3

Skulpturverket er signert Gunnar Torvund (1948–2019) og bærer namnet Bølgja, steinen og rommet. Det er sett saman av tre element. Ein stor stein står oppreist på plenen. Den er grov og naturleg i strukturen og nokolunde rund og flat. Botnen av steinen ser ut til å vere gravd ned i bakken og elles blir den støtta opp av ei jernstong. Stonga er kraftig, men framstår elegant i møtet med steinen.

Like ved steinen står to søyler. Dei har baser av grov betong og søylekropper i glattpussa granitt som skjærer i rosa. Søylene har kroner av bronsestøpte armer som strekk seg oppover. Armane, som teller ni stykker per krone, er avkutta ved albogen og har hendene retta mot himmelen.

Les heile teksten til Maiken Winum om verket.

Tilbake til oversikten

Foto: Erik Sæter Jørgensen

Gunnar Torvund 6
Gunnar Torvund 5
Marianne HEske

Ras (1993)

Like ved ein av inngangane til Kjell Arholms hus får du auge på det første av tre verk av Marianne Heske som pryder vrimleområdet. Motivet er abstrakte former i blålege og raudlege nyansar som glir diagonalt over dei tre flatane.

I arbeidet med verka i Ras-serien har Marianne Heske brukt ein eigenutvikla teknikk der ho tar videoopptak av landskap som deretter vert digitalisert og trykt på eit underlag – gjerne sandblåst aluminium, slik som her. Kvart verk består av fleire plater som deler tittelen Ras. Sjølv om verka er ugjenkjennelige som landskap slik vi normalt observerer dei, er dei likevel fulle av assosiasjoner til natur.

Les heile teksten til Maiken Winum om verket.

Foto: Erik Sæter Jørgensen

Tilbake til oversikten

Marianne Heske
Marianne Heske 4
Marianne Heske 8
Marianne Heske 7

Per Ung

Omfavnelse (1979)

To nakne menneskekroppar i bronse, ein mann og ei kvinne som held rundt kvarandre med faste handgrep. Det intime møtet ønsker deg velkommen i foajeen på Universitetsbiblioteket på Ullandhaug.

Per Ung Omfavnelse 3

Nokre kunstverk triggar ein umiddelbar kroppsleg reaksjon berre du nærmar deg. Den 2,20 meter høge skulpturgruppa Omfavnelse like innanfor døra på Universitetsbiblioteket har denne evna.

Bilethoggar Per Ung (1933-2013) vidareutvikla omfavnelsesmotivet over fleire år før han landa på versjonen som står på Universitetsbiblioteket i dag. Samanlikna med tidlegare versjonar er både komposisjon, kroppsstilling,
gestar og overflatemodellering endra. Høgrearmen er senka frå å kvile
oppå aksla til mannen, til aktivt å gripa rundt låret hans. Endringa gjer at kvinna sitt
ansikt ikkje lenger er skjult. Ansiktsmimikken er avdekka, og dei opne augene hennar vitnar
om eit klart medvit og nærvær.

Les heile teksten til Arnhild Sunnanå om verket.

Foto: Erik Sæter Jørgensen

Tilbake til oversikten

Per Ung Omfavnelse 2
Per Ung Omfavnelse 1
Per Ung Omfavnelse 4
Per Ung Omfavnelse 5
Michael o'donnell

Utan tittel (1995)

Ute på sørsida av Kjell Arholms hus ligg det to enorme halvkuler i metall som nærast veks opp frå og sprenger seg gjennom bakken under oss. Dei runde formene utgjer ein sterk kontrast til dei tunge, rektangulære formene som bygningsmassen omkring dei består av.

Den britiske kunstnaren Michael O’Donnell sitt verk Utan tittel frå 1995 består av skiver av blankt, rustfritt stål som er sveisa saman. Stålet og dei synlege sveisesaumane som kan gi assosiasjoner til ein flykropp mot den gylne teglsteinen, det kalde materialet og det industrielle preget utgjer endå ein kontrast mot den umiddelbare opplevinga av organiske former. Det blanke stålet fangar og reflekterer lyset og fargane i naturen rundt seg – blå himmel, sollys, vegetasjon, menneske – og tilfører ein ytterlegare dimensjon til verket.

Les heile teksten til Anne Therese Tveita om verket.

Foto: Erik Sæter Jørgensen

Tilbake til oversikten

Michael O'Donnell 6
Michael O'Donnell 1
Michael O'Donnell 5

Else Marie Bjørnstad Lauvanger

Gloria (1978)

Ho har ikkje tolt tida særleg godt der ho heng på kontoret til konservatoren, men etter ei komande overhaling kjem ho vonleg opp på veggen ein stad på Universitetet i Stavanger.

Trass den slitte framtoninga utstråler Gloria det kunstnar Else Marie Bjørnstad Lauvanger (f. 1938) har forsøkt å formidle tilbake i 1970-åra: behovet for å tre ned frå pidestallen, frå å vere Madonna, frå å bere heilagdomen, og til å få lov å «berre» vere menneske.

Gloria er sett saman av stoff og garn. Ein glorie er plassert i venstre hand. Langt oransjeblondt hår flyt frå hovudet ned over delar av overkroppen, beina er slengt opp bak henne – ho er midt i eit stup ut av bakstykket i tøy ho er montert på. Svarte glittervinger er bretta ut til sida, ein blondebluse har glidd ned og eksponerer Glorias brystvorter. Eit smykke heng mellom brysta, ei slags sol. Det er henvisningar til kristen ikonografi, men aller viktigast, og tydelegast, er fridomen Gloria så sårt etterspør og flyktar mot.

Les heile teksten til Kristina Ketola Bore om verket.

Foto: Markus Johansson/BITMAP

Tilbake til oversikten

anna sigmond gudmundsdottir

MAZE (2014–15)

Dei store karta som prydar fasadane på Arne Rettedals hus, Hagbard Line-huset og Kjølv Egelands hus er laga med silikatmåling – ei uorganisk måling som eignar seg godt til pussfasader, ettersom ho reagerar kjemisk med betongen og difor er svært haldbar. Det høver godt i ein region som er utsett for skiftande ver og vind.

Foto: Erik Sæter Jørgensen

Tilbake til oversikten

Kristian Marius Kvakland

Nature Morte (1975)

Det er nok dei færraste som har sin gange på UiS som får auge på denne skulpturen i malt bronse og tre, der han står litt vekkgøymd i ein svalgang på Kjølv Egelands hus.

Kristian Kvakland 4

Ein 295 cm høg form som gir fallos-assosiasjonar. Ein massiv og stolt, men hol trestamme – barka, pussa og blankpolert. Kristian Kvaklands (1927–2011) skulptur Nature Morte er unektelig iaugefallande.

Det ein gong høgreiste treet er kutta ved rota og vert halde oppe ved hjelp av ei enorm skrustikke i svartmalt bronse. Digre boltar og mutrar held stammen saman i eit voldsomt jerngrep. Den svartlakkerte konstruksjonen med tjukke, signalgule striper gir assosiasjonar til påbod og advarslar, som eit varselskilt i trafikken.

Kvakland sitt verk kan i eit globalt perspektiv tolkast som eit varsel om ein føreståande økologisk katastrofe, men òg som eit bilete på individets (som regel) håplause kamp for å frigjere seg frå etablerte maktstrukturar.

Les heile teksten til Anne Therese Tveita om verket.

Foto: Erik Sæter Jørgensen

Tilbake til oversikten

Kristian Kvakland 1
Ola Enstad

Pedagogisk skulptur (1988)

Fordelt mellom inne og ute på Kjølv Egelands hus står Ola Enstad sitt skulpturverk av jern og steinheller som eit monument over skapinga av mennesket. Verket er inspirert av skapingsforteljngar i mellom anna norrøn mytologi.

Ola Enstad 5

Dei ulike elementa i Pedagogisk skulptur av Ola Enstad (1942–2013) er alle støpeformer til delar av menneskeforma – eller meir presist til mannskroppen. Samla gir elementa inntrykk av å vere skorne ut frå samme blokk.

Sjølve verket er bygd opp av ni skulpturelement fordelt på det som framstår som eit sjakkbrett i stein. Kvart av dei skulpturelle elementa er plassert i diagonale, vertikale og horisontale linjer ovanfor kvarandre. Bygget speler også ein rolle, der det deler opp verket ved at ein glasvegg skjærer gjennom det.

Les heile teksten til Kristina Ketola Bore om verket.

Foto: Erik Sæter Jørgensen

Tilbake til oversikten

Ola Enstad 4
Ola Enstad 1
Hugo Wathne

Nytt håp (1979)

Stavanger-kunstnaren Hugo Wathne (1932–2017) tok gjerne opp samfunnsproblem i verka sine, ofte med passande titlar som «Saneringssatan» og «Trafikkdøden». Frå midten av 1970-talet vart skulpturane hans mindre provoserande og meir optimistiske i uttrykket. Skulpturen med egget som ligg godt beskytta mellom strå av metall i ein av korridorane i Kjølv Egelands hus, er eit døme på denne nye fasen.

Foto: Erik Sæter Jørgensen

Tilbake til oversikten

Hugo Wathne 04
Hugo Wathne 02
Nina sundbye

Tyrihans med gullgåsa (1977)

Ein hengslete jypling står og kneisar freidig med nakken ved inngangen til Universitetsbiblioteket. Gåsa i gull som heng hjelpelaust under armen hans røper at det er sjølvaste Tyrihans som står der på sin låge sokkel.

Nina Sundbye 4

Bilethoggar Nina Sundbye (f. 1944) henter ofte motiva sine frå litteratur og teater. Tyrihans har ho henta frå Asbjørnsen og Moe sine samla norske folkeeventyr – nærare bestemt Tyrihans som fikk kongsdatteren til å le. Han er ein figur som let seg leia av magekjensla. Det får han til å byta til seg ein fisk mot ei magisk gullgås, med det resultat at han får eit følge av rasande, hylande og ydmyka menn og kvinner etter seg som ikkje har klart det samme som han sjølv: å takka nei når nokon seier «vil du vera med så heng på!».

Les heile teksten til Anne Therese Tveita om verket.

Foto: Erik Sæter Jørgensen

Tilbake til oversikten

Nina Sundbye 2
Nina Sundbye 3
Barbro Raen Thommassen

Meldestokk (2012)

I bakgården på Arkeologisk museum finn du eit gigantisk frø med blomsterdekkblad. Går du heilt inntil det vil du oppdaga at det rekk deg heilt til låret.

Kunstnaren bak verket Meldestokk, Barbro Raen Thomassen, har ein imponerande produksjon bak seg, og frø-objekt laga i stein er ein sentral av kunstnerverksemda hennar, saman med eit overordna fokus på natur og plantar.

Objektet ved Arkeologisk museum er ganske rundt, og uthevingar indikerer dekkblada som skjuler eit frø. Elles er overflata nøytral. Den gråtona, lett spraglete paletten i Iddefjordsgranitt er tiltalande og lett ru. Formen har mjuke linjer og skapar fin kontrast til det vi instinktivt veit er hard stein.

Les heile teksten til Marie Skretting om verket

Foto: Markus Johansson/BITMAP

Tilbake til oversikten

meldestokk_thommassen 4
meldestokk_thommassen 2

Fritz Røed

Trulte, Eskimojente (ca. 1970)

På ein trehjulssykkel i ei trapp opp til administrasjonen i Hagbard Lines hus sit Trulte. Den halvmeterhøge skulpturen er eit uttrykk for ei tid vi gjerne vil ha lagt bak oss.

Trulte er støypt i eit appropriert uttrykk av urfolk frå Grønland. Ho er den koloniserte kroppen, der ho står kledd i vestlege 1970-tallsklær, plassert på ein trehjulssykkel. Ei stripete hårsløyfe er plassert på vannkjemma hår. Ho er støypt fast på pilaren sin, integrert i trappegangen. I formen og blikket til Trulte ligg ei skjørheit, ei uhygge, kjensla av nokon er støypt fast inne i skulpturen.

«Ubehaget som vert skapt i møte med visuelle former som Trulte er reelt, og handlar mellom anna om skammen over arva vi har i samfunnet vårt, samt ei motvilje mot å ta eit oppgjør med etablerte tankemønstre. Arbeidet med antirasisme og antidiskriminering er tungt arbeid ikkje alle vil ta på seg. Men for institusjonar er dette ei oppgåve dei ikkje kan unngå å gå i møte», skriv Kristina Ketola Bore i si omtale av Fritz Røed (1928–2002) sitt verk.

Les heile teksten til Kristina Ketola Bore om verket.

Foto: Markus Johansson/BITMAP

Tilbake til oversikten

Røed 4
Røed 1
Røed 2
Hans Normann Dahl

Danish Coffee (1976)

Det første verket innkjøpt til UiS si kunstsamling heng på ein murvegg i Kjølv Egelands hus. Det viser ei dame og ein mann som sit i ein hage om sommaren. Til saman utgjer dei ein karikatur på dansken.

hans n dahl 1

Måleriet er signert Hans Normann Dahl (1937-2019), kunstnar og illustratør samt anti EEC-aktivist. Det viser ei lettkledd kvinne med ein sigarett i handa og ei open bok. I stolen ved sida sit ein kompakt eldre mann. Han er samankrøka bak eit bord, der en liten kaffikopp står og balanserer på kanten. På bakken ligg det som er ei avis han kanskje har lese, han er rødmussa i kinna med eit lettare forstoppa uttrykk. Så kva gjer det her, som første verk inn i kunstsamlinga til UiS?

Les heile teksten til Kristina Ketola Bore om verket.

Foto: Markus Johansson/BITMAP

Tilbake til oversikten

hans n dahl 3
Line Bøhmer Løkken

Under tiden (2018)

Hulda Garborgs hus fekk i 2019 eit etterlengta tilbygg. Like ved inngangen heng ein serie på ni fotografi som er utvikla spesielt for dette bygget. Samfunnsdebattanten Hulda Garborg (1862–1934) var ein allsidig kulturperson, forfattar og omsettar, og kunstnaren har latt seg inspirere av Garborg si interesse for språk.

Løkken 5

Verket Under tiden (2018) av Line Bøhmer Løkken (f. 1970) består av ni delar, der åtte heng fordelt på to motståande veggar i første etasje. Verka flankerer ei trapp som leiar opp til andre etasje, der vi finn det niande verket. Dei åtte verka vender seg berre delvis mot kvarandre, ettersom dialogen mellom dei vert brutt av trappa, og det niande heng for seg sjølv.

Bøhmer Løkken arbeider primært med fotografi og undersøker ofte korleis menneske rettar seg mot ulike stadar, og problematiserer kva som blir tatt vare på og kva som blir kasta når historier skal forteljast.

Les heile teksten til Maiken Winum om verket.

Foto: Markus Johansson/BITMAP

Tilbake til oversikten

Løkken 4
Løkken 2
Margrethe aanestad

A Poem for the Elements (2016)

TIttelen på måleri-serien i eit av møteromma i Kjølv Egelands hus passar godt til Det teknisk-naturvitskaplege fakultet, som held til i bygget. Kunstnaren har latt seg inspirere av grunnformer som triangelet, sirkelen og kvadratet, noko som understreker at avstanden mellom abstrakt kunst og teknat-studier ikkje nødvendigvis er så stor.

aanestad 2

I skissa til utsmykninga skildrar den Stavanger- og New York-baserte kunstnaren Margrethe Aanestad (f. 1974) at ho har eit klart mål med arbeidet sitt: å utforske dynamikken og krafta i kontrastane mellom det eteriske lette og det tyngre bestandige.

At serien med måleri har tittelen A Poem for the Elements er òg passande, ettersom element betyr grunnstoff og angir det stoffet, eller dei stoffa, som vitskapen har vist oss at ting er sett saman av. Ein teknat-student som ikkje kan sine grunnstoff vil streva med å koma seg heilskinna gjennom studia.

Les heile teksten til Anne Therese Tveita om verket.

Foto: Markus Johansson/BITMAP

Tilbake til oversikten

aanestad 1
aanestad 3
Kjell Pahr Iversen

Utan tittel

Kjell Pahr Iversen sitt fargerike måleri lyser opp ein elles nøytral betongvegg i andre etasje i foajeen i Arne Rettedals hus. Verket er heilt i tråd med det den kjende Stavanger-kunstnaren sjølv uttalar om sitt eige formspråk: «Jeg søker et billeduttrykk av jubelens kategori, hvor former og farger, oversette og forbigåtte, som i et Händels sluttkor, reiser seg og synger.»

Foto: Markus Johansson/BITMAP

Tilbake til oversikten

pahr iversen 3
pahr iversen 4
Mari Røysamb

Kiste, Luke, Trapp, Kutt i skifer, Kutt i gress (1993–94)

Det femdelte verket som er plassert inne og ute ved Arkeologisk museum kunne knapt vore meir passande til ein institusjon som forskar på og formidler kulturhistorie og arkeologi: Verka er betraktningar over relasjonen vår til omgjevnadane, dei er bevaring av kunnskap og minner, dei dykker ned i fortida og rettar ei peikande hand mot framtida.

Røysamb 4

Kunst i offentlig rom må forventa å bli brukt: gått på, klatra på og anna engasjement frå publikum og omgjevnadane. Men Mari Røysamb (f. 1964) kunne umogleg ha sett for seg alle prosessane kunstverka hennar skulle gjennom då ho lagde dei. Omtrent samtlege verk måtte tilpassast etter at dei vart installerte, for det viste seg at fleire museumsgjester fekk eit dramatisk møte med eit kunstverk dei elles ikkje hadde ensa.

Av hensyn til helse og sikkerheit, og i samråd med kunstnaren, vart til dømes verket Trapp endra; ein marmorstein som avslutta verket inn mot Arkeologisk museums fasade måtte fjernast fordi den vart rekna som snublefare. Kutt i gress blei fylt igjen og er dermed visuelt og fysisk ikkje lenger tilgjengeleg for publikum. Men, det finst framleis nede i bakken.

Les heile teksten til Marie Skretting om verket.

Foto: Markus Johansson/BITMAP

Tilbake til oversikten

Røysamb 6
Røysamb 9
Turid ottesen

Kommunikasjon (1991)

Kunstverket i indigo, kvit, rosa og gul silke som heng loddrett frå eit to meter langt rundtømmer i ein trappeoppgang i Hagbard Line-huset har påmalte runer og bokstavar frå det latinske alfabetet. Dette gjenspeglar korleis språket vårt – kommunikasjonen – endra seg under kristninga av Noreg.

Stavangerkunstnaren Turid Ottesen har gjennom ei lang karriere via seg til særleg tekstiltrykk. Arbeida hennar er kjøpt inn til utallige offentlege bygg og institusjonar, og verket Kommunikasjon har pryda universitetsområdet siden 1992, då det ennå var lærarhøgskule.

Les heile teksten til Anne Therese Tveita om verket.

Foto: Markus Johansson/BITMAP

Tilbake til oversikten

ottesen 1

Siv Bugge Vatne

Å flytte et punktum (2016)

To ansatsar i mur strekk seg langs plenen foran Elise Ottesen Jensens hus. På desse ansatsane i mur kviler to store rullesteinar. Som tittelen indikerer fungerer rullesteinane som punktum. Å setja punktum kan vera både lett og vanskeleg. Kor set ein punktum og kven avgjer kor det skal stå?

Sidan verket Å flytte et punktum er plassert framfor Elise Ottesen-Jensens hus ber det om å bli samlest opp mot hennar liv og virke. Ottesen-Jensen var ein folkeopplysar og aktivist. Ho jobba for spreiing av informasjon om seksualitet og kvinners helse, for prevensjonsrettleiing, familieplanlegging og moglegheit for regulering av talet på barnefødslar. Ho stifta Riksförbundet för sexuell opplysning (RFSU) i 1932 og leia organisasjonen i over 25 år.

Ottesen-Jensen har sjølv skrive at lova som forbaud opplysning om og offentleg sal av prevensjonsmiddel var som ein anstøytsstein. Å ta anstøyt av noko tyder å irritera seg eller kjenna seg krenkt over noko, å kjenna harme og irritasjon. Med det Ottesen-Jensen oppnådde innan opplysning og konkret betring av livsvilkår for ein rekkje personar kan vi i ettertida konstatera at ho ikkje lot seg hindra av denne anstøytssteinen. Ho flytta den. Ho braut lova for å gi kunnskap om prevensjonsmiddel.

Les heile teksten til Merete Jonvik om verket, publisert på Contemporary Art, Stavanger

Les også KORO si skildring av Å flytte et punktum.

Foto: Markus Johansson/BITMAP

Tilbake til oversikten

Irma Kukkasjärvi

Sampo (1979)

På Campus Bjergsted, Universitet i Stavangers Fakultet for utøvande kunstfag, heng ein liten, men spektakulær vevnad signert ein av Nordens fremste og mest aktive tekstilkunstnara, finske Irma Anneli Kukkasjärvi (1941-2011).

Vevd kunstverk, mørkt, henger på lys vegg

Som ettertrakta og berømt tekstilkunstnar fekk Irma Kukkasjärvi fleire store og prestisjetunge oppdrag. I Bjergsted heng det eit mindre verk signert henne: Sampo.

Verket består av ein kvadratisk, relieffaktig vevnad, montert på treplate. Med variasjonar av djupe, mørke blåtonar og med gylne innslag har Kukkasjärvi skapt ei nært sagt tredimensjonal verd som suger blikket innover og djupt ned i sjupet.

Tittelen på verket er henta frå i Finlands nasjonalepos Kalevala (Lönnrot, 1849), der det mellom anna handlar om den magiske kverna Sampo, som oppfyller alle ønsker eigaren måtte ha. Det finst fleire og ulike fortellingar om kva Sampo symboliserer. Mange kunstnarar har henta inspirasjon frå Kalevala. Den mest kjende er kanskje Jean Sibelius med sin Lemminkäinen Suite, Op. 22 (1895), men også målarar og billethoggara har henta motiv frå denne nasjonalfortellinga.

Les heile teksten til Anne Therese Tveita om verket.

Foto: Markus Johansson/BITMAP

Tilbake til oversikten

Tarje Eikanger Gullaksen

Benk (2019)

Tarje Eikanger Gullaksens verk som står montert utanfor besøkssenteret til Jernaldergarden på Ullandhaug er både benk og skulptur. Den er nemleg ein nær 4,7 meter lang avstøyping av ein benk som står i Kolkata i India.

Benk utendørs foran Jernaldergården

I Kolkata står det som ein gong var eit praktfullt døme på koloniarkitektur i India. Villaen har fått namn etter Robert Clive, generalmajor i det britiske imperiet, som budde her i fem år. Robert Clive er best kjent som sjølve grunnleggaren av det britiske imperiet i India.

Etter at britane trekte seg ut av India i 1947 vaks det rundt Clive House fram eit bustadområde som vert kalla Clive House Colony, der mange flyktningar og fattige immigrantar held til. Immigrantane flykta frå område der delinga av India etter kolonitida førte med seg store og valdelege konfliktar mellom hinduar og muslimar.

Ein av dei originale bærebjelkene i det etter kvart forfalne huset er nå tatt ut og plasser på bein av keramikk. Snart 55 år etter at britane forlot landet fungerer denne konstruksjonen som ein sosial møteplass det nye nabolaget. Det er denne benken Tarje Eikanger Gullaksens skulptur Benk er ein avstøyping av. Materialet vert kalla indisk bronse og består mellom annat av skrapmetall.

Les heile teksten til Anne Therese Tveita om verket.

Les også om verket på KORO sine nettsider.

Foto: Markus Johansson/BITMAP

Tilbake til oversikten

Benk utendørs foran Jernaldergården
Benk utendørs foran Jernaldergården
Ian HOward

Speculum (ca. 1990)

Den skotskfødde kunstnaren Ian Howard hentar inspirasjon frå middelalderens og renessansens symbolikk, emblem og ikonografi. Det viser mellom anna igjen i verket som heng i på Fakultet for utøvande kunstfag i Bjergsted.

Ian Howard (f. 1952) vert rekna som ein av dei mest intellektuelle kunstnarane i Skottland. Han har mellom anna vore kunstprofessor ved universitetet i Edinburgh, men bur og arbeider i dag i Sør-Frankrike. Dette verket vart kjøpt inn av Stavanger kommune i 1991, då kunstnaren hadde separatutstilling ved Rogaland kunstsenter på Nytorget. Det vart nytta som utsmykking av det dåverande Stavanger konserthus i Bjergstedparken, som i dag husar mellom anna Fakultet for utøvande kunstfag.

Foto: Markus Johansson/BITMAP

Tilbake til oversikten

Svart-hvitt kunstverk som henger på murvegg
Bli med på ein runde blant kunstverka