Hopp til hovedinnhold

Bli med og feire den "den ukjende fredsprisvinnaren" frå Stavanger

Den fyrste nordmannen som fekk Nobels fredspris for 100 år sida, Christian Lous Lange, kom frå Stavanger. Han skal feirast med eit festseminar, kor universitetslektor Ragnhild Sofie Selstø skal snakka om pressefridom.

Publisert: Endret:

Christian Lous Lange, fredsprisvinnaren frå Stavanger.

– Lange var med på internasjonale fredsstudium og jobba for fred etter 1. verdskrig. Det er kjempeviktig med tanke på pressefridom. Dei største utfordringane me har i dag, er klimaet og pandemiar, og begge dei to tinga går ikkje an å løysa med mindre verdssamfunnet går saman, og ein del av det er å ha ei fri, kritisk presse som kan væra vaktbikkje på at løfte blir heldt, seier Ragnhild Sofie Selstø, universitetslektor i journalistikk.

Onsdag 8. desember deltek ho på Sølvbergets festseminar om Christian Lous Lange. Der står blant anna ein panelsamtale om korleis det eigentleg står til med pressefridom og ytringsfridom i media, mellom Selstø, Stavanger Aftenblad-redaktør Lars Helle og journalist Ingeborg Senneset, på programmet. Ordstyrar er Helge Lunde, leder for ICORN.

Ragnhild Sofie Selstø, universitetslektor i journalistikk, skal snakka om pressefridom på festseminaret for Christian Lous Lange. Foto: privat.

– Frå debatten håpar eg folk tek med seg at me ikkje kan ta pressefridom og journalistikk for gitt, og at journalistikken er viktig for å ha ei stabil verd. Journalistikken er sårbar, spesielt i desse tider, med det som skjer blant anna i Qatar, Russland og Kina, seier Selstø.

I tillegg til paneldebatten kan du få med deg dette på festseminaret:

• Frå ‘Jernringen rundt Bredevannet’ til Bryssel og Genève: Fredsprisvinnar Christian Lous Lange og den mangfaldige ‘fredssaka’. Foredrag ved Øyvind Tønnesson, førsteamanuensis i internasjonal historie ved Universitetet i Agder.

• Atomvåpensaka, fredsaktivisme og farane ved å byggja samfunn på trusler heller enn forståing. Foredrag ved Tuva Krogh Widskjold, koordinator ved Den internasjonale kampanjen for å avskaffe atomvåpen (ICAN).

• Opplesing ved tidlegare fribyforfattar Selma M.Yonus.

Her finn du arrangementet på Facebook.

AVLYST: Få dei ulike prisane forklart av ein forskar

Ynsker du å læra meir om nobelprisane og få ei større forståing for kva prestasjonar som ligg bak dei ulike prisane, kan du få med deg UiS’ eiga nobelpris-arrangement 9. desember. Der vil forskarar som er knytt til Stavanger universitetssjukehus (SUS) og UiS, presentere årets prisvinnarar, forklare bakgrunnen for prisane og kva vitskaplege oppdagingar og bidrag som vert feira.

– Det er ein fin måte å få meir kunnskap om og vurdering av dei ulike prisane, ut ifrå ei forskarståstad, seier førsteamanuensis og dekan ved Det samfunnsvitskaplege fakultet Turid Borgen, som skal snakka om fredsprisen.

Her kan du lese meir om arrangementet. Her finn du arrangementet på Facebook (AVLYST).