Hopp til hovedinnhold

Dei 16 første jordmødrene er «fødde» ved UiS!

Første kull med jordmorstudentar er i år ferdigutdanna ved Universitetet i Stavanger. Dei 16 nye jordmødrene vil styrka fødselstilbodet ved Stavanger universitetssjukehus.

Publisert: Endret:
Anne Grethe Espedal er stolt og nybakt jordmor (Foto/video NRK Rogaland). Sjå nyhetsreportasje frå NRK Rogaland her.

Etterspørselen etter jordmødrer aukar nasjonalt og lokalt - både på sjukehus og i kommunane. Grunna utfordringar med rekruttering i Stavanger var både sjukehus og politikarar aktive pådrivarar for å starta utdanning i jordmorfag ved UiS.

Ved første opptak i 2019 var det heile 221 søkarar til studieplassane, og no er dei første studentane straks ferdig utdanna jordmødrer.

Stolte studentar

– Det er så stas å snart kunna kalla seg jordmor at eg kan nesten ikkje beskriva det. Eg har hatt lyst til dette så lenge, sa ein av studentane til NRK Rogaland når dei besøkte nokre av studentane som er i praksis på Fødeavdelinga ved Stavanger universitetssjukehus (SUS).

Dei første 16 studentane i jordmorfag ved UiS har levert si masteroppgåve, og dei har denne veka sine siste vakter som studentar i praksis.

– Når eg no har siste dag som student er det ei veldig spesiell kjensle og ei enorm glede. Eg er skikkeleg stolt over å ha fått det til, la ho til.

Møt nokre av dei nyutdanna jordmødrene (NRK Rogaland)

Ei etterlengta utdanning i regionen

Kvinneklinikken ved SUS har om lag 4 500 fødslar årleg, og er Noregs tredje største føde- og barseleining. Dei har over tid strevd med å få tak i nok jordmødrer, og hatt mange ledige stillingar.

–   Vi har tidlegare hatt jordmorstudentar i praksis frå Bergen og Oslo, men dei fleste av dei har ikkje blitt verande i regionen etter fullført grad, fortel Synnøve E. Folkvord, jordmor og universitetslektor ved UiS.

Ho er derfor glad for at dei 16 nyutdanna jordmødrene no har fått fast jobb som jordmor ved Kvinneklinikken. Det vil dekke over halvparten av dei ledige stillingane ved sjukehuset.

– Det er fantastisk at alle studentane har klart å fullføre på normert tid til trass for utfordringar i en pandemi. Jordmødrer på Kvinneklinikken og i Svangerskapsomsorgen i kommunane har stilt opp for studentane slik dei har fått fullført praksis som utgjer 50% av studiet, seier ho.

Styrkar helsetenestene

Kvalifiserte og dyktige jordmødrer er avgjerande for å sikra ein god start for kvinner og barn og deira familiar, både nasjonalt og på verdsbasis.

Fungerande dekan og prodekan for utdanning ved Det helsevitskaplege fakultet, Bjørg F. Oftedal, er svært stolt over dei første jordmorstudentane frå UiS som nå går rett ut i arbeid:

– I tett samarbeid med SUS og kommunane, etablerte UiS masterutdanninga i jordmorfag i rekordfart. Det har vore krevjande, men svært dyktige studentar og tilsette ved UiS og i helsetenestene har gjort dette mogleg! seier ho.

Tekst: Cathrine Sneberg