Ikkje vaksinert mot korona? Tirsdag 2. november blir det igjen tilbod om drop-in-vaksine på campus.

Frå klokka 09:00 til 14:30 tirsdag 2. november får UiS igjen besøk av vaksinebussen til Stavanger kommune. Du finn bussen på plassen framfor Arne Rettedals hus.
Vaksinebussen var òg på campus 4. og 5. oktober. Då vart det sett heile 138 vaksinedosar. Både UiS og Stavanger kommune var veldig godt nøgd med resultatet.
– Vi er no særleg opptekne av gruppa frå 18 til 40 år, sidan det i denne gruppa er færrast vaksinerte. På UiS nådde vi mange i denne aldersgruppa, sa smittevernoverlege i Stavanger, Ruth Midtgarden, etter besøket.
Med aukande smittetall håper ein no å gjenta suksessen.
Stavanger kommune har no berre drop-in-vaksine frå vaksinebussen. Ellers kan du bestille vaksine på vaksinesenteret i Torgveien 15 C i Hillevåg. Her kan du sjå ruta til vaksinebussen.