Hopp til hovedinnhold

Er du klar for fleire forskingsdagar?

Bruk finvêret i helga til å besøke Forskingstorget i Stavanger sentrum laurdag og Matløypa på Ullandhaug sundag. Gå heller ikkje glipp av forsking forklart på eit kvarter på KåKå på onsdag og torsdag.

Publisert: Endret:

Collage av nokre av deltakarane på Forskingsdagane i Stavanger-regionen 2021

Forskingsdagane i Stavanger-regionen opna onsdag 22. september på Arkeologisk museum med eit arrangement om kulturminne i konflikt. I veka som kjem byr vi på enda fleire arrangement for vitelystne i alle aldrar. Vi formidlar forsking innan fleire faggreiner og finst på fleire scener.

Alle arrangementer er gratis. Sjå heile programmet på uis.no/forskningsdagene og finn info om påmelding på same side.

Debatt om det nye gymfaget

I den nye læreplanen for kroppsøvingsfaget som no vert rulla ut i norske skular, vert det lagt meir vekt på teori, leik og bevegelse enn tidlegare. Samstundes er den mindre orientert mot idrettsretta fag. Kva slags fag har dette blitt no, og kva har omlegginga å seie for folkehelsa og rekrutteringa til idretten?

Dette er blant spørsmåla som vert tatt opp under Forskingsdagane tysdag 28. september på Steffens-salongen på Tappetårnet i Studentenes hus på Ullandhaug. Då kjem Åge Vigane frå kroppsøvingsseksjonen ved UiS saman med Stein Ørn, professor ved UiS, lege og sykkeltrenar og Camilla Herrem, toppidrettsutøvar og handballærar ved Sola vidaregåande skule for å snakka om toppidretten og folkehelsa sine kår i lys av den nye læreplanen i kroppsøving.

Forskar-stand up på Kåkå

Hausten sitt absolutte must er forskar-standup på KåKå. Denne mangeårige tradisjonen gjer det mogleg for folk og fe i Rogaland å få eit kjapt djupdykk i forskingsverda. På eit kvarter skal forskarane fortelje kva dei forskar på, slik at du som publikum får ei større forståing av forskinga. Velkommen til ein kveld fri for Powerpoint-presentasjonar og stammespråk.

Forskar-standup skjer to kveldar på rad, Forskar-standup på onsdag 29. og Forskar-standup torsdag 30. september frå klokka 19.

Forskingstorg og matløype for heile familien

Laurdag 25. september er det ein ekstra god grunn til å dra til byen for då er det Forskingstorg. Mellom 11 og 15 kan du og din familie møte forskarar som har krype ut av kontora sine og stilt seg opp på Domkirkeplassen for å vise deg kva dei held på med.

Dagen etter – denne siste søndagen i september – er det Matløype. Då inviterer vi store og små til å oppleve matmangfoldet på Ullandhaug. Lær om spanande vekstar og om økologisk dyrking, test smaks- og luktesansen, kjøp lokal mat og nyt utsikta.

Tekst: Karen Anne Okstad