Hopp til hovedinnhold

Er du klar for Forskingsdagane?

Betyr litteratur noko for miljøkampen? Kvifor er kulturminne så viktig for identiteten vår? Dette og mykje meir kan du få svar på under årets forskingsdagar. Gå heller ikkje glipp av forsking forklart på eit kvarter på KåKå.

Publisert: Endret:

Collage av nokre av deltakarane på Forskingsdagane i Stavanger-regionen 2021

Forskingsdagane i Stavanger-regionen opnar onsdag 22. september på Arkeologisk museum med eit arrangement om kulturminne i konflikt. Dei neste ti dagane byr vi på eit variert program for vitelystne i alle aldrar. Vi formidlar forsking innan fleire faggreiner og finst på fleire scener.

Fred og konflikt er tema for årets festival.

Alle arrangementer er gratis. Les om fleire arrangement, sjå heile programmet på uis.no/forskningsdagene og finn info om påmelding på same side.

Kulturminne i konflikt

Kulturminne er ein essensiell del av identiteten og historia til menneska. Dei fortel kven vi er og ber i seg forteljingar om korleis vi har kome dit vi er i dag. Angrep på kulturminne er difor eit angrep på identiteten, verdigheita og framtida til menneskeheita.

Det er mange eksempel på at krig og konflikt rammar musea, historiske monument eller arkeologiske funnstader. Kjende slike øydeleggingar er då dei allierte styrkane slapp bombar over Dresden i februar 1945 og øydela Tysklands vakre, barokke kulturhovudstad. Av nyare dato veit vi at Taliban-regimet i 2001 sprengde to statuar på 51 og 36 meter som stod på UNESCOs verdsarvliste.

På opninga av Forskingdagane i Stavanger onsdag 22. september ser vi nærare på betydninga av kulturminna og øydelegginga av dei. Vi får også eit innblikk i det unike misjonsarkivet på VID og om misjoneringa sin påverknad på kulturminne i lokalsamfunna. Eit anna spørsmål er: Kva minne vil stå igjen etter oss om 200 år? Tema kulturminne i konflikt blir belyst av generalsekretæren i Flyktninghjelpen Jan Egeland, historikar og samfunnsgeograf Ellen Vea Rosnes frå VID vitskaplege høgskole og arkeologane Kristin Armstrong Oma og Sverre Guldberg frå Arkeologisk museum, UiS. Guttorm Andreassen leier samtalen.

Familiefred er ei det beste?

Forfattar Vigdis Hjorth er kjend for sine skarpe skildringar av konfliktfylte familierelasjonar.

Torsdag 23. september på Universitetsbiblioteket møter ho Cecilie Evertsen, forskar ved Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning, til ein samtale om menneskets essensielle behov for psykologisk tryggleik, øydelagde band og meistringsstrategiar.

Garantert noko å lære for ein kvar av oss.

Litteraturens kraft i miljøkrisa

Fredag 24. september kan du høyre forfattar Maja Lunde i samtale med miljøhistorikar Dolly Jørgensen på Universitetsbiblioteket.

Maja Lunde er tildelt Rachel Carson-prisen 2021 for sitt bidrag til å styrke det folkelege engasjementet om miljø- og klimakrisa ved å bruke litteraturen som innfallsvinkel. Lunde sine romanar Bienes historie (2015), Blå (2017) og Przewalskis hest (2019) har vunne eit stort publikum internasjonalt.

Overrekkinga av prisen skjer i forkant av samtalen.

Debatt om det nye gymfaget

I den nye læreplanen for kroppsøvingsfaget som no vert rulla ut i norske skular, vert det lagt meir vekt på teori, leik og bevegelse enn tidlegare. Samstundes er den mindre orientert mot idrettsretta fag. Kva slags fag har dette blitt no, og kva har omlegginga å seie for folkehelsa og rekrutteringa til idretten?

Dette er blant spørsmåla som vert tatt opp under Forskingsdagane tysdag 28. september på Steffens-salongen på Tappetårnet i Studentenes hus på Ullandhaug. Då kjem Åge Vigane frå kroppsøvingsseksjonen ved UiS saman med Stein Ørn, professor ved UiS, lege og sykkeltrenar og Camilla Herrem, toppidrettsutøvar og handballærar ved Sola vidaregåande skule for å snakka om toppidretten og folkehelsa sine kår i lys av den nye læreplanen i kroppsøving.

Forskar-stand up på Kåkå

Hausten sitt absolutte must er forskar-standup på KåKå. Denne mangeårige tradisjonen gjer det mogleg for folk og fe i Rogaland å få eit kjapt djupdykk i forskingsverda. På eit kvarter skal forskarane fortelje kva dei forskar på, slik at du som publikum får ei større forståing av forskinga. Velkommen til ein kveld fri for Powerpoint-presentasjonar og stammespråk.

Forskar-standup skjer to kveldar på rad, Forskar-standup på onsdag 29. og Forskar-standup torsdag 30. september frå klokka 19.

Forskingstorg og matløype for heile familien

Laurdag 25. september er det ein ekstra god grunn til å dra til byen for då er det Forskingstorg. Mellom 11 og 15 kan du og din familie møte forskarar som har krype ut av kontora sine og stilt seg opp på Domkirkeplassen for å vise deg kva dei held på med.

Dagen etter – denne siste søndagen i september – er det Matløype. Då inviterer vi store og små til å oppleve matmangfoldet på Ullandhaug. Lær om spanande vekstar og om økologisk dyrking, test smaks- og luktesansen, kjøp lokal mat og nyt utsikta.

Tekst: Karen Anne Okstad

Collage: Unni Berland