Finn fram på campus: elektronisk kart

Kjem du på besøk? Vår elektroniske kartløysing (MazeMap) leier deg rett til kontoret eller auditoriet du leiter etter! Kartet inneheld også anna viktig informasjon om bygningar og uterom.

Published Sist oppdatert

Dette er MazeMap

Kartløysinga er laga for å hjelpe studentar, besøkande og tilsette til å finne vegen på UiS sine campusar (og andre stader, hovudsakleg i Noreg).

  • Alle etasjar og romnummer på det sentrale universitetsområdet er lagt inn i det digitale kartet.
  • Du kan søke på romnummer og dele resultatet med andre via e-post eller Facebook.
  • Det er og mogleg å finne fram til hjartestartarar, toalett, kantiner og andre fasilitetar på campus.

Last ned appen

Det fins ein eigen mobilapp - last den ned her:

Slik fungerer det

  • Naviger i kartet ved å bruke fingrane på mobilskjermen eller musa på ein pc, og velje punkt med å trykke/klikke i kartet. Du kan og zoome inn og ut med + (pluss) og – (minus) teiknet øvst til venstre. Du bruker symbola pil opp og pil ned for å forflytte deg mellom etasjane.
  • Kvar endring vil gi en ny, unik nettadresse (url).
  • Øvst på midten vil du finne eit søkefelt der du kan søke etter romnummer, kafear etc.
  • Søkefeltet vil gi deg fleire treff, klikk på det treffet du vil ha (Eksempel A101)
  • På mobil kan du også klikke på "Click here to find your position" midt på skjermen nederst. Då får du opp kortaste rute du kan gå til målet.
  • Når du klikkar på eit punkt på kartet, får du opp ein meny. Då kan du legge til/fjerne markering i kartet, dele akkurat denne kartreferansen (lenkje), lage ein sti til der du skal eller melde inn ein feil. (Dette gjeld både på pc og mobil/nettbrett).

Kva bygningar er tatt med i kartløysinga?

  • Heile den sentrale Ullandhaug-campusen er detaljert skildra i kartet.
  • Måltidets hus, lengst sør på campus, er og med. Her finst mellom anna laboratorium for biologisk kjemi.
  • Lesesenteret (ekstern lenkje) sine kontor i Oljedirektoratet sitt bygg er førebels ikkje detaljert, men OD-bygningen er merka av på kartet.
  • Fakultet for utøvande kunstfag sin bygning i Bjergsted har eigen oppføring i kartet.
  • Det same gjeld Arkeologisk museum på Våland.

Finn fram på campus