Gode resultat bergar UiS frå budsjettkutt

Universitetet i Stavanger får 17,5 millionar kroner til ingeniørutdanningar. Elles er det lite å glede seg over i forslaget til statsbudsjett for 2027.

Publisert Sist oppdatert

UiS kjem godt ut av regjeringa si satsing på treårige ingeniørutdanningar. Av 120 millionar kroner går 17,5 til UiS. Pengane skal gå til å auke kvaliteten på og rekrutteringa til utdanningane.

- Det er gledeleg at vi får ein god del av denne satsinga. Me er ein viktig leverandør av ingeniørar i Noreg, seier rektor Klaus Mohn.

Aukar statleg kutt

Budsjettforslaget inneber ein realvekst for UiS på 1,4 prosent. Dette skuldast i hovudsak UiS sine gode resultat på utdanningar og doktorgradsprogram. 

Det statlege omfordelingskuttet er betydeleg auka frå tidlegare år. Det inneber at regjeringa fortset å bruke statsbudsjettet til å omfordele midlar mellom institusjonane.

- UiS er igjen ein del av kutta, men får i liten grad ta del i satsingane. Det er berre dei gode resultata våre som gjer at vi unngår budsjettreduksjon i 2027, seier Mohn.

Best i landet

Han peikar på at Universitetet i Stavanger leverer eitt av dei beste resultata av alle universitet og høgskular i landet.

- Difor bør regjeringa satse på forsking og utvikling her, i Noregs tredje største storbyregion. UiS har grøn omstilling som kjerne i strategien og sterke fagmiljø på området, kombinert med eit solid næringsliv. Me er klare til å ta Noreg inn i framtida, seier Mohn.

Meir info om statsbudsjettet

Regjeringa si pressemelding om utdanning og forsking

Fleire pressemeldingar frå Kunnskapsdepartementet

Omtale av statsbudsjettet i Khrono