Hanna Katharina skal bli sjukepleiar ved UiS i Ryfylke

Hanna Katharina Hurme er ein av studentane som denne hausten startar på ei distriktsvenleg bachelor i sjukepleie. – Det å få studera der eg bur betyr alt for meg, seier ho.

Publisert Sist oppdatert
Portrett av Hanna Katharina Hurme, sykepleierstudent
Hanna Katharina Hurme ser fram til å bli fulltidsstudent ved UiS.

Hanna Katharina Hurme (37 år) er mor til to barn og bur 12 mil unna Universitet i Stavanger. Det ville derfor vore umogleg for henne å studera sjukepleie på vanleg måte. No starar ho som ein av 30 studentar på distriktsvenleg sjukepleiarutdanning i Ryfylke via UiS.

– Det å få studera i heimkommunen min og der eg bur betyr alt for meg. Moglegheita til å kombinera ein bachelorutdanning med etablert familieliv i distriktet var ein unik sjanse eg ikkje kunne la gå frå meg, seier den ferske sjukepleiarstudenten.

Sikker framtid som sjukepleiar

Hanna Katharina bur på Sand og arbeider som helsefagarbeidar i heimetenestene i Suldal kommune. For å kvalifisera seg til sjukepleiarutdanninga har ho i 1 år tatt studieførebuande kurs gjennom prosjektet «MOR i Ryfylke».

Ho søkte utdanninga for å få etterlengta kompetanseheving, og er glad for at kommunane i distriktet satsar på dette.

– Å fullføra sjukepleiarutdanninga vil gi meg fleire moglegheiter i arbeidslivet og sikre framtida mi, seier ho.  

Les meir: Distriktsvenleg sjukepleiarutdanning i Ryfylke

Plutselig fulltidsstudent!

Eg var i lykkerus, fortel Hanna Katharina om når ho fekk tilbod om studieplass. Men samtidig var det litt skremmande. Plutseleg skal eg bli fulltidsstudent i 3 år!, legg ho til.

Studiet vil ta i bruk innovative og digitale løysingar, men det er ikkje ei digital utdanning. Studentane vil møtast til fysiske samlingar, primært lokalt i Ryfylke og nokon gangar på campus i Stavanger. Halvparten av studiet er i praksis og målet er at mesteparten av dette òg vil føregå i Ryfylke.

Hanna Katharina er førebudd på at det blir knallhard jobbing med studiane, men ho trur òg at det blir lærerikt og sosialt og ho gleder seg til studiestart.

– Sjukdomslære og simulering av realistiske, kliniske scenario ein møter som sjukepleiar er delar av studiet som eg synest verkar veldig spennande.

Portrett av Marie Undheim, universitetslektor ved UiS
Prosjektleiar Marie Undheim gleder seg til å følgja studentane dei neste tre åra.

87 søkte, og 30 fekk plass

Utdanninga Hurme og medstudentane hennar skal byrja på er ein fleksibel og distriktsvenleg sjukepleiarutdanning for folk som er busette i Ryfylke og som ikkje kan møta på campus dagleg for å studera.

87 søkte, og det er no tatt opp 30 studentar frå samarbeidskommunane Hjelmeland, Sauda, Strand og Suldal, i tillegg til andre område i Ryfylke.

– Det var veldig gledeleg med så mange søkarar. Dette viser at det er behov for og ønske om distriktsvenlege utdanningar, seier Marie Undheim, prosjektleiar ved UiS.

Pilotprosjekt

Det er eit stort behov for sjukepleiarar i distriktet. Derfor tok UiS initiativ til dette tilbodet i samarbeid med kommunane Hjelmeland, Suldal, Sauda og Strand og Ryfylke IKS.

UiS har fått 9,1 millionar kroner frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) til utdanninga som har mål om å utdanna 30 kompetente sjukepleiarar i løpet av tre år.

Følg prosjektet her.

Tekst og foto: Cathrine Sneberg