Ho er ny redaktør i Gjesdalbuen

Fire år etter at Hilde Anette Ebbesvik (28) blei uteksaminert frå masterprogrammet i dokumentarproduksjon ved UiS, blir ho no redaktør for avisa Gjesdalbuen.

Published Sist oppdatert

Hilde Anette Ebbesvik er ny redaktør i Gjesdalbuen. Foto: Ane Ommundsen/Jærbladet.

– Det er veldig spennande. Eg gler meg til å bli godt kjent med kollegaane mine og til setja meg inn i kva som er interessante lesesaker for Gjesdalbuen, seier Ebbesvik.

Frå 1. januar 2022 trer ho inn i rolla som redaktør for lokalavisa i Gjesdal, når noverande redaktør Eugen Hammer går inn i ei prosjektstilling som videoredaktør.

Trass sin unge alder har Ebbesvik mykje journalistisk erfaring, frå Stavanger Aftenblad, Gatemagasinet Asfalt, Dagens Næringsliv og Jærbladet, som ho tek med seg inn i rolla som redaktør.

– Eg går veldig heilhjarta inn i ting når eg får nye utfordringar, så eg tenkjer at eg skal ta denne utfordringa òg på strak arm. Eg fekk jobb som nyheitsleiar i Jærbladet i mai, og då var det ein stor overgang frå å vera journalist, men eg trur ikkje det blir ein like stor overgang å gå til redaktørolla, for no har eg vore borti mange av oppgåva ein har som redaktør, fortel ho.

Tek med seg viktig lærdom frå studia på UiS

Ebbesvik har visst lenge at det er journalist ho vil bli. Før ho starta på masterutdanninga i dokumentarproduksjon i 2015, tok ho òg ei bachelorgrad i journalistikk ved UiS.

– Det var spennande år på journalistikkstudiet, kor me gjekk inn i både nyheitsjournalistikk og feature-skriving og lærte om journalistikk frå mange hald, seier ho.

Ho trekkjer fram kombinasjonen av teori og praksis som eit viktig element i utdanninga.

– Det er ein veldig styrke at ein får vera ute i dei ulike mediehusa og kjenna på pulsen og forstå kva yrket går ut på. Det er ein bransje kor du må knyta kjennskap til redaksjonane, det er ikkje sånn at du får jobb berre fordi du har ein bachelorgrad i handa. Ein må jobba seg opp, så det å få praksisen var kjempeviktig, seier ho.

Også frå masterprogrammet i dokumentarproduksjon tek ho med seg nyttige erfaringar inn i den nye rolla som redaktør.

– Det var veldig interessant å jobbe med forteljargrep og å følgja historier over lengre tid, det er ein annan tankemåte enn i den pulserande journalistikken. Forteljarteknikk sit igjen som det viktigaste eg lærte frå dei to åra. Det var òg ein del om video, som er nyttig. I dag skal jo ein journalist både skrive, ta bilete og lage video i mindre redaksjonar, fortel ho.

Vil vera ein open og lyttande redaktør

Når Ebbesvik overtek ansvaret i Gjesdalbuen, ynsker ho å vera ein open redaktør som lyttar til det både journalistane og lesarane er opptekne av og ynsker meir innhald om.

– Eg vil at me skal vera tett på det som skjer lokalt, og dekkja stort og smått. Viss nokon har eit område dei saknar å lesa om, skal me vurdera om det er noko me skal satsa meir på, seier ho.

Ho kjem til å føra vidare det som Gjesdalbuen allereie leverer og jobbar med i dag, samstundes som ho har tankar om kva ho ynsker å satsa meir på.

– Området oppvekst, barn og unge blir viktig. Dei unge lesarane er vanskelege å nå. Me konkurrerer jo mot Netflix og alt det unge lesarar brukar tid på, så det er ei utfordring å finne ut kva dei vil ha, fortel ho.

Tekst: Live Kolstad Kvalsvik