Kor forståeleg er det økonomiske fagspråket for folk flest?
Økonomar er viktige premissleverandørar for politikk og offentleg debatt. Men kor forståeleg er det økonomiske fagspråket for folk flest? Er økonomispråket i for stor grad eit internt stammespråk, med engelsk-importerte faguttrykk, som gjer dei økonomiske argumenta vanskelege å diskutera og utfordra? Kor skadeleg er det i så fall for demokratiet? Og er det noko å gjera med det?
Avslutningsvis blir det opplesing av Øyvind Rimbereid, prislønt forfattar og bidragsytar i den nye essaysamlinga “Rikdommens språk” (Cappelen Damm, 2022) med diktet “Ode til oljen i oljefondet”.

Deltakarar:
- Klaus Mohn, rektor ved UiS
- Åse Wetås, direktør i Språkrådet
- Helle Stendsbak, forfattar og økonom
- Øyvind Rimbereid, forfattar
Programleiar er Tom Hetland - skribent, kritikar og tidlegare sjefsredaktør i Stavanger Aftenblad.