Hopp til hovedinnhold

KÅKÅnomics: Berekraftig havbruk – Fleip eller fakta? Ein debatt om naturen og næringslivet

Torsdag 28. oktober 2021 kl. 16:00-17:00,
Blyge Harry.

KÅKÅnomics 2021

Publisert: Endret:
Tid, sted, pris

Tid: Torsdag 28. oktober, kl. 16.00–17.00 Sted: Blyge Harry Pris: 150 kr / 75 kr Billett: Trykk for å kjøpe billett

Reine fjordar, rik tilgang på reint vatn, gode straumforhold, aukande etterspurnad etter sjømat, norsk entreprenørskap og attraktive rammevilkår har gjort Noreg til ein stor eksportør av oppdrettslaks. Ambisjonane er difor høge for vidareutvikling av havbruk i Noreg.

Men havbruk har sine utfordringar. Sjukdom og daud i merdane, omfattande import av soya til fôr, lakselus og leppefisk, medisin, kjemikaliebruk og rømming legg stein til børa for ei næring som skapar mykje pengar, men ikkje så mange arbeidsplassar.

Korleis balanserer næringa omsynet til verdiskaping og arbeidsplassar mot omsynet til klima, natur og miljø? Kan ein i det heile tatt tenke seg ei berekraftig utvikling av havbruksnæringa?

  • Ragnar Tveterås, professor, Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger
  • Atle Eide, investor og havbruksentusiast
  • Sissel Rogne, adm dir, Havforskningsinstituttet
  • Oddvar Vermedal, æresmedlem i NJFF og lakseentusiastMøteleiar er Hilde Øvrebekk, journalist og kommentator Aftenbladet

PS! Havserien under KÅKÅnomics har tre arrangement:

Du er kanskje også interessert i: