Kan eg ikkje berre bruka chatGPT?

Hausten 2022 tok AI-baserte program som ChatGPT verda med storm. Sidan den gong har me sett fleire diskusjonar rundt bruken av slike språkmodellar, med sterke stemmar både for og i mot.

Published Sist oppdatert
Bilde av studenter i et klasserom
Nytt e-læringskurs: I kurset Smart Start går me gjennom fleire element som er viktige å hugsa på når du skriv oppgåve.

Men korfor kan eg ikkje berre bruka ChatGPT?

Ved første augekast kan desse programma verke som ei gullgruve og me veit at det finst studentar som brukar dei flittig. Dersom du er ein av dei som bruker AI-program som eit verktøy i oppgåveskrivinga finst det nokre element du bør vera obs på.

  • Når du gjer ein instruksjon til ChatGPT, genererer programmet lange resonnement basert på det tema du ønsker å læra meir om. Dette kan verke vel og bra, men utfordringa er at sjølv om du får mykje info er det ikkje nødvendigvis slik at du får oppgitt kor den er henta frå.
  • Chat GPT vil ikkje alltid “snakka sant”. Dersom du får oppgitt referansar av Chat GPT må du alltid dobbelsjekka desse då det kan henda forfattarar, bøker, artiklar og annan informasjon er oppdikta og ikkje finst.
  • Hugs på at tekstar som blir levert inn til vurdering skal vera skrivne av deg sjølv. ChatGPT og tilsvarande språkmodellar har evna til å produsere ferdig tekst, men om du brukar AI-produsert tekst i oppgåva utan å referera korrekt kan det bli rekna som fusk.

Det er derfor viktig å hugsa på at denne type språkmodellar ikkje ei løysning i seg sjølv, men heller verktøy som kan nyttast for å hjelpa deg på veg i skrivinga.

Som med andre verktøy gjer ikkje ChatGPT jobben for deg, men brukt riktig og til rett oppgåve kan det hjelpa deg å utføra jobben meir effektivt.

Når du som student går i gang med skrivinga brukar du fleire ulike hjelpemiddel og sjølv om ChatGPT er eitt av desse, er det eigen evne til kritisk lesing og tenking som er grunnvollen til ei god oppgåve.

E-læringskurset «Smart Start»

For å hjelpa deg å navigera jungelen av informasjon om kjelder, kritisk lesing og korleis ein kan ta i bruk dei nykomne språkmodellane har biblioteket laga eit nytt nettbasert kurs.

I kurset Smart Start går me gjennom fleire element som er viktige å hugsa på når du skriv oppgåve. Her kan du blant anna lære meir om bruken av ChatGPT, korleis du finn gode kjelder og korleis du brukar kjelder riktig.

Dersom du har valt å ta i bruk AI-baserte program i oppgåveskrivinga di har Kildekompasset og Apa7-manualen tips og råd til korleis du refererer korrekt til desse.

Lukke til med skrivinga!