Karoline Holmboe Høibo ny direktør for organisasjon og infrastruktur

Styret ved Universitetet i Stavanger tilsette Karoline Holmboe Høibo i styremøtet 4. mai. Høibo vil vere del av leiargruppa til rektor Klaus Mohn.

Published Sist oppdatert

Karoline Holmboe Høibo
Karoline Holmboe Høibo

Høiby kjem frå stillinga som fakultetsdirektør ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora ved UiS. Ho byrjar i stillinga 1. august, samstundes som rektor og tre prorektorar tek fatt på ein ny fireårsperiode.

Som direktør for organisasjon og infrastruktur vil Karoline Holmboe Høibo ha resultat- og personalansvar for fellestenestene ved avdeling for bygg- og arealforvaltning, avdeling for verksemdstyring og -utvikling, HR-avdelinga, IT-avdelinga og økonomiavdelinga. Overordna ansvar for tryggleik og beredskap ved universitetet vil vere ei av kjerneoppgåvene til Høibo.

Høibo har vært tilsett ved UiS sidan 2005. Ho byrja i utdanningsavdelinga og var deretter i forskingsavdelinga før ho blei kontorsjef ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking. Frå 2017 har Høibo vore fakultetsdirektør ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora.

Karoline Holmboe Høibo erstattar Ole Ringdal som går av med pensjon. Det var 23 søkarar til stillinga.