Universitetsbiblioteket i Stavanger inviterer deg til å bli betre kjend med den unike Kongsgårdssamlinga.

Kongsgårdssamlinga, som i dag er ved Universitetsbiblioteket i Stavanger, har ei historie som går tilbake til 1826. Kongsgårdssamlinga kjem frå biblioteket ved Kongsgård skole i Stavanger. Samlinga inneheld 8000 gjenstandar, mellom anna bøker, kart, brev og hefte.
Dette gjer samlinga til ein viktig del av både lokalhistoria i Stavanger og den norske kulturhistoria. Rogaland fylkeskommune gav samlinga i gåve til universitetsbiblioteket i 2014.
Ei historisk viktig samling
Samlinga viser undervisningspraksisen ved skulen gjennom tidene. Emna i boksamlinga spenner frå naturfag og samfunnsfag til språk som latin, gresk, tysk og fransk.
Blant høgdepunkta i samlinga er 40 bøker av den kjende forfattaren og tidlegare Kongsgård-eleven Alexander Kielland. Eitt av verka er den kontroversielle romanen Gift frå 1883.

Kongsgårdssamlinga inneheld også romanar, lærebøker og dokumentasjon frå elevorganisasjonen Idun ved skulen. Protokollane og publikasjonane til Idun, som avisa Brage, gir eit unikt innblikk i samfunnsdebatten blant ungdom på den tida. Kjende namn som Sigbjørn Obstfelder og Tore Renberg har begge vore aktive i Idun. Det styrkar den historiske verdien til samlinga.
Stort restaureringsarbeid
Etter at universitetsbiblioteket fekk samlinga i gåve, har ho gått gjennom eit omfattande registreringsarbeid. Det blei brukt mykje tid på å katalogisera samlinga. No kan du søka i katalogen i søkesystemet Oria.

Du kan sjå sjølve samlinga i Kongsgårdssalongen i underetasjen på biblioteket. Dei mest verdifulle verka blir oppbevarte i magasin og glasskap.
Blant dei eldste verka er ein bibel frå 1588, ei samling av verka til William Shakespeare frå 1795 og romerske og greske historieforteljingar frå tidleg på 1800-talet. Samlinga inneheld også verk av filosofen Helena Petrovna Blavatsky og serien Flora Danica.
Besøk Kongsgårdssalongen
Kongsgårdssalongen er eit lunt og populært rom for studentar og forskarar. Salongen blir brukt til lesing, forsking, bokklubbar og arrangement.
Samlinga er eit synleg bevis på den historiske og kulturelle utviklinga i Noreg og Stavanger. Biblioteket inviterer alle interesserte til å besøka samlinga i underetasjen på universitetsbiblioteket.
Kontaktperson: Viola Margarete Wildhagen Gudmundsen.