Hopp til hovedinnhold

Kva no, SFO?

Onsdag 18. august 2021 kl. 14:30-16:00,
Clarion Hotel Tyholmen, Arendal,
Sal B.

Kva bør kjenneteikne SFO i framtida? Praktikaren, pedagogen og politikaren møtest under Arendalsuka for å samtale kring desse viktige spørsmåla.

Publisert: Endret:

Kva bør kjenneteikna SFO i framtida? Dette tek praktikaren, pedagogen og politikaren tak i under Arendalsuka. Foto: Marie von Krogh/Læringsmiljøsenteret, UiS.

Frå klokka 14.30 til 16.00 Onsdag 18. august arrangerer Læringsmiljøsenteret, Universitetet i Stavanger føredraget «Kva no, SFO – Frå skulefritidsordning til skulefritidsfellesskap» under Arendalsuka.

Hit kjem politikar Torstein Tvedt Solberg (Ap) som sit i Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, avdelingsleiar SFO Mona Gjøse Skaaren ved Jåtten SFO samt universitetslektor Svanaug Lunde ved Læringsmiljøsenteret, Universitetet i Stavanger. Saman skal dei samtale kring rammeplanen som kjem på plass frå hausten av samt kva dei meiner skal og bør kjenneteikne skulefritidsordninga (SFO/AKS) i framtida.

Les meir om arrangementet i denne nyheitsartikkelen

Arrangementet om SFO skal gå føre seg på Clarion Hotel Tyholmen i Arendal onsdag 18. august. Det er plass til 100 personar i salen. Rådgjevar Solfrid Naustvik ved Læringsmiljøsenteret organiserer arrangementet. Ho håpar det kjem til å verte mogleg med fysisk oppmøte av publikum i salen.

– Men sidan det enno er ei stund til og det er nokre ting som arrangørane bak Arendalsuka ikkje har avklart når det kjem til fysisk publikum, kjem vi til å fokusere i stor grad på det digitale arrangementet som dette også vert. Vi har bestemt oss for å løfte arrangementet ved å leige inn profesjonelle som skal streame heile «eventet» live via vår Facebook-side, fortel Naustvik.

Du kan også lese meir om arrangementet på Arendalsuka si eiga nettside.

Om Arrangementet:

  • Tittel: «Kva no, SFO – Frå skulefritidsordning til skulefritidsfellesskap» under Arendalsuka.
  • Dag: 18. august 2021 klokka 14.30-16.00
  • Arrangementstype: Foredrag
  • Tema: Utdanning
  • Stad: Clarion Hotel Tyholmen, sal B

  • Medverkande:
  • Svanaug Lunde, Universitetslektor, Læringsmiljøsenteret, Universitetet i Stavanger
  • Torstein Tvedt Solberg, Politikar (Ap), Utdannings- og forskningskomiteen, Stortinget
  • Mona G. Skaaren, Avdelingsleder SFO, Jåtten skole