Masterstudentar i serviceleiing ved UiS får frå hausten 2027 høve til å kombinere studium med praksis i reiselivsnæringa. Ellen og Axel Lunds stiftelse gir 1,6 millionar kroner til internship-satsinga.

Tilbodet skal gi studentane praksis i næringa og sikre betre rekruttering til reiselivs- og servicebransjen.
Internship skal inngå som eit emne på 10 studiepoeng i masterprogrammet Serviceledelse i internasjonal business og gjennomførast over eitt semester i ei verksemd i næringa.
– Vi er utruleg takksame for denne tildelinga. Midlane gir oss høve til å etablere ei ordning som kan gjere ein konkret skilnad for masterstudentane våre. Gjennom eit internship får studentane høve til å bruke kunnskapen sin i praksis, samtidig som dei får verdifull arbeidserfaring, byggjer nettverk og blir betre kjende med arbeidslivet dei skal ut i, seier professor Trude Furunes, som skal leie arbeidet.
Frå teori til praksis
Hotell-, reiselivs- og servicenæringane har behov for fleire kandidatar med leiarkompetanse og relevant arbeidserfaring. Studentane manglar ofte praktisk erfaring når dei går ut i arbeidslivet. UiS ønskjer med internship-satsinga å styrkje koplinga mellom teori og praksis gjennom ei praksisplassordning hos bedrifter.
For studentane vil tilbodet gi praktisk erfaring, sterkare arbeidslivsrelevans i studiet, betre karrieremoglegheiter og nettverk i bransjen.
Næringa vil på si side få tilgang til kvalifiserte kandidatar og ein moglegheit til å rekruttere talent tidleg.
– Vi ønskjer at Ellen & Axel Lunds stifting skal vere ein aktiv bidragsytar til utviklinga av hotell-, reiselivs- og servicenæringa. Derfor er dette eit prosjekt som treff godt med det Ellen og Axel Lund sjølve var opptekne av: utdanning, kompetanse og ei sterk kopling mellom skule og arbeidsliv. Det er inspirerande å kunne vidareføre denne arven gjennom ei moderne satsing som gir studentar verdifull erfaring og samtidig kan bidra til å styrkje rekrutteringa til næringa, seier Maren Skjelde, styreleiar i Ellen & Axel Lunds stifting.
Skal møte reelle utfordringar
No startar arbeidet med å etablere tilbodet, som vil vere tilgjengeleg frå hausten 2027. Innan tre år skal UiS tilby minst 20 praksisplassar på dette studieprogrammet.
Fleire store aktørar har sagt ja til å delta i ordninga, mellom anna HEIMR Collection, Thon Hotels og Havila Kystruten. Også andre verksemder har signalisert interesse.
Studentane skal arbeide med reelle problemstillingar og utfordringar i verksemdene dei er utplasserte i. Kvar student får ein mentor i bedrifta og ein fagleg rettleiar frå UiS. Studentane skal analysere og løyse reelle utfordringar i verksemda, og internshipet skal kunne danne grunnlaget for masteroppgåva som blir skriven i det påfølgjande semesteret.
– Vi ønskjer å byggje ei endå sterkare bru mellom universitetet og arbeidslivet, slik Kunnskapsdepartementet også oppfordrar til. Internship gir studentane ein unik moglegheit til å lære gjennom møte med reelle problemstillingar og utfordringar i verksemdene. Samtidig får arbeidslivet tilgang til engasjerte masterstudentar med oppdatert kunnskap og nye perspektiv, seier Furunes.
Ei moderne vidareføring
At nettopp Ellen & Axel Lunds stifting bidreg til satsinga, gir prosjektet ein særleg historisk dimensjon.
Ellen og Axel Lund hadde eit sterkt engasjement for hotell- og reiselivsnæringa, utdanning og kompetanse. Då Norsk Hotellfagskole (NHS) flytta til Sola Strand Hotel i 1952, blei undervisninga tett knytt til praktisk arbeid. Hotellet fungerte som skule om vinteren og hotell i sommarsesongen, og elevane fekk relevant erfaring frå næringa gjennom arbeidet på hotellet.
I dag blir ideen om å kople utdanning og praksis vidareført gjennom ein ny modell for masterstudentar ved UiS.
– Det er ekstra meiningsfullt at denne satsinga blir støtta av Ellen & Axel Lunds stifting. Allereie då NHS var på Sola Strand Hotel, var koplinga mellom utdanning og praksis ein viktig del av læringa til studentane. No får vi høve til å vidareutvikle denne tradisjonen i ei moderne form, tilpassa dagens masterutdanning i serviceleiing, seier Furunes.
Skal utviklast saman med næringa
Handelshøgskulen ved UiS og NHS – Kompetansesenter for hotell, reiseliv og serviceleiing, som er vidareføringa av Norsk hotellhøgskole, startar no arbeidet med å etablere ordninga i samarbeid med verksemder i næringa.
Målet er å skape ein langsiktig møteplass mellom studentar, universitet og arbeidsliv – der studentane får praktisk erfaring, medan næringa får høve til å bli kjend med og rekruttere framtidige kandidatar.
– Ambisjonen er at dette skal bli meir enn ein praksisplass. Vi ønskjer å utvikle eit godt samarbeid mellom studentar, verksemder og universitetet, der alle partar lærer av kvarandre. På sikt håper vi at ordninga kan bidra både til betre arbeidslivsrelevans i utdanninga og til å styrkje rekrutteringa av kompetente kandidatar til næringa, seier Furunes.
Er du interessert i å vere internship-bedrift? Ta kontakt med Trude Furunes.
Aktuelt frå Handelshøgskolen UiS
Slik trener UiS-studenter på kompetansen arbeidslivet trenger
Hvordan blir du god til å samarbeide? Håndtere konflikt? Lede deg selv, samt fungere godt sammen med andre?
Får støtte til forsking på risikotaking
Korleis vurderer vi risiko når vi må ta dei same vala om att og om att? Det skal forskar Marco Lambrecht ved Handelshøgs...
16 millioner til forskning på psykososialt arbeidsmiljø og sikkerhet i petroleumsnæringen
Forskningsprosjektet PSYCHMAJOR er tildelt 16 millioner kroner fra Forskningsrådet for å gi ny kunnskap om hvordan psyko...
Vegard Bø Bahus oppnevnt til regjeringsutvalg om identitetsfastsettelse
Utvalget skal gjennomgå regelverket og organiseringen av arbeidet med fastsettelse av identitet for antatt norske barn f...
Fra lærer til reiseliv – et karriereskifte mot en drøm
Etter flere år som lærer valgte Shantijaya Rydland Madaschi å følge reiselivsdrømmen. På årsstudiet "Reiseliv i endring"...
UiS etablerer nytt senter for skatterett
Universitetet i Stavanger oppretter et nytt forskningssenter for skatterett. Målet er å styrke forskning, utdanning og f...
Bli studentassistent ved Handelshøgskolen UiS hausten 2026!
Handelshøgskolen UiS er på jakt etter dyktige og motiverte studentar som ynskjer å kombinere studiet med jobb hausten 20...
NHS Kompetansesenter: Publikasjoner
Forskningsartikler fra forskere tilknyttet NHS – Kompetansesenter for hotell, reiseliv og serviceledelse.
Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism
Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism er et internasjonalt, fagfellevurdert forskningstidsskrift med tilknytni...
Mentorprogrammet bygger bro mellom studier og arbeidsliv
Gjennom tett oppfølging fra erfarne ledere får studenter på hotell, reiseliv og serviceledelse en unik mulighet til å ut...
25 år med Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism
I 2026 markerer tidsskriftet 25 år, og representerer et kvart århundre med kunnskapsutvikling innen vertskapsledelse, re...
Mentorprogrammet i hotell, reiseliv og serviceledelse
Mentorprogrammet gir studenter innen hotelledelse, reiselivsledelse og digital serviceledelse en unik mulighet til å utv...
Handelshøgskolen UiS på forskningstoppen
Handelshøgskolen UiS er den handelshøgskolen i Norge som produserer mest forskning per vitenskapelig ansatt. Også på for...
Styrker samarbeidet mellom UiS og regionalt næringsliv
Science & Industry Day – vår 2026 samlet fagmiljøer fra akademia og representanter fra ledende regionale energiselskaper...
Sterk vekst søkertallene til Handelshøgskolen UiS
Antallet søkere til bachelorstudiet i økonomi og administrasjon ved Handelshøgskolen UiS øker kraftig i årets opptak. Sa...
Etablerer kompetansesenter for hotell, reiseliv og service
Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger etablerer et nytt kompetansesenter for hotell, reiseliv og serviceledelse...
NHS Kompetansesenter: Næringsliv, samarbeid og alumni
NHS Kompetansesenter samarbeider tett med næringsliv, offentlige aktører og alumni for å koble forskning, utdanning og p...
NHS – Kompetansesenter: Studier og studentaktivitet
Som student innenfor hotell, reiseliv og service får du tett kontakt med bransjen gjennom mentorordninger og praksisnære...