Millionstøtte til psykologistudium på UiS

Ulla-Førrefondet gir 10 millionar kroner i oppstartstøtte til profesjonsstudiet i psykologi på UiS. Dette kjem på toppen av Universitetsfondet i Rogalands vedtak om å dekkja ein tredel av oppstartskostnadene.

Publisert Sist oppdatert

Seks personer oppstilt foran en stor bygning
Frå venstre: Dekan ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet, Kolbjørn Brønnick, prorektor for innovasjon og samfunn, Marte C.W. Solheim, rektor Klaus Mohn, styreleder i UF-fondet, Jonas Andersen Sayed, styremedlem og representant for Lyse, Leif Harald Jensen og styremedlemmer i UF-fondet Asle Rafdal og Anne Marie Lund.

Profesjonsstudiet i psykologi er godkjent av utdanningsstyresmaktene og UiS kan starta opp allereie hausten 2025. Det føreset likevel både oppstartfinansiering og tildeling av studieplassar gjennom statsbudsjettet.

No har Ulla-Førrefondet, som er eigd av Rogaland fylkeskommune, Lyse og Sunnhordland Kraftlag, innvilga ein søknad om 10 millionar kroner for å dekkja delar av oppstartskostnadene.

– Stort løft for universitetet

– Eit profesjonsstudium i psykologi ved UiS vil vera eit stort løft for universitetet og for Stavanger som universitetsby. Det er også eit viktig og langsiktig bidrag for å auka psykologdekninga i fylket vårt, seier Jonas Andersen Sayed, styreleiar i Ulla-Førrefondet.

– Med dette tilskotet gjer Ulla-Førrefondet det mogleg å dekkja delar av oppstartskostnadene for tilbodet, med ein tydeleg føresetnad at regjeringspartia og SV prioriterer midlar til sjølve studieplassane. Me håpar denne nyheita kan gi ein ekstra push i innspurten av budsjettforhandlingane på Stortinget, seier Sayed.

Møta behovet i samfunnet

Psykologiutdanning er også viktig for Lyse, den største bidragsytaren til Ulla-Førrefondet.

– Me har vore opptekne av å støtta universitetet i mange år, og dette er ei sak som eigarane våre også er veldig opptekne av, seier styremedlem Leif Harald Jensen.

Rektor Klaus Mohn set stor pris på at søknaden frå UiS vart innvilga.

– Me er veldig, veldig takksame. Dette hjelper oss å få etablert eit studium som vil møta behovet i samfunnet for psykologar, seier Mohn.

Universitetsfondet gir støtte

Universitetsfondet for Rogaland er ein annan viktig støttespelar. I juni gjorde styret til fondet følgjande vedtak:

"Universitetsfondet er positive til å bidra med inntil 1/3 av finansieringsbehovet for oppstart og etablering av profesjonsstudium i psykologi, føresett at det blir ein del av eit større spleiselag. Vidare ønskjer fondet også å bidra til å mobilisera rundt å få på plass den totale forfinanseringa."

– Vil redde mange liv

– Profesjonsstudiet i psykologi ved UiS er viktig for å imøtegå den store mangelen på psykologar me har i fylket vårt. Det vil gi befolkninga betre og raskare psykisk helsehjelp, og vil høgst sannsynleg bidra til å redda mange liv, seier fylkesordførar og styreleiar i Universitetsfondet, Ole Ueland.

– Eg er veldig glad for at Universitetsfondet vil gi støtte for å bidra til å få studiet på plass, og me håpar at bidraget vårt vil mobilisera fleire lokale bidragsytarar. Eg håpar også at regjeringa lyttar og bidreg til det same, seier Ueland.

Studieplassar i statsbudsjettet

Med støtta frå dei to fonda er UiS halvvegs til 60 millionar kroner, som er nødvendig for å dekkja oppstartskostnadene til det nye studiet.

Men alt er avhengig av at dei 48 studieplassane blir finansiert gjennom statsbudsjettet. Så langt har fem parti på Stortinget lagt studieplass-finansiering inn i forslaga sine til statsbudsjett for 2025. Det er SV, Høgre, Venstre, Framstegspartiet og Raudt.