Næringsforeningen og UiS fornyar samarbeidet

Næringsforeningen og UiS ønsker å vere den leiande regionen i landet på samarbeid mellom universitet og næringsliv. No skal dei gjere det endå meir attraktivt å studere i regionen.

Publisert Sist oppdatert

To menn møtes i et håndtrykk med to kvinner ved siden av
Inger Tone Ødegård, Harald Minge, Klaus Mohn og Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim utviklar og styrkar samarbeidet mellom Næringsforeningen og UiS til og med 2027. Foto: Maria Mår Johansen

Studentrekruttering er eit viktig samarbeidsområde mellom Næringsforeningen i Stavanger-regionen og Universitetet i Stavanger. Nyleg vart ein ny samarbeidsavtale signert.  

Skal gjere det endå meir attraktivt å studere i regionen

I tråd med avtalen skal partane samarbeide om å gjere det endå meir attraktivt å studere i regionen ved å styrke kunnskapsoverføringa mellom næringslivet og studentar i studietida, og marknadsføre særleg næringsrelevante studieplassar under overskrifta «kvifor ikkje studere der du òg får jobb!»

Fleire samarbeidsprosjekt skal bidra til å auke studentrekrutteringa til UiS. Fram mot 2027 skal partane blant anna samarbeide om følgande:

  • Kampanjar for å få fleire til å studere tekniske fag ved UiS
  • Prosjekt for å bidra til at studentar får ein endå betre inngang til næringslivet og regionen ved semesterstart og gjennom studietida
  • Formidle bachelor- og masteroppgåver både med problemstillingar frå næringslivet og frå studentar til næringslivet
  • Trainee Sørvest skal hjelpe nyutdanna studentar inn i si første relevante jobb i regionen
  • Karrieredagen laget til rette for studentar som er heime på juleferie
  • Utvikle næringslivskonferansen i Verdiskapingsforum til eit større arrangement med eit endå spissare fokus på samarbeid mellom Universitetet og næringslivet
  • Alumni-veke: eit sosialt og fagleg nettverk for alle som tek eller har teke ei utdanning ved UiS

Avtalen inneheld konkrete prosjekt med ansvarsfordeling i begge organisasjonane, og det er ein plan for framdrift og oppfølging.

Skal bidra til innovasjon og omstilling

Samarbeidet betyr også at Næringsforeningen og UiS i fellesskap skal bidra til oppbygging og styrking av relevante nærings- og fagområde og bidra til innovasjon, forsking og en kunnskapsbasert næringsutvikling.

Det står også i avtalen at partane skal jobbe for endå betre rammevilkår for Universitetet.

– Ved UiS er me svært glade for at det gode samarbeidet med Næringsforeningen i Stavanger-regionen blir fornya og vidareutvikla. Koblinga mellom universitetet og næringslivet er verdifullt for begge partar, og ikkje minst for utvikling og omstilling i regionen, seier UiS-rektor Klaus Mohn.

Tekst: Karen Anne Okstad, UiS