Nedgang for UiS i statsbudsjettet for 2026

Regjeringa legg opp til kutt for Universitetet i Stavanger neste år. UiS får midlar til profesjonsstudium i psykologi, men budsjettet totalt sett viser nedgang.

Publisert Sist oppdatert

Sommerbilde fra campus Ullandhaug med syklist

Budsjettforslaget inneber ein realvekst for universitet og høgskular samla sett på 0,1 prosent, men ein nedgang for UiS på 1,4 prosent.

Studieplassar til psykologi

Lyspunktet i budsjettet er finansiering av 30 studieplassar til profesjonsstudium i psykologi, som blei annonsert i august.

– Vi gler oss stort over at vi endeleg kan starte opp profesjonsstudiet i psykologi. Vi er klare til å ta imot dei første studentane allereie neste haust, seier Mohn.

I tillegg har regjeringa tildelt UiS 1,5 million kroner i kompensasjon for å flytte ledig kapasitet (30 studieplassar) frå ordinær barnehagelærarutdanning til  arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU). Dei har også lagt inn ein million kroner ekstra til Kunnskapssenter for utdanning (KSU).

Det større økonomiske biletet er derimot mørkare. UiS må forberede seg på stagnasjon i sine budsjett dei neste åra også.

Nullvekst

Statsministeren har fleire gongar uttalt at Rogaland må lukkast med det grøne skiftet, viss Noreg skal lukkast med dette. Likevel satsar ikkje regjeringa på forsking og utvikling ved Universitetet i Stavanger, som har grøn omstilling som kjerne i strategien og sterke fagmiljø på området.

– Noreg, og denne regionen spesielt, treng kompetanse for å lukkast med å omstille seg, og det krev meir forsking og innovasjon. Likevel går satsingane til andre deler av landet. Som i tidlegare budsjett får UiS sin del av kutta, men vi får ikkje ta del i satsingane på til dømes store teknologiorienterte forskingssatsingar, seier rektor Klaus Mohn.

Les meir om statsbudsjettet i Khrono.