Kjenner du ein UiS-student eller ein UiS-tilsett som er utprega samfunnsengasjert og særs god til å formidle?

No kan du nominere kandidatar til Universitetsfondets pris for formidling og samfunnsengasjement.

Published Sist oppdatert
Marie Smith-Solbakken (t.h.) med diplom og Cecilie Claviez med blomsterbukett foran stort grønt tre
I år er det tredje gong vi skal dele ut Universitetsfondet sin pris for formidling og samfunnsengasjement under den offisielle semesteropninga ved UiS. I fjor var det professor Marie Smith-Solbakken som fekk prisen for arbeidet med Alexander L. Kielland-ulykka. Prisen vart overrekt av Cecilie Claviez frå Universitetsfondet. (Foto: Elisabeth Tønnessen)

Prisen frå Universitetsfondet skal anerkjenne framifrå forskingsformidling/-kommunikasjon, kunstnarisk formidling og samfunnsengasjement. Med forskingsformidling/-kommunikasjon og kunstnarisk formidling meiner vi alle former for formidling frå kandidaten sitt eige fagfelt til allmenta og/eller til eksterne brukargrupper. Samfunnsengasjement inkluderer òg deltaking i samfunnsdebatten, samarbeid med samfunns- og næringsliv og deltaking i styre og offentlege råd eller utval.

Prisen er ein ærespris til tilsette og studentar ved UiS som dei siste åra, og særleg i det kalenderåret prisen gjeld for, har utmerkt seg innanfor desse områda. Både einskildpersonar og grupper kan få prisen.

Studentar, tilsette og organisatoriske einingar ved UiS kan nominere kandidatar til prisen. Frist for nominering av kandidatar til prisen er 1. mai.

Forslag skal vere grunngitt og dokumentert i form av:

  • Kandidatens formidlingsverksemd
  • Kandidatens samfunnsengasjement
  • Kandidatens profil i offentlegheita og hos brukargrupper

Send inn din nominasjon her

Prisen består av eit stipend frå Universitetsfondet på 50 000 kroner og eit diplom.

Rektor ved UiS leiar juryen, som i tillegg består av prorektor for innovasjon og samfunn ved UiS, ein representant frå Universitetsfondet, ein representant frå media, ein representant frå dei vitskapeleg tilsette og leiar av Studentorganisasjonen.

Sekretariat for prisen er Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt. Har du spørsmål, ta kontakt med Vibecke Lykke Olsen.

At ansatte og studentar blir oppmuntra til, og belønna for, formidlingsaktivitetar og samfunnsengasjement er heilt i tråd med samfunnsoppdraget vårt og ambisjonen om å vere eit opent universitet.

rektor Klaus Mohn