Hopp til hovedinnhold

Offisiell semesteropning 2021

Vi ønsker nye og noverande studentar hjarteleg velkomne til eit nytt studieår i Stavanger! Den offisielle semesteropninga ved Universitetet i Stavanger måndag 16. august er ein flott start på studentlivet og eit nytt akademisk år.

Publisert: Endret:
Semesterstart UiS 2018

Måndag 16. august kl.12.00 sparkar vi offisielt i gang studieåret 2021/22. Det blir en seremoni som er både høytideleg og uformell. Seremonien finn stad på fadderområdet og vil i år berre vere open for studentar. I tillegg vil det bli sendt direkte på Facebook slik at dei som ikkje får plass likevel kan få det med seg. Lenke til streaming kjem.

Program for opninga:

Rektor ved UiS, Klaus Mohn opnar med ei helsing til særleg årets nye studentar.

Stavangers ordførar Kari Nessa Nordtun ønsker velkommen til byen og regionen.

Årets hovudtalar er sosiale medier-ekspert Mari Hult.

Det vert også utdeling av Universitetsfondets pris for formidling og samfunnsengasjement 2020. Prisen vert delt ut av leiar for Universitetsfondet, Atle Simonsen.

Tommy Fredvang med band lager fest før Fadderfestivalen tek over for fullt. I tillegg vert seremonien ramma inn av nydelege tonar frå studentkoret.

Tommy Fredvang. Foto: Steffen Vidar Jenssen

Sjå også Studiestart 2021