Hopp til hovedinnhold

Opning av Forskingsdagane: Kampen om kulturminna i verda og her heime

Forskingsdagane i Stavanger-regionen opnar på Arkeologisk museum onsdag 22. september med ein forskarsamtale om forvaltinga av kulturminne i krigs- og fredstid.

Publisert: Endret:

To kvinner går forbi det ene enorme hulrommet etter at de gamle buddhaene i Bamiyan i Afghanistan vart øydelagt av Taliban i 2001. Foto: Wikimedia Commons

Krig rammar ikkje berre menneskeliv hardt rundt om i verda. Også musea, historiske monument eller arkeologiske funnstader blir øydelagde. Kulturminna fortel oss kven vi er og ber i seg forteljingar om korleis vi har kome dit vi er i dag. Angrep på kulturminne er difor eit angrep på identiteten, verdigheita og framtida til menneskeheita.

Fred og konflikt er tema for årets festival, som opnar onsdag 22. september på Arkeologisk museum med eit arrangement om kulturminne i konflikt.

Øydelagd kulturarv

Kjende slike øydeleggingar er til dømes biblioteket i Alexandria i Egypt, som vart delvis øydelagt ved brann då Cæsar beleira byen i år 47 før Kristus. Eit anna døme er då dei allierte styrkane slapp bombar over Dresden i februar 1945 og øydela Tysklands vakre, barokke kulturhovudstad. Av nyare dato veit vi at Taliban-regimet i 2001 sprengde to statuar på 51 og 36 meter som stod på UNESCOs verdsarvliste.

– Vi vert opprørt når kulturarv vert øydelagt i utlandet, på stader der vi dreg på ferie og vil ha magiske opplevingar. Store og prangande monument som kanskje får oss til å reflektere over livet, havet, kjærleiken, døden – dei som levde før oss. Dei har stor tyding for menneskeheita og dei tilfører gjerne ein useieleg x-faktor til ferieopplevinga, seier arkeolog Kristin Armstrong Oma frå Arkeologisk museum.

Arkeologen er meir skeptisk til haldninga vi har til kulturminne i vårt eiget land.

Kulturminne i Noreg liten verdi

– Her heime på berget verkar det som om fortidsminne ikkje har nokon verdi når dei ikkje gjev utbytte i form av kroner og øre. Då må dei ikkje stå i vegen for samfunnsutviklinga, som til dømes kjøpesentre, byggefelt og vegar. Verdien vi tillegg vår eigen kulturarv er difor ikkje særleg høg, meiner Oma.

– Det er naudsynt å mane til refleksjon kring kva verdiar som styrer utviklinga av samfunnet der kulturminne som er tusenvis av år blir øydelagt for kortsiktige vinstar som å laga nye parkeringsplassar, reflekterer Oma.

Oma skal på opninga av Forskingsdagane i Stavanger-regionen samtale med kollega Sverre Guldberg frå Arkeologisk museum, historikar Ellen Vea Rosnes frå VID vitskaplege høgskole og generalsekretær i Flyktninghjelpa Jan Egeland.

Misjonsarkivet gjev unik innsikt

På VID vitskaplege høgskole gjev Misjonsarkivet eit unikt innblikk i kva dei norske misjonærane i utlandet rapporterte heim. Den immaterielle delen av historia til Madagaskar blir forvalta på to ulike måter – på ein måte i lokalmiljøa på Madagaskar og frå eit anna perspektiv i arkivet her i Stavanger.

Ellen Vea Rosnes er sjølv eit såkalla misjonærborn. Ho har forska på misjonsverksemdas historie og kva arkivet kan fortelje om lokalhistoria på Madagaskar.

I Europa er det i dag opne konfliktar om korleis ein skal tolke historia og konflikt om kva minne som blir formidla vidare til generasjonen som veks opp no. Mange ulike grupper prøver å ta makt over historia – kva står då på spel? Kva minne vil stå igjen etter oss om 200 år? 

Den tidlegare NRK-programleiaren Guttorm Andreassen leier samtalen, som vil gje ulike perspektiv og innsikt i kva kulturminne betyr for oss menneske, og kva makt som finst i det å eige og forvalte dei immaterielle kulturminna.

Alle arrangement på Forskingsdagane er gratis. Les om fleire arrangement og sjå heile programmet på uis.no/forskningsdagene og videre info til påmelding.

Arrangementet vert også strøyma.