Hopp til hovedinnhold

Opplev UiS frå nye sider under Forskingsdagane

Hav er tema for årets nasjonale forskingsfestival som kan skilte med over 20 arrangement i Stavanger-regionen. Bli med på festaften for havet, jordomsegling og samtalar om korleis drive fiskeoppdrett utan å øydelegge havet. Og mykje meir.

Publisert: Endret:

En sjøhare
Kva finst under havoverflata i Rogaland?
Sjå heile programmet til Forskingsdagane i Stavanger-regionen.
Alle arrangement er gratis!

Onsdag 21. september kl. 16.30 startar festivalen med åpningsfesten Havet og oss på Arkeologisk museum. Arrangementet tek form av ein forskingspub-spesial med Guttorm Andreasen og fire forskarar frå forskingsinstitusjonane Norce, Museum Stavanger, Arkeologisk museum og Universitetet i Stavanger.

Kompilasjonsfoto av flere forskere og to skapninger fra havet
Fire forskarar frå fire forskingsinstitusjonar møtast for å samtale om havet.

Her får du bli med på ei reise under havoverflata og samtidig får du ein statusoppdatering på havets tilstand. Lær om utferdstrong og båtbygging i yngre jernalder, og korleis menneskets trang til å temme havet har gitt oss ny kunnskap og drive teknologien framover.

Skandinavias kolonihistorie og historiar om jordomsegling

Mann ombord i en båt ser utover havet
Kva opplevde jordomseglarane?

På Universitetsbiblioteket på Ullandhaug torsdag 22. september kl. 13 kan du oppleve førsteamanuensis og forfattar Frode Skarstein i samtale med forfattaren Kim Leine om hans storslåtte trilogi om skandinavisk kolonihistorie.

Like spanande blir det mandag 26. september kl. 18 på Maritimt museum då Magne Drangeid – i samtale med Hadle Oftedal Andersen – fortel om si forsking på jordomseglarars reisebøker. Med seg har dei rockesangar og kystseglar Jørgen Tjemsland som bidreg med seglarens blikk og musikalske innspel.

Berekraftig havbruk – myte eller realitet? 

Havbruk er peika på som ei av dei mest lovande næringane som skal gje Norge nye arbeidsplassar, aukte eksportinntektar og mat til ei veksande verdsbefolking. Ambisjonen er ei femdobling av produksjonen av laks og ørret innan 2050.

Tre portretter
Ragnar Tveterås ved Handelshøgskolen ved UiS møter Norce-forskar og Klimastiftelsen til samtale om berekraftig havbruk.

Saman med Norsk klimastiftelse og Kirsten Øystese spør vi forskarane Ragnar Tveterås og Fiona Provan om kor mykje laks vi kan få ut av havet uten å øydelegge det. Det skjer på Universitetsbiblioteket på Ullandhaug fredag 23. september kl. 13.

Få også med deg journalist Simen Sætre, som er aktuell med boka Den nye fisken, der han tar for seg oppdrettslaksens historie. Han møter blant andre Kristina Furnes fra Grieg Seafood og Mads Martinsen fra Skretting til ein debatt om forsking og utvikling i oppdrettsbransjen. Det skjer på Tungenes fyr søndag 25. september kl. 19.

Forskingtorget og Matløypa – til glede og oppleving for vaksne og barn

Ta med deg barna på Forskingstorget laurdag 24. september på Stavanger torg frå kl. 11 til 15 og opplev forskinga på nært hald. Her er det aktivitetar for store og små: hjerneforsking, mattenøtter og racerbil. Her møter du forskarar som vil fortelle deg om grønt medborgarskap, mikroplast, havnespy, oljevernberedskap og havteknologi. Og mykje meir.

Fire barn i barneskolealder står foran en maskin som bygger legoklosser og en plasmalampe.
Nysgjerrige barn på Forskingstorget 2021.

Alle barn bør også ta med seg foreldre og søsken til Matløypa på Ullandhaug søndag 25. september frå kl. 12 til 15. Då kan du delta i ei lærerik sporløype og smake på lam tilberedt i kokegrop på Jernaldergarden eller utforske gaming på Arkivenes hus. Ullandhaugtårnet, Ullandhaug økologiske gård og Stavanger botaniske hage er også med på Matløypa.

Stand up med en kvinne på en scene
Annie Haver (UiS) på Forskar Standup på Kåkå i 2021.
Forskar standup på Kåkå

Like sant som det er Forskingsdagane, trer forskarane ut av komforsona og deltek på Forskar standup på Kåkå/Påfyll – 28. september og 29. september. I år møter du forskarar frå UiS, NORCE, SUS og MUST.

Sjå heile programmet til Forskingsdagane i Stavanger-regionen.
Og hugsk: Alle arrangement er gratis!