Her kan du lese orienteringa som rektor heldt for styret 5. februar 2026.

Totalberedskapsåret 2026
Totalberedskapsåret 2026 braka laus med den årlege Samfunnssikkerhetskonferansen ved Universitetet i Stavanger torsdag 8. januar, som blir arrangert i samarbeid med Stavanger Universitetssjukehus, Statsforvaltaren, Politiet og Forsvaret. Temaet er meir relevant enn nokon gong, men at nærmare 460 menneske skulle finne vegen var likevel i overkant av det me hadde forventa. Konferansen var ein stor suksess, og eit førebilete for kva rolle Universitetet i Stavanger kan spele i grensesnittet mot samfunnet rundt oss. Samfunnssikkerheit er eit fagfelt der Universitetet i Stavanger allereie er godt posisjonert, og der me tek sikte på fornya satsing i tida som kjem.
Sikkerheit og beredskap stod også sentralt i den årlege Kontaktkonferansen i regi av Kunnskapsdepartementet, som gikk av stabelen tysdag 20. januar. I innleiingstalen tok statsråd Sigrun G. Aasland høvet til å minne om hovudtrekk i politikken overfor universitet og høgskular i åra som kjem. Trongare statsfinansar, hardare politisk prioriteringar og stagnasjon i ungdomskulla gjer at UH-sektoren ikkje kan rekne med inntektsvekst via Statsbudsjettet i åra som kjem. Statsråden melder i tillegg om meir styring, og er især oppteken av at kalibreringa av kritiske utdanningar står i stil med samfunnets behov.
Meir styring, hardare prioritering
Statsråden sin bodskap under Kontaktkonferansen reflekterte langt på veg innhaldet i det årlege tildelingsbrevet frå Kunnskapsdepartementet. Brevet er eit viktig styringsdokument, som oppsummerer føresetnadar og forventningar rundt tildelinga av økonomisk ramme under Statsbudsjettet 2026. Her minner Kunnskapsdepartementet igjen om at redusert økonomisk handlingsrom vil gjere det naudsynt å prioritere strengare også innanfor høgare utdanning og forsking. Vidare understreker Kunnskapsdepartementet behovet for at universiteta bidreg til relevant kunnskapsbygging, omstilling og effektiv ressursbruk – i eigen organisasjon og i samfunnet elles.
I tråd med statsrådens bodskap om meir styring, skisserer tildelingsbrevet vidare prosessen for oppdatering av den bilaterale utviklingsavtalen med Universitetet i Stavanger, som skal etablerast i løpet av 2026. Kunnskapsdepartementet signaliserer eit høgare ambisjonsnivå for utviklingsavtalen som styringsverktøy, med ambisjonar og mål som skal reflektere klarare prioritering, meir tydelege institusjonsprofilar og betre arbeidsdeling mellom universitet og høgskular. Vårt første utkast til utviklingsavtale vil bli lagt fram for styret i mars-møtet, og vil deretter danne grunnlag for vidare dialog med Kunnskapsdepartementet.
Forventningar om betre arealbruk
Kunnskapsdepartementet har i løpet av fjoråret gjennomført ei kartlegging av planar for arealeffektivisering ved universitet og høgskular, og nyttar tildelingsbrevet til å minne om forventningar til god og nøysom arealbruk. Dette føyer seg godt til innsatsen for arealutvikling ved Universitetet i Stavanger, der me fortsatt arbeidar mot ein ambisjon om å redusere årlege arealkostnadar med 30 mill kroner (om lag 10 prosent) innan 2030.
I desembermøtet i fjor fekk styret ei orientering om status for arealutviklingsprosjektet. For tida vurderar me innspel frå høyringsrunden til ny arealpolitikk og retningslinjer. Samtidig arbeidar organisasjonen arbeidar tett saman med Statsbygg med kostnadsanalysar og tekniske vurderingar, og ikkje minst med analysar av gevinstar og konsekvensar av ei eventuell utfasing av Hulda Garborgs Hus. Tida strekk diverre ikkje til for å fremje resultata for styret allereie i mars, og planen er difor å presentere ei sak om arealutvikling for styret i juni.
Gjennomslag for nye forskingsprosjekt
Professor Daniela Maria Pampanin ved Teknisk naturvitskapleg fakultet har mottatt 6 millionar kroner frå EU til eit internasjonalt samarbeidsprosjekt med 15 partnarar frå åtte land om effekter av kjemisk forureining, nye miljøgifter, marin forsøpling og klimaendringar i havet.
Det er gledeleg å melde at forskarar ved Universitetet i Stavanger også finansiering av forskingsprosjekt utanom EU og Norges Forskingsråd. Forskar Charlotte Alexandra Wrigley ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora leiar Nordforsk-prosjektet ROOTS, som utviklar berekraftige løysingar for forvaltning av skogarv i Norden. Avdelingsleiar Lana Bubalo ved Handelshøgskolen UiS deltek i AUTO-MARE, som undersøker forhold rundt utviklinga av maritime autonome overflateskip i Norden og Østersjø-regionen. Og til slutt tek eg med professor Helle Sjøvaag ved Samfunnsvitskapleg fakultet, som deltek i forskingsprosjektet (Re)capturing AI der tema er korleis generative søkemotorar påverkar mediemangfald, demokratisk diskurs og digital suverenitet i Norden.
“Hele UiS leser” er eit initiativ frå Universitetsbiblioteket som skal skape leseglede og engasjement på tvers av UiS. Studentar og tilsette får eit gratis eksemplar av Dørene lukkes – en liten bok om sjekking av Maren Skolem. Boka tematiserer blant anna psykisk helse, utanforskap, dating og vennskap, blir løfta fram gjennom fleire arrangement, i undervisning og studentorganisasjonen ExLibris sin bokklubb.
Fullt trykk på studentrekruttering
Arbeidet med studentrekruttering har god fart og brei nasjonal dekning, med mål om å halde fram den positive utviklinga i søkjartala frå dei siste åra. Dei første svara får me når resultata frå samordna opptak er klare seinare i vår.
I mellomtida er det mykje som tydar på at me når hovudmålgruppa effektivt både fysisk og digitalt, og at Universitetet i Stavanger oppnår god synlegheit sosiale medium og andre nettbaserte kommunikasjonsflater.
I arbeidet med studentrekruttering og fleksible utdanningstilbod, har me lansert ei ny vising av studieplanar på heimesida vår. Denne er meir brukarvenleg for studiesøkjarar og studentar, med betre vising av studieløp, emneval og valmoglegheit.
Me gler oss elles over at den kjende sosiologen og samfunnsfilosofen Hartmut Rosa kjem til Stavanger for å halde Steffens-forelesinga 2026 den 12. februar, med tittelen Dømekraftas vilkår i vår tid. Hjarteleg velkomen, alle saman!