Rektor Klaus Mohn si orientering i styremøtet 17. september 2026.

Vellykka semesteropning
Ei vellykka semesteropning er bak oss og eit nytt studieår er i god gjenge, med yrande liv på universitetsområdet. Styret er allereie orienterte om at søkjartala til UiS var svært gode i år. Det knyt seg spenning til kor mange som faktisk stiller til studiestart, og difor er eg glad for å kunne fortelje at dei førebelse tala for opptak er svært positive, dei også. Over 5000 nye studentar har møtt til studiestart. Det er åtte prosent fleire enn i fjor, og dermed steig den gjennomsnittlege oppfyllingsgraden frå 114 til 119 prosent. Særs gledeleg er utviklinga ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, der oppfyllingsgraden har auka frå 94 til 115 prosent. Fakultetet sitt vidareutdanningstilbod syner også positiv utvikling. Samla har me god oppfylling ved alle fakulteta, noko som gir eit godt grunnlag for aktivitet og studiekvalitet i åra som kjem.
Campusutvikling på rett kurs
Campusutviklinga har vore positiv dei siste åra, med nytt studenthus som førebels krone på verket. Det ber no frukter i form av godt oppmøte på universitetsområdet. Dette er i tråd med strategien for UiS, som bygg på overtydinga om at fysisk kontakt mellom studentar og lærekrefter er ein viktig føresetnad for utviklinga av eit framifrå lærings- og arbeidsmiljø.
Den nye studentappen Mine Studier blei lansert ved UiS 5. august. Appen samlar sentral informasjon og tenester i studiekvardagen, slik at studentane enklare finner relevant og personleg tilpassa informasjon. Over 8000 studentar har allereie tatt appen i bruk, og tilbakemeldingane er positive. Innhaldet blir henta frå eksisterande system, slik at appen ikkje medfører nye arbeidsprosessar for tilsette. Universitetsbiblioteket vidarefører samstundes arbeidet med Levende campus gjennom ei spørreundersøking i oktober, og tiltak for å bevare og vidareutvikle gode lærings -og arbeidsmiljø vil bli gjennomført deretter.
Ungdommens forskarnatt
Fredag 25. september finn om lag 1000 elevar frå vidaregåande skular vegen til Universitetet i Stavanger for det som ligg an til å bli ei fengande årleg forskarnatt. Som ledd i arbeidet med studentrekruttering er målet å skape forståing og begeistring for forsking. I ei uformell setting blir ungdommane møtt med ei rekke miniforedrag, lab-besøk, stands, premier og show.
Ungdommens forskarnatt er ein del av Forskningsdagene og arrangerast i tilknytning til Researcher's Night, som skjer over heile Europa same fredagen. Arrangementet har fått støtte frå Norges forskningsråd, Sparebanken Norge og Rogaland fylkeskommune. Utan det sterke engasjementet blant våre tilsette ville eit slikt arrangement ikkje være mogleg. Eg tek difor høvet til å takke dei meir enn 100 UiS-tilsette som stiller opp for universitetet denne fredagskvelden.
Høgt trykk på eksternfinansiert aktivitet
Tal for bidrags- og oppdragsfinansierte inntekter viser ei viss utflating, men utsiktene er likevel gode. UiS mottek jamnleg løyve til nye prosjekt, søknadsaktiviteten er høg, og seks parallelle sentersøknadar får no støtte frå Divisjon forsking fram mot innsending.
Ekstern finansiering gir forskarane auka forskingstid og er ein viktig motivasjonsfaktor, heilt i tråd med tankesettet bak dei nye retningslinjene for arbeidsplanlegging. Samstundes ser me utfordringar som påverkar BOA-utviklinga. Etter omstillinga har fleire erfarne forskarar avgrensa kapasitet til nye søknadar, og kapasiteten innan forskingsadministrasjon er og pressa som følge av både omstillinga og høgare krav og forventningar til oppfølging. Konkurransen om eksterne midlar er skjerpa, ikkje minst fordi talet på søknadar har auka på grunn av introduksjonen av kunstig intelligens, eller storskala språkmodellar for å være spesifikk. Med ei imøtekomande haldning til ny teknologi har UiS gode føresetnadar for å gjere bruken av kunstig intelligens til eit konkurransefortrinn.
Statsbudsjett og kompetansebudsjett
Statsbudsjettet for 2027 blir lagt fram onsdag 7. oktober. Då får me svar på om UiS er høyrt når det gjeld forslag til satsingar utanfor ramma. På vår liste står arealutviklingsprosjektet for Arkeologisk museum, fleire studieplassar til profesjonsstudiet i psykologi, samt fleire stipendiatstillingar.
På same dag vil Kunnskapsdepartementet legge fram det såkalla Kompetansebudsjettet. Her vil ei kartlegging av kompetansebehova i samfunns- og arbeidslivet bli kopla til kalibrering, styring og budsjettmessig prioritering for universitet og høgskular i åra som kjem. Utan kjennskap til detaljane i Kompetansebudsjettet, knyt det seg naturleg nok både interesse og spenning til framlegginga.
Riksrevisjonen starta sin årsrevisjon med oppstartsmøte 14. september 2026. Interimrevisjonen startar medio oktober. I samband med implementering av ny lov og forskrift om offentlege anskaffingar er me i gang med å lage ny anskaffingsstrategi for universitetet.