Orienteringa frå rektor til styret 25. september 2025

Her kan du lese orienteringa som rektor held for UiS-styret 25. september 2025.

Publisert Sist oppdatert

Campus UiS

Innleiing

Eit nytt semester ved UiS blei opna mandag 11. august, og markerte samstundes starten på Fadderuka. Oppstarten har gått bra, og studieåret er i god gjenge. Talet på frammøtte studentar er alltid omfatta med stor interesse, fordi studieprogramma våre er avhengig av ei viss overoppfylling for at måltal for gjennomstrøyming og fullføring kan nåast. Så langt tydar mykje på ein viss framgang i oppfyllingsgraden frå i fjor, så det er me godt tilfreds med.

Den største og mest positive nyheita så langt i haust var då statsministeren kom til UiS laurdag 23. august, for å melde at regjeringa vil foreslå 30 nye studieplassar til profesjonsstudium i psykologi ved Universitetet i Stavanger. Med denne nyheita var ein stor usikkerheitsfaktor rydda bort, og vegen vidare opna seg. Planlegginga av studiet har skote fart, og siktar mot første opptak hausten 2026.

I tillegg til denne saka har mi merksemd retta seg mot integreringa av NHS – Institutt for leiing og tenesteutvikling ved Handelshøgskulen UiS, etter at styret i juni vedtok overflytting med verknad frå 1. januar 2026. Uroa rundt saka har lagt seg, og førebuingane av samanslåinga er i god gjenge. I tråd med bestillinga frå styret kjem me tilbake med ei statusoppdatering i møtet 14. oktober, som vil omfatte ressursplanlegging, økonomi og gevinstrealisering, organisering og innplassering av tilsette, ivaretaking av studietilbod og arbeidsmiljø, samt sikring av medverknad og god kommunikasjon. I eit eige møte med hovudverneombodet har eg samtalt godt om utfordringar og oppsider rundt denne saka, og rundt andre saker knytt til omstilling og arbeidsmiljø.

I junimøtet vedtok styret vidare at Universitetet i Stavanger skal halde fram medlemskapen i -nettverket, men at me trekk oss frå vidareføring av samarbeidsprosjektet ECIU University med verknad frå oktober 2026. I saksframlegget ble i styret varsla om at endringar i regelverket for tilknyting ikkje kunne utelukkast, på eit vis som ikkje tillet medlemskap i nettverket utan at ein og er med i ECIU University. Ei slik sak står på agendaen for eigarmøtet i ECIU, som møtest i høve ECIU-styremøtet i Lodz i Polen i dag. I mitt fråver er UiS representert ved min stedfortreder, prorektor og professor Merete Vadla Madland. I forkant av møtet har me sendt eit eige brev til leiinga i ECIU, for å underbygge vår posisjon. Til beste for begge partar argumenterer me her for at ECIU ikkje bør ta avgjerder som avskjærer UiS frå medlemskap i nettverket i tida som kjem. Om ECIU – i dag eller seinare - skulle landa på ei avgjerd som utfordrar styrevedtaket frå junimøtet i år, så vil me gjere ei ny vurdering og kome tilbake til styret med ei tilpassa tilråding.

Divisjon utdanning: Opptakstala peikar oppover

Denne hausten har nærmare 4800 studentar registrert seg til om lag 4200 opptaksplassar. Dette gir ein oppfyllingsgrad på 114 prosent, som er ein oppgang på heile ti prosentpoeng sidan i fjor. Målet på 115 prosent er dermed innan umiddelbar rekkevidde. Styret har allereie fått signal om at oppfyllingsgraden ville peike oppover, men ein så stor framgang var meir enn forventa.

Over tid vil auken i oppfyllingsgrad få positive konsekvensar, og det kan me trenge etter sviktande oppfylling i 2024. Føresetnaden er at studiepoengproduksjonen per student kan haldast ved lag, og at fråfallet ikkje aukar. Styret vil få ei meir grundig orientering om opptaket i neste styremøte.

I årets søknadsrunde for meriterte undervisarar fekk me inn 38 søknadar. Åtte undervisarar oppnådde status som merittert, slik at me no har totalt 25 meriterte undervisarar ved UiS. Alle fakultet har minst éin merittert undervisar. Dei nye meriterte undervisarane blei ønska velkomen under ei markering i september. Dette markerer starten på eit kollegialt nettverk som skal bidra til pedagogisk utviklingsarbeid på institutt-, fakultets- og institusjonsnivå. Erfaringane frå årets runde, inkludert justeringar i retningslinjene, blei drøfta i Utdanningsutvalet i går. Ei ny utlysing er på trappene i løpet av hausten 2025.

Divisjon organisasjon og infrastruktur: Betre bruk av areal

Arealbruk og omstilling
Gjennom sommaren har me sett i verk omfattande tiltak for å redusere husleigekostnader, mellom anna ved å fase ut leigeavtalar og flytte fagmiljø tilbake til hovudcampus og til nye areal nær det nye sjukehuset. Prosjektet som skal bidra til reduksjon av årlege husleigekostnadar med 30 millionar kroner er godt i gang, og styret vil få ei oppdatering om dette i desember.

Frå 1. september er det innført betalt parkering på heile universitetsområdet. Innføringa har gått bra, og den nye ordninga vil bidra til at tilsette og studentar veljar andre transportformer, slik at utfordringane med knappe parkeringsareal blir mindre.

Likestilling, inkludering og mangfald
Arbeidet med likestilling, inkludering og mangfald har hatt høg prioritet. Me har etablert eit LIM-utval, arrangert workshopar, nettverkskonferanse og kurs i mangfaldsleiing. Strammare rammevilkår gjer no at me må ta ned ressursbruk, møtefrekvens og saksomfang til i LIM-utvalet. Gjeldande handlingsplan blir forlenga til utgangen av 2026. I tråd med tidlegare vedtak vil styret få jamnleg oppdatering om arbeidet med likestilling, inkludering og mangfald.

Samarbeid med israelske institusjonar
Styret har vedtatt at vi ikkje skal inngå nye samarbeidsavtalar med israelske institusjonar. Vedtaket reiser utfordringar knytt til innkjøp, der lov og forskrift ikkje tillet diskriminering av tilbydarar basert på nasjonalitet. Så langt har ikkje israelske føretak vunnet fram i anbodskonkurransar ved UiS, men om dette skulle skje, så får me eit dilemma i høve det aktuelle styrevedtaket. Samstundes gjer eg merksam på at UiS har gode rutinar for å fremje respekt for grunnleggjande menneskerettar ved anskaffingar med høg risiko for brot på slike rettar, i tråd med lovverket. Risikovurderingar ved UiS følgjer her tilrådde retningslinjer frå DFØ og Etisk Handel Norge.

Energisentralen og klimaeffektar
Den nye energisentralen ved campus Ullandhaug bidreg til betydelege reduksjonar i klimagassutslepp, driftskostnader og effektbelastning på straumnettet. Sidan oppstarten i september 2024 er innkjøpet av energi redusert om lag 70 prosent samanlikna med tidlegare løysingar. For dei første åtte månadane i år er CO₂-utsleppa reduserte frå 664 tonn til 182 tonn samanlikna med fjoråret. Energiproduksjonen i denne perioden svarar til det årlege snittforbruket til over 260 norske einebustader. Fleire av brønnane er instrumenterte med avansert måleteknologi. Dette representerer ein forskingsinfrastruktur som gir UiS ein unik posisjon nasjonalt og internasjonalt.

Divisjon forsking: Utvida forskingshorisont

Så over til forsking. Men det skal framleis handle om Energisentralen. Forskingsavdelinga jobbar målretta for å auke vår deltaking i Horisont Europa, ikkje minst ved å løfte kompetanse og kvalitet rundt søknadsarbeidet. I sommar fekk me enda ei god utteljing: prosjektet GeoSustain, koordinert av UiS, ved Mohsen Assadi (TN: Institutt for energi- og petroleumsteknologi), er tildelt 3 millionar Euro gjennom Clean Energy Transition Partnership. Med partnarar frå Sverige, Canada, Austerrike, Polen og Nederland er målet å utvikle berekraftige geotermiske løysingar for oppvarming og kjøling. Spesielt interessant er det at Energisentralen ved UiS speler ei nøkkelrolle i prosjektet. Dermed kan vi alt no slå fast at denne strategiske investeringa løfter forskingsaktiviteten og styrker universitetet sin posisjon innan energiomstilling mot det grøne skiftet.

Vi er også glad for at Center for advanced study (CAS) har kunngjort at Rosemary Rhiannon Bishop, førsteamanuensis ved Arkeologisk Museum, er den første mottakeren av Hernes-CAS mobilitetstipend. Rosemary skal fordjupe seg i jordbruksproduktivitet i tidlegare tider under eit opphald ved CAS sin søsterinstitusjon i Uppsala i Sverige.

Cristin og UiS Brage er erstatta av Nasjonalt vitenarkiv (NVA), som er ei felles nasjonal løysing for forskingsinformasjon og vitenarkiv. NVA vil gjere forsking og formidling frå UiS meir synleg. Biblioteket vil lære opp tilsette på UiS om korleis dei skal bruke NVA. 

I løpet av sommaren har UiS fått ein ny politikk for åpen forskning, der tidlegare målsettingar blir vidareført. På kort sikt er merksemda retta rundt open publisering og deling av forskingsdata. Universitetsbiblioteket skal presentere politikk og retningslinjer på feltet for fakultet og institutt i løpet av hausten 2025.  

Divisjon innovasjon og samfunn: Festivalstemning på Ullandhaug

For ein halv time sidan gjekk startskotet for ULLTRA! Sjølv kjem eg rett frå opninga.

ULLTRA er framtidsfestivalen som vert arrangert her på Ullandhaug som ein del av Stavanger byjubileum. 900-årsfeiringa inneheld mange ulike prosjekt og satsingar fordelt på tre hovudtema, der det eine: «Omslag» - omhandlar å løfte blikket og sjå mot framtida. Det er dette ULLTRA representerer og her står kunnskap og grøn omstilling sentralt og universitetet er aktive bidragsytarar inn i programmet.

Fredag 26. september bytter over 650 ungdommer ut fredagstacoen med underholdende forskningsformidling. Da kommer vgs-elever og lærere fra Haugesund i nord til Flekkefjord i sør for å delta på Ungdommens forskernatt. Dei skal bli betre kjent med oss, gjennom. Det er debattar, meiningsutveksling, utekinoar, konsertar, og fokus på studententreprenørskap, og studentengasjement. Denne satsinga ser vi også på som viktig arena for å vise fram vårt flotte fagmiljø og kunnskapsregionen vi er ein del av!

Alt i alt er Universitetet i Stavanger i framgang. Gjennom omstillinga har me realisert 160 av 200 millionar kroner for å møte nedtrekk i inntekter frå Statsbudsjettet, utdanningsverksemda er i framgang, me har sikra posisjonen som eit forskingstungt universitet, og med gjer oss sterkt gjeldande i samspel med arbeidslivet og næringslivet og i omverda for øvrig. Bakom dei gode resultata ligg ein imponerande innsats gjennom heile organisasjonen.

For dette fortener alle tilsette honnør og takkseiing!

Takk for merksemda så langt!