UiS innfører parkeringsavgift på campus Ullandhaug frå 1. september 2025. Studentar og tilsette skal betale maksimalt 50 kroner dagen.

Prisar
- Normalprisen for studentar og tilsette er 6,25 kroner timen i tidsrommet 08.00–16.00, maksimalt 50 kroner dagen. Resten av døgnet er det gratis parkering for tilsette og studentar. NB! Du må registrere parkering i appen, sjølv når det er gratis.
- Enkelte stader, blant anna på T. Heftyes vei ("Hestmarka") lengst øst på campus Ullandhaug, vil det vere halv pris for tilsette og studentar.
- Gjestar betaler 20 kroner timen heile døgnet og maksimalt 200 kr dagen.
- Det er 20 prosent rabatt på alle prisar ved bruk av elbil. Dette føreset at bilen har registreringsnummer som startar med "E".
- Parkering på ladestasjon - sjå under.
Slik fungerer det
Apcoa blei vald som leverandør av parkeringstenester etter ein anbodsprosess. Difor skal registrering og betaling skje gjennom Apcoas mobilapp (APCOA FLOW). Appen må brukast kvar gong du parkerer – det er ikkje automatisk skiltgjenkjenning.
Du kan også bruke betalingsautomat på området, men då må du betale den høgare gjestesatsen.
Du kan også bruke Easypark-appen, men då må du betale gjestesatsen og eit administrasjonsgebyr i tillegg.
Apcoa kjem til å ha parkeringsvakter på området, og du kan få bot dersom du ikkje har betalt eller er feilparkert (over linja / utanfor oppmerka område).
Slik får du rabatt
Tilsette og studentar får automatisk tilsette-/studentprisar ved bruk av Apcoa-appen. Du må då ha brukarprofil i Apcoa Flow, og registrere bilen din (evt. fleire) der. Slik gjør du:
- Gå til "Mine fordelsparkeringer" i appen
- Velg "Universitet"
- Søk opp UiS
- Aktiver bilen du skal parkere og godkjenn vilkåra
- Logg inn med Feide med Bank-ID eller Microsoft jobb/skolekonto.
No er du klar til å parkere med rabatt som tilsett eller student.
Andre som har krav på rabatt gjennom arbeidsgjevar (SiS, Statsbygg, eksamensvaktar osv.) kan be om å bli registrert ved å sende e-post til driftsenheten@uis.no.
Parkering på ladestasjon
Lading av elbil og plugin-hybrid skjer fortsatt gjennom Easypark-appen. Lading koster 2,50 kr per kilowattime, pluss administrasjonsgebyr, slik som i dag. I tillegg må du velge tida du skal stå parkert, og betale 5 kroner per time for dette. Prisen er lik for alle, og du treng ikkje parkeringsløyve.
Anna informasjon
- Det er gratis parkering på HC-parkeringsplassar hvis du har parkeringsbevis for rørslehemma. Dette kan du få frå kommunen.
- MC-parkering er gratis på oppmerka felt. Det er ikkje lov å parkere kjøretøy med fire hjul på MC-parkering. Mopedbil og liknande må parkere på ordinære p-plassar og betale avgift.
- Ingen parkeringsløyve som er gitt tidlegare, gjeld frå 1. september. Heile ordninga med parkeringsløyve er avslutta.
- Det er mogleg å registrere parkeringstid for fleire dagar i strekk, om du ynskjer. Maksimalt 31 dagar.
- Du får stå 2,5 timar gratis på p-plassen ved SiS Sportssenter, dersom du trener. Du må då registrere bilen din på ipad på innsida av porten i sportssenteret.
- Dei som ikkje vil bruke appen Apcoa flow, kan betale på APCOA sine nettsider.
Alternativ til biltransport
Det finst gode kollektivtilbod til og frå universitetsområdet, med gunstige prisar.
Det finst fleire sikre og låste sykkelparkeringar på UiS, ved Elise Ottesen-Jensens hus, Hagbard Line-huset, Energisentralen og SIS studenthus. Nokre av desse har gode garderobeløysingar for både studentar og tilsette.
Det finst også fleire bysykkelstativ på campus.
Samkøyring kan også vere ein ide for å spare utgifter til drivstoff, bompengar og parkeringsavgifter.
Kvifor betaling?
Det er i dag mangel på p-plasser ved universitetet, og tidvis umogleg å finne ledig plass å parkere. Det er ikkje aktuelt å bygge ned grøntareal på campus for å få plass til nye bygningar eller fleire parkeringsplassar. Parkeringsproblemet vil difor berre auke med framtidige bygg på campus og det nye sjukehuset som kjem.
Campusutviklingsplanen for UiS har eit mål om fleire grøne område og meir biodiversitet på campus, samstundes som vi skal bidra til internasjonale og nasjonale mål om klimakutt og naturbevaring. Grøn omstilling står i sentrum for UiS sin strategi, og inneber mellom anna eit mål om å redusere biltrafikk til og frå campus.
Det er difor behov for å regulera etterspurnaden etter parkeringsplassar. Statistikk og forsking viser at betaling kan verka formålstenleg, også for å sikre at det alltid er ledige plassar for dei som må køyre bil.
Universitetet i Stavanger blir difor eitt av fleire universitet og høgskular som dei siste åra har innført betalt parkering.
UiS betalar i dag høg leige og andre driftskostnadar for p-plassane. Parkeringsavgiftene skal bidra til å dekkje desse kostnadene, og eventuelt overskot vil gå til tiltak som fremjar alternativ til bil, som sykkelparkering og liknande.