Pressekonferanse med Ola Borten Moe om søkartala til høgare utdanning

Onsdag 27. april presenterer forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe og Samordna opptak søkartala til universitet, høgskular og fagskular. Pressekonferansen er på Universitetet i Stavanger.

Published Sist oppdatert
Ola Borten Moe snakker med to journalister
Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe kjem til Universitetet i Stavanger for å presentere årets opptakstal innan høgare utdanning.

Presse og andre interesserte kan følge pressekonferansen her: Direktesending av pressekonferanse om søkartala til høgare utdanning

Fristen for å søke høgare utdanning var 20. april, og onsdag blir det kjent kva slags trendar vi ser blant søkarane i år. Er det til dømes fleire eller færre søkarar enn i fjor? Og kva for utdanningsområde har størst vekst, og kva for utdanningsområde har størst nedgang?

Pressekonferansen er på Universitetet i Stavanger. Ellen og Axel Lunds hus, auditorium 317, klokken 11.00.

Direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Sveinung Skule, vil presentere søkartala og fortelje om dei store linjene. Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe vil kommentere søkartala og svare på spørsmål.

Pressa er velkomen og det blir høve til å intervjue statsråden og Skule. Fungerande rektor ved UiS, Merete Vadla Madland, vil også vere til stades.

Kontaktperson for spørsmål og påmelding: kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet Tuva Gaarder Nordlie: 93668715 eller e-post: tgn@kd.dep.no.