Priscila fekk jobbe med musikarar og utøvarar på høgt nivå

Musikkproduksjon og opptaksteknikk blei ei moglegheit til å auke erfaringane på feltet

Published Sist oppdatert
Priscilla Serrano spiller gitar

Namn: Priscila Serano

Alder: 37 år

Har studert ved UiS: Musikkproduksjon og opptaksteknikk

Jobbar med: Visuell kunst, grafisk design, musikk, produsering, lydingeniør, lærar

Instrument: Gitar, stemme, trommar, bass, keyboard

Kvifor valde du å studere musikkproduksjon og opptaksteknikk?

Eg såg dette som ei moglegheit til å auke erfaringane mine på feltet, og få sjansen til å spele inn med kvalitetsutstyr på prestisjetunge arenaer som Stavanger konserthus. Dette vil også garantere å jobbe med musikarar og utøvarar på høgt nivå, noko som alltid er eit pluss.

Kva er dine beste minne frå studietida?

Å ta opp lyden frå ein trompet i ein lang korridor på campus, for så å eksperimentere med romklang og mikrofonvariasjonar. Og det å kunne dele opplevinga mi med dattera mi. Eg fekk lov til å begynne på programmet mens eg var høggravid, og fekk deretter moglegheita til å ha henne med under timene og innspelingsproduksjonar. Det var ugløymeleg, og ein milepæl for meg som stolt aleineforelder.

Kva er det beste med jobbane dine?

Variasjonen av folk eg jobbar med, dei ulike type prosjektane, og det kulturelle mangfaldet. MPO-programmet har alle desse elementa, og eg tok nytte av dei for å utvide nettverket mitt, samt å få inspirasjon til å starte nye prosjekt og samarbeid.

Eg nytta meg også av programmet til å stimulere mine eigne lydrelaterte prosjekt, og til å utvikle og utvide innspelingsstudioet mitt. Som ein del av min avsluttande eksamen designa er og bygga ein innspelingsbod for å spele inn vokal og andre instrument.

Kva er dine beste råd til studentar?

  1. Ta nytte av all utstyret for å begynne å utvikle nye prosjekt frå dag ein.
  2. Gå ut og ta opp lyd, lær å rigge, møt menneske, og få forbindingar.
  3. Ta initiativ til å lære, lese og å øve på eigenhand.
  4. Lær deg å kveile leidningar ordentleg.
Les også: Frida har studert MPO og jobbar i dag med å drive og administrere eit lydstudio