Psykologistudium får 10 millionar frå Ulla-Førre

Ulla-Førrefondet Rogaland gir 10 millionar kroner til oppstart av profesjonsstudiet i psykologi ved UiS.

Publisert Sist oppdatert

Seks personer oppstilt foran en stor bygning
Ulla-Førrefondet innvilger søknad på 10 millioner kroner til å dekke deler av oppstartskostnadene med nytt profesjonsstudium ved UiS! Fra venstre: Dekan ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet, Kolbjørn Brønnick, prorektor for innovasjon og samfunn, Marte C.W. Solheim, rektor Klaus Mohn, styreleder i UF-fondet, Jonas Andersen Sayed, styremedlem og representant for Lyse, Leif Harald Jensen og styremedlemmer i UF-fondet Asle Rafdal og Anne Marie Lund. (Bildet er fra en tidligere anledning)

Det betyr at UiS har 50 av dei 60 millionane som er nødvendige for å dekke oppstartskostnadane til det nye studiet. Universitetsfondet for Rogaland har tidlegare løyva 20 millionar kroner, og nyleg blei det kjent at også Sparebankstiftelsen SR-Bank gir 20 millionar kroner.  

Finansiering i statsbudsjettet 

UiS fekk i statsbudsjettet for 2026 finansiering for 30 studieplassar til profesjonsstudiet i psykologi. Det er likevel behov for finansiering til sjølve oppstarten av studiet, blant anna fysisk og digital infrastruktur og tilsettingar, samt oppbygging av ein internklinikk. 

Klare allereie i fjor 

– Ulla-Førrefondet har tro på ringverknadane av å etablere eit profesjonsstudium i psykologi ved UiS. Vi var klare for å gi 10 millionar allereie i fjor under føresetnad av finansiering via statsbudsjettet. Det gjekk ikkje i hamn. Vi går for det same i årets tildeling med eit større håp om at dette landar på riktig side for 2026, seier styremedlem Anne Marie Lund i Ulla-Førrefondet.  

Fondet er eigd av Rogaland fylkeskommune, Lyse og Sunnhordland Kraftlag. 

Særs takksam 

Rektor Klaus Mohn er særs glad og takksam for støtta frå Ulla-Førrefondet. 

–  Ungt utanforskap og aukande psykiske helseproblem i befolkninga er eit stort samfunnsproblem. Særleg blant unge er den psykiske uhelsa urovekkande. Vårt studium vil møte desse utfordringane og no set vi i gang til hausten, seier Mohn.