Regjeringa set foten ned for medisinutdanning til UiS

Regjeringa ønskjer ikkje fleire medisinutdanningar i Noreg. Dette går fram av regjeringa sitt framlegg til revidert nasjonalbudsjett (RNB) 2022. UiS-rektor Klaus Mohn er veldig skuffa.

Published Sist oppdatert

Rektor Klaus Mohn har store forventningar til regjeringa om å innfri planane om eit profesjonsstudium i psykologi ved UiS. (Foto: UiS/Elisabeth Tønnessen)

– Regjeringa sin konklusjon vil bety kroken på døra for ei medisinutdanning med gradsrett til UiS i overskueleg framtid, seier Klaus Mohn, som er nedslått over nyheita frå regjeringa. Han tolkar bodskapen som eit nei både til ei medisinutdanning med gradsrett i ein utenlandsmodell og til ei fellesgrad mellom UiS og UiB.

– Kva gjer UiS no?

– Eg vil appellere til Stortinget om å ta affære. Ei framtidsretta medisinutdanning med gradsrett til UiS vil tene heile nasjonen, både studentane, pasientane og helse-Noreg. Om regjeringa sin konklusjon blir ståande etter stortingsbehandlinga, må me ta ein fot i bakken saman med fagmiljøa internt og med samarbeidspartnarane i regionen om vegen vidare, held Mohn fram.

Han fortel at UiS og regionen har lagt ned store ressursar i medisinsaka, og at kompetansen i medisinutdanninga til UiS er utvikla regionalt over mange år både ved UiS, i Helse Stavanger og i kommunehelsetenesta. No vil regjeringa utvikle medisinutdanning i Stavanger utan medverknad frå UiS. Det er særs beklageleg, og inneber at kompetansen me har bygd opp ikkje vil bli brukt i ei medisinutdanning ved regionens eige universitet.

UiS-rektoren meiner det har tatt lang tid frå Grimstad-utvalet la fram rapporten sin i 2019 og til innstillinga frå regjeringa kom i dag.

– Kva er din bodskap til statsråd Ola Borten Moe og regjeringa i dag?

– Statsråden er godt kjend med ambisjonane våre for satsing på studietilbod Noreg har behov for. Eg har store forventningar til regjeringa om å innfri planane våre om eit profesjonsstudium i psykologi om og når akkrediteringa frå Nokut (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) kjem. Til det treng me statleg finansierte studieplassar, seier UiS-rektoren.

Mohn meiner at studieplassar til eit profesjonsstudium i psykologi ved UiS passar som hand i hanske med formuleringane frå Hurdal-plattforma om satsing på psykisk helse, barn og unge og utanforskap. Det same gjeld regjeringa sine ambisjonar om sterke profesjonsutdanningar der folk bur og å trappe opp talet på nye studieplassar for område med særleg stort kompetansebehov.

Her kan du lese kva regjeringa seier om medisinutdanning i RNB 2022:

Dimensjonering av medisinutdanning
Norge har i dag fire medisinutdanninger. Medisinutdanning er ekstraordinært kostnads­krevende. Derfor bør utdanningen dimensjoneres på en måte som gir best utnyttelse og samordning av knappe fag- og forskningsressurser. Nyetableringer krever omfattende investeringer og er ikke kostnadseffektivt for å øke utdanningskapasiteten. Flere medisin­utdanninger vil øke rekrutteringsutfordringer og fragmentere fag- og forskningsmiljøene. Konkurranse om praksisplasser mellom flere medisinutdanninger innenfor samme helse­region vil svekke kapasitetsutnyttelsen. Regjeringen vil ikke åpne for etablering av nye medisinutdanninger. Medisinutdanningen er en integrert seksårig utdanning, og det åpnes derfor ikke for treårige studiemodeller i medisin.

I stedet er det viktig at de eksisterende medisinutdanningene tar en større del av helsetjenesten i bruk i utdanning av leger. Dette skjer i økende grad, og desentrale studiemodeller er innført en rekke steder, for eksempel i Bodø, Hammerfest og Levanger. Flere er under etablering, for eksempel i Agder og Ålesund. Desentrale studiemodeller skiller seg fra ordinære praksisopphold i distriktene ved at studentene over tid bor, mottar undervisning og gjennomfører praksis i distriktene. Desentrale studiemodeller kan gi økt rekruttering til arbeid i distriktene etter endt utdanning, og utnytter ubrukt praksiskapasitet utenfor de store studiebyene.

Her finn du lenke til teksten over i RNB 2022 (side 55).