Å være leiar kan vere gjevande, men i sanning og krevjande, sa rektor Klaus Mohn til leiarar ved UiS då dei var samla på leiarforum.
Kjære kollegaar,
God morgon, alle saman – og velkomne til Leiarforum!
Takk for at de er her, og takk for jobben de gjer!
Å være leiar kan være gjevande, men i sanning og krevjande. I medvind er det enklare enn i motvind. Og dei siste åra har me hatt ein smule motvind. Fleire leiarforum har vore via til omstillinga, og merksemda har vore samla om korleis me kan redusere kostnadane våre, korleis me kan auke inntektene våre – og korleis me kan skape handlingsrom som kan kompensere for reduksjonen i overføringane frå Statsbudsjettet. Eg veit at dette har kravd mykje av dykk, og for det skal de ha stor takk!
Strategi, ambisjonar og mål
Hovudmålet er å kunne levere på strategi, ambisjonar og mål – sjølv med trongare økonomiske rammer. Og då er det lite som kan være meir oppløftande enn at innsatsen vår er i ferd med å gje resultat. Viktige og positive resultat!
- Økonomien er i betring, underskot er snudd til overskott, omstillinga er i rute, årsverkutviklinga går ned - og med stø kurs gjennom dette og det neste året vil me ha stått av ein samla reduksjon i inntekter frå Kunnskapsdepartementet på om lag 200 mill kroner. Midt gjennom omstillinga, held UiS altså fram med å levere gode resultat, og ikkje berre på det økonomiske feltet
- UiS byr på attraktive utdanningar. Eit klart teikn på dette er at søkartala peikar oppover (3,6 prosent). Søkjartala er kanskje vår viktigaste resultat-indikator. Mange god søkjarar gir betre kvalitet og høgare inntekter. Med auke i søkjartala kan me kome inn i ein positiv spiral, der attraktivitet gir suksess i fleire dimensjonar. I år er det spesielt gledeleg at studietilbod som har hatt stagnasjon og tilbakegang i fleire år, igjen er i framgang. Til dømes gjeld dette energirelaterte studium ved TN-fakultetet, sjukepleiarutdanninga ved HV-fakultetet og grunnskulelærarutdanningane ved UH-fakultetet. Med våre ambisjonar som eit internasjonalt universitet er eg og glad for at me får fleire internasjonale søkjarar.
- UiS held stand som eit solid forskingsuniversitet. På 3. plass blant norske universitet for publisering per vitskapleg årsverk. Me har fleire senter og nettverk som er i rivande utvikling, og innslaget av samarbeid og tverrfaglege aktivitetar er på frammarsj. To ERC-tildelingar i fjor er ein milepæl, og stadig fleire EU-prosjekt får finansiering. Ambisiøse søknadar er under førebuing, både til EU og til NFR. Neste milepæl må være at me får eit SFF eller SFI. Det er berre eit tidsspørsmål!
- UiS lykkast i samarbeid med nærings- og arbeidsliv. I utdanning og forsking samarbeidar me tett med nærings- og arbeidslivet. Sjølvsagt gjeld dette for ingeniørutdanningar ved TN-fakultetet og for utdanningar i økonomi og leiing ved HH. Men samarbeidet er ikkje mykje mindre utstrakt for dei andre fakulteta. Tett samarbeid med relevante praksisarenaar eit gjennomgripande trekk ved utdanningane ved UH-fakultetet, ved HV-fakultetet og ved UK-fakultetet. Og ved SV-fakultetet blir det stadig meir vanleg med praksisopphald som del av studietilbodet. Lyse, SR-bank og Smedvig har nyleg finansiert ei stipendordning for å styrke rekrutteringa til elkraftutdanninga ved TN-fakultetet, og no står dei same tre aktørane i spissen for å etablere eit nytt kompetansefond for kanalisering av donasjonar frå næringslivet til utdanning og forsking ved UiS
Det er dermed mykje som peikar rett veg. Og eg veit at slike resultat ikkje kjem av seg sjølv. Me skuldar dermed stor takk til våre tilsette, men og til dykk som leiarar. Me har alle grunn til å være stolte over at me lykkast i å levere sjølv når tidene er tøffe.
Likevel kan me ikkje lene oss tilbake. For i omstillinga er me berre halvvegs. Det er dei lågaste fruktene som er plukka. Tiltaka som no trengst blir meir krevjande og meir kontroversielle. Difor er det viktig at prosessane er gode, og at grunnlaget for avgjerder er solid.
Til styremøtet i juni kjem det aller første budsjettframlegget for 2026. Og det ser fortsatt stramt ut, i tråd med tidlegare signal for omstillinga. Arbeidet med kostnadsreduksjonar, inntektsmobilisering og betre ressursbruk må difor halde fram på alle nivå i organisasjonen.
Nedlegging av Institutt for energiressurser
I digitalt styremøte no på torsdag vedtok styre nedlegging av Institutt for energiressursar ved TN-fakultetet. Med få og små studieprogram og tilbakegang for studentrekrutteringa blei instituttet lite og skjørt, og leiinga ved TN-fakultetet vurderte at ei samanslåing med ville gje betre utnytting av dei samla ressursane ved fakultetet.
Over tid ser dei for seg at denne justeringa av organisasjonen vil realisere eit økonomisk potensial på 5-7,5 mill kroner i sparte årlege kostnadar. Denne saka er eit godt eksempel på at justeringar av organisasjonen kan være eit godt verkemiddel i omstillinga, sjølv om dei i utgangspunktet kan være omstridte.
Tilrår flytting av NHS-ILT til HHUiS
Sjølv vil eg fremme eit liknande forslag for styremøtet i juni, der eg tilrår ei flytting av NHS-ILT til HHUiS. Trass i uroen forslaget har skapt er eg overtydd om at ei slik flytting er det beste for begge dei to partane, og ikkje minst for Universitetet i Stavanger.
Grunnlaget for tilrådinga kan oppsummerast i to ord: Strategi og økonomi
- Bedre strategisk posisjonering av UiS, redusere intern konkurranse, betre samordning og meir effektiv ressursbruk, betre robustheit og kombinert konkurransekraft
- Over tid vil denne samordninga kunne utløyse økonomiske gevinstar på opp mot 10 mill kroner i året
- Studietilbodet innafor hotellfag skal haldast ved lag, dei tilsette skal takast vare på og flyttinga skal ikkje føre med seg oppseiingar
Tilknytinga til ECIU
Eit anna omdiskutert forslag eg vil fremme for styret i juni er ei justering av tilknytinga til European Consortium of Innovative Universities. Her vil eg foreslå at me held ved lag medlemskapen i -nettverket, men at me ikkje blir med når prosjektet ECIU University skal førast vidare til neste fase i 2027. Dette vil spare oss for om lag 90 prosent av kostnadane knytt til ECIU-medlemskapen i dag, medan mange av fordelane ved å være med i nettverket vil stå ved lag.
I ein organisasjon av stolte fagmenneske med stort engasjement og er slike avgjerder naturleg nok omdiskuterte. Og kjenslene har vore mange og sterke. Sjølv blir eg pepra med argument og inntrykk, internt og eksternt, både i desse og andre saker. Då gjeld det å halde hovudet kaldt, og gje plass til fakta, la dei beste argumenta vinne fram.
Desse to sakene har eg difor tenkt mykje på gjennom vinter og vår, og avgjerda om å fremme dei to forslaga bygg på ei overtyding om at dei er til det beste for Universitetet i Stavanger.
Framifrå arbeidsmiljø er ein del av strategien
Økonomisk motvind, omstilling og omstridde avgjerder kan tære på både leiarar og tilsette, og i sin tur gjere skade på arbeidsmiljøet. Sjølv tenker eg at dette er overmåte viktig, etter som me ikkje kan lykkast korkje i utdanning eller forsking om me har tilsette som ikkje trivast på jobben.
Difor er eit framifrå arbeidsmiljø eit viktig element i strategien for UiS. Og difor sette eg arbeidsmiljøet på agendaen på eit av dei første leiarsamlingane etter at eg blei rektor. Då var me i medvind, pilene peika oppover, og arbeidsmiljøet var upåklageleg. I dag er det annleis. For kveitebrødsdagane er over, og vinden har snudd. Desto viktigare er det at me lykkast i å ta vare på våre tilsette og halde arbeidsmiljøet ved lag.
Resultata frå arbeidsmiljøundersøkjinga
Eg har fått mange hint gjennom det siste året om at trivselen er på veg ned, at folk tenker på å slutte, og at det går så som så med arbeidsmiljøet. Men alt er basert på informasjon av det anekdotiske slaget. I dag får me presentert resultata frå årets arbeidsmiljøundersøkjing.
Eg har fått ein snikpremiere på dei overordna tala for UiS. Og her er det lite som tydar på noko krise. «I hovudsak ser det ut som om folk har det bra ved UiS», sa Kirsti Godal Undebakke, som presenterte resultata for meg. Men spreiinga er betydeleg, og det er sjølvsagt nokon som har det mindre bra på jobb enn andre. Dette håpar eg de vil ta tak i, og eit mål med samlinga i dag er nettopp å gje støtte til oppfølgjinga av resultata frå årets arbeidsmiljøundersøkjing.
UiS får god score på leiing (4 av 5). Men tilbakemeldingar to nivå opp er lågare, og det er truleg eit utslag av omstillinga. Tilsette melder vidare at dei saknar informasjon og medverknad i viktige avgjerder. Her ligg eit viktig ansvar på dykk som leiarar, som må vurdere korleis tilsette kan gje innspel utanfor dei formelle organa.
Som de vil sjå om ikkje lenge er det mykje å glede seg over i arbeidsmiljøundersøkjinga. Ikkje minst gjeld dette eit godt innovasjonsklima og godt medarbeidarskap. I det vidare vil eg oppfordre alle til å involvere tilsette når handlingsrommet skal utforskast, både for arbeidsmiljø og omstilling.
Kommunikasjon on informasjon
God kommunikasjon og tilgang til informasjon er ein viktig faktor i eit velfungerande og godt arbeidsmiljø.
- Difor har eg introdusert allmøter på nett etter kvart styremøte, sjå nederst på omstillingssida
- Difor har me igjen opna Debattforum på intranett
- Og difor legg me stor vekt på løypande kommunikasjon og informasjonsdeling via intranett
Ingenting av dette kan erstatte leiarlinja, som kanskje er vår aller viktigaste kanal for kommunikasjon og informasjon. Å halde seg oppdatert er eit leiaransvar, og til dette ansvaret høyrer det også med å dele og vidareformidle til tilsette og organisasjon.
Leiarskap som kan sikre eit godt arbeidsmiljø i ein organisasjon i omstillinga er tema for dagens program. Me skal få erfaringsdeling frå eksterne gjester og frå vår eigen organisasjon. Me får presentert resultat frå vår eiga arbeidsmiljøundersøking. Og me skal ha gruppearbeid knytt til oppfølginga av resultata frå arbeidsmiljøundersøkinga.
Sjølv ser eg fram til ein triveleg og lærerik dag i lag med dykk alle.
Og så håpar eg å sjå dykk i Folketoget for UiS på 17. mai!
Men før eg slepp ordet skal eg introdusere vår møteleiar for dagen, og det er ingen ringare enn professor og prorektor for innovasjon og samfunn, Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim.
Takk for meg, så langt – og vær så god, Marte.
Scena er di!