Rektors orientering til styret

Her finner du orienteringa fra rektor til styret 14. oktober 2025.

Publisert Sist oppdatert

Oversiktsbilde fra grønt område med høye hus

God morgon, – og velkomen til nytt styremøte ved UiS.

Innleiing

I morgon legg regjeringa fram forslag til Statsbudsjett for 2026. Denne gong gagnar Universitetet i Stavanger frå regjeringa si satsing på psykologiutdanning, med tildeling av 30 studieplassar til profesjonsstudium i psykologi. Ei viss spenning knyt seg likevel til resten av budsjettet, og spesielt til dei delane som omfattar høgare utdanning og forsking.

For to veker sidan drog eg til Tallinn i Estland på rektormøte for Norden og Baltikum. Ein fellesnemnar for oss alle er at stabilitet og forutsigbarhet er erstatta av uro og uvisse. Difor drøfta me kva dei store endringane i økonomi, politikk og teknologi kan få å seie for høgare utdanning og forsking, og ikkje minst kva respons ein bør sikte mot. For dei som er interessert har eg udjupa dette i ein gjestekommentar for Morgenbladet, som er publisert i nettutgåva deira i dag.

Khrono gjer opp status for norske universitet sin posisjon på den internasjonale universitetsrankinga Times Higher Education førre veka, og får det til å sjå ut som om UiS har gitt opp å bli samanlikna internasjonalt. Dette fortener ein kommentar. Ved UiS er me positive til internasjonane samanlikningar. Men dei må være relevante og nyttige – og dei må ikkje koste meir enn dei smakar. Til Times Higher Education har me brukt betydelege ressursar på innsamling, tilrettelegging og innsending av relevante data. Etter som budsjettrammene har blitt trongare kom me til at ressursbruken ved deltakinga ikkje kunne forsvarast av forventa nytte. Det er bakgrunnen for at me har trukket oss ut, ikkje at me har gitt opp internasjonal samanlikning.

Etter at UiS-styret vedtok å justere tilknytinga til i junimøtet i år, har ECIU innleia ein prosess om kva for tilknytingsform som skal tillatast. Ei slik sak blei reist for representantskapsmøtet i ECIU for ein månad sidan, men endte med utsetting til neste representantskapsmøte i mars neste år. I mellomtida vil ECIU greie ut implikasjonane av ulike former for medlemskap og partnarskap. Me arbeider for ei avgjerd som ikkje utfordrar vedtaket i UiS-styret i juni i år, slik at me kan halde fram som medlem av ECIU-nettverket utan å delta i vidareføringa av utdanningsprosjektet ECIU University.

I saka om randsoneaktivitetane ved Universitetet i Stavanger som vart lagt fram i førre styremøte, bad Ole Tjomsland om ei klargjering av retningslinjene for utbetaling av styrehonorar til tilsette ved UiS som har styreverv i selskap der UiS er medeigar, og der dei tilsette representerer arbeidsgjevaren. Om ein UiS-tilsett er styremedlem i eit heileigd dotterselskap av UiS, og vervet skjer med utgangspunkt i den tilsette si stilling og arbeidsansvar ved UiS, så er det det ikkje naturleg med styrehonorar. Men for tilsette ved UiS med styreverv i eksterne føretak og organisasjonar, er det veldig få som fell i denne kategorien.

Saka om randsoneaktivitetar i førre styremøte omhandla årsmeldingar for aksjeselskap der Universitetet i Stavanger er deleigar. Aksjeselskap er sjølvstendige rettssubjekt, og det er generalforsamlinga som fastset honorar til styremedlemmene. Slik er det til dømes i Validé, den regionale teknologiinkubatoren, der UiS har ein eigarandel i overkant av 30 prosent. Her er det generalforsamlinga som vedtek styrehonorar, og styremedlemma er innstilt av ein valkomité, og valt

på bakgrunn av sin kompetanse og kapasitet, ikkje pga rolla dei har ved UiS. Universitetet i Stavanger eig 50 prosent av Stavanger Research Holding, som forvaltar eigarskapen vår i Norce. Her har generalforsamlinga vedteke at styremedlemmene ikkje skal få utbetalt honorar. For styreverv i Nordic Edge AS og Blue Planet AS mottek tilsette ved UiS heller ikkje styrehonorar. Det femte og siste selskapet i saka er Stavanger Helseforskning AS, som er under avvikling. Her var det berre styreleiar som mottok eit beskjedent honorar.

Tilsette ved UiS har elles styreverv i ei rekke andre selskap enn dei vi eig aksjar i, i all hovudsak pga kompetanse og fagleg kapasitet. Her vil dei som hovudregel motta honorar i tråd med vedtekter i generalforsamlinga. Styreverv og andre bierverv skal avtalast med nærmaste leiar ved UiS. Styret kan finne retningslinjer for sidegjeremål under «Orienteringssaker» til møtet i dag.

Nye samarbeidsprosjekt vinn fram

UiS har nylig mottatt to samarbeidsprosjekt for å styrke forsking og forskerutdanning i musea med til saman 12 millionar i finansiering frå Forskingsrådet. FJORDS blir leia av førsteamanuensis Marie-Theres Fojuth ved Fakultetet for utdanningsvitskap og humaniora, involverer åtte partnarar frå museumssektoren og akademia, og skal studere korleis ein kan styrke miljømedvitet blant besøkjande ved musea. IMMERSE blir leia av professor Olga Gjerald ved SV-fakultetet/HHUiS. Saman med Transportøkonomisk institutt og Lillehammer Museum og Museum Stavanger, skal prosjektet utvikle ny kunnskap om korleis tid, rom og sosiale omgjevnadar påverkar publikum sine opplevingar. I siste tildelingsrunde frå Forskningsrådet fekk Nasjonalt to nye forskingsprosjekt, med 12 mill kroner til kvar. Ytterlegare tre mill kroner kjem til senteret som partnar i eit prosjekt om andrespråkslæring. Aidentiy blir leia av professor Per Henning Uppstad ved UiS, i samarbeid med NTNU og Australisas råd for utdanningsforsking. Dei skal undersøke korleis bruk av kunstig intelligens kan påverke elevars identitet som skrivarar i grunnskulen. DeepRead blir leia av professor Anne Mangen, i samarbeid Kognitiv lab her ved UiS, samt Universitetet i Oslo, Syddansk universitet og Utrecht universitet. Saman skal dei kartlegge faktorar som påverkar elevar i vidaregåande når dei les lange og samanhengande tekster.

Festivalstemning på Ullandhaug

I grensesnittet mellom Universitet i Stavanger og omverda skjer det mykje spennande no om dagen!

Som ein del av Stavanger sitt 900-årsjubileum gjekk ULLTRA-festivalen av stabelen 25.-26. september, og festivalen blei veldig godt mottatt. Oppslutninga var god frå studentar og tilsette ved UiS, som saman med andre fylte ei rekke ulike arrangement under festivalen. Til dømes var meir enn 700 elevar frå ungdomsskular, vidaregåande skular og folkehøgskular i regionen påmelde til ungdommens forskarnatt fredag 26. september. Ei spørjeundersøking gjennomført same kveld synte at universitetslivet gav meirsmak, noko som gjer dette til ein viktig rekrutteringsarena.

Samstundes med ULLTRA, gikk også Forskingsdagane av stabelen, med arrangement over heile landet. Den overordna tematikken for Forskingsrådet sin store formidlingsarena var i år tryggleik. Og her deltok fagmiljø ved UiS med spennande presentasjonar og utadretta verksemd. Takk til alle for det store engasjementet!

StartUp booster er eit program der studentar kan utarbeide og akselerere sin eigne forretningsidéar. Med 103 studentar er deltakinga rekordstor. Satsinga er i år inkorporert i to ulike emner ved Handelshøgskulen UiS (eitt på bachelor og eitt på master-nivå), slik at studentane får studiepoeng. Eit ledd i satsinga er ein sokalla "pitche dag" 3. og 4. november, der alle som vil er velkomne til å kome og høyre på presentasjonane. Lyse er støttespelar med pengepremie og rådgivande funksjon knytt til beste forretningsidé og beste berekraftige forretningsidé.

Elles har me signert avtale med SKIFT - eit nettverk som samlar klimaambisiøse selskap og akademiske institusjonar i Noreg. Vi deltek i styringsgruppa for Norsk konsortium for palestinsk høgare utdanning (NorPal). Konsortiet består av norske høgare utdanningsinstitusjonar som skal samarbeida om gjenoppbygginga av høgare utdanning og forsking i Palestina. Det er Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond (SAIH) som skal koordinere arbeidet med NorPal.

Fleire spennande opne arrangement står for døra den nærmaste månaden. Så la meg avslutte med eit par invitasjonar. Den tradisjonsrike årsfesten for UiS går av stabelen 29. oktober, og der håpar me flest mogleg vil kome. I år har me rekordmange doktorandar til å feire, samt utdeling av institusjonelle prisar. Og fredag 14. november blir det seminar og møte i Verdiskapingsforum, med søkjelys på samarbeid med nærings- og arbeidslivet. Til den opne seminardelen på formiddagen har me eit interessant program, og eg oppfordrar med dette alle til å kome.

Takk for merksemda så langt!