Her kan du lese orienteringa som rektor held for styret 12. juni 2025.

Innleiing
Det har vore ein travel vår ved UiS. Mange har lagt ned ein stor innsats i å halde hjula i gang, levere utdanning og forsking av høg kvalitet, dyrke forholdet mellom UiS og samfunnet rundt oss, legge planar for tida som kjem, og utforske nye idear til forbetring og vidareutvikling. Med trongare ressursrammer og ein organisasjon i omstilling er det imponerande korleis folka våre står på.
Desto meir oppløftande er det at innsatsen gir resultat. Viktige og positive resultat. Økonomien er i betring, omstillinga er i rute - og med stø kurs gjennom dette og det neste året vil me ha stått av ein samla reduksjon i inntekter frå Kunnskapsdepartementet på om lag 200 mill kroner. Midt gjennom omstillinga, held UiS altså fram med å levere gode resultat, og ikkje berre på det økonomiske feltet
UiS byd på stadig meir populære utdanningar
Eit klart teikn på dette er at søkartala peikar oppover (3,6 prosent). Søkjartala er kanskje vår viktigaste resultat-indikator. Mange god søkjarar gir betre kvalitet og høgare inntekter. Med auke i søkjartala kan me kome inn i ein positiv spiral, der attraktivitet gir suksess i fleire dimensjonar.
I år er det spesielt gledeleg at studietilbod som har hatt stagnasjon og tilbakegang i fleire år, igjen er i framgang. Til dømes gjeld dette energirelaterte studium ved TN-fakultetet, sjukepleiarutdanninga ved HV-fakultetet og grunnskulelærarutdanningane ved UH-fakultetet. Med våre ambisjonar som eit internasjonalt universitet er eg og glad for at me får fleire internasjonale søkjarar.
UiS held stand som eit solid forskingsuniversitet…
…med ein sterk 3. plass blant norske universitet for publisering per vitskapleg årsverk. Me har fleire senter og nettverk som er i rivande utvikling, og innslaget av samarbeid og tverrfaglege aktivitetar er på frammarsj. To ERC-tildelingar i fjor er ein milepæl, og stadig fleire EU-prosjekt får finansiering. Per i dag deltek UiS i 31 Horisont Europa prosjekter til en verdi av nærmere 200 mill. kr. Denne veka fekk UiS tildelt åtte nye ph.d.-prosjekt frå Forskingsrådet. Fem av desse er såkalla Nærings-ph.d.-ar, og tre er Offentleg sektor ph.d.-ar. Dette er samarbeidsprosjekt der kandidaten kjem frå nærlingslivet eller offentleg sektor. Halvparten av finansieringa kjem frå Forskingsrådet, medan resten kjem frå dei involverte arbeidsgjevarane. Og i denne veka blei det kjent at Andreas Helset ved Teknisk naturvitskapleg fakultet får 8 mill kroner frå det prestisjetunge FRIPRO-ordninga til å forske på partikkelfysikk og svarte hol. Andre ambisiøse søknadar er under førebuing, både til EU og til NFR. Neste milepæl må være at me får eit SFF eller SFI. Det er berre eit tidsspørsmål!
UiS lykkast i samarbeid med nærings- og arbeidsliv
I utdanning og forsking samarbeidar me tett med nærings- og arbeidslivet. Sjølvsagt gjeld dette for ingeniørutdanningar ved TN-fakultetet og for utdanningar i økonomi og leiing ved HH. Men samarbeidet er ikkje mykje mindre utstrakt for dei andre fakulteta. Tett samarbeid med relevante praksisarenaar eit gjennomgripande trekk ved utdanningane ved UH-fakultetet, ved HV-fakultetet og ved UK-fakultetet. Og ved SV-fakultetet blir det stadig meir vanleg med praksisopphald som del av studietilbodet.
Lyse, SR-bank og Smedvig har nyleg finansiert ei stipendordning for å styrke rekrutteringa til elkraftutdanninga ved TN-fakultetet, og no står dei same tre aktørane i spissen for å etablere eit nytt kompetansefond for kanalisering av donasjonar frå næringslivet til utdanning og forsking ved UiS
I grensesnittet mellom universitet og samfunn arbeider med kontinuerleg for å løfte trivselen blant studentane og attraktiviteten ved UiS som studiestad. Difor er me engasjert som medarrangør på framtidsfestivalen ULLTRA: ein festival for unge, som går av 25.-26. september med eit rikhaldig program som spenner over heile Ullandhaugsområdet. Samanhengen er 900-årsjubileet til Stavanger der ein stor del av markeringa gjeld å styrke Stavanger som studentby og kunnskapsregion og mobilisere til grøn omstilling. Her vil det bli sirkustelt, utekino, forskarnatt, natursti, konsertar, m.m.
Arbeidsmiljøet
Økonomisk motvind, omstilling og omstridde avgjerder kan tære på både leiarar og tilsette, og i sin tur gjere skade på arbeidsmiljøet. Sjølv tenker eg at dette er overmåte viktig, etter som me ikkje kan lykkast korkje i utdanning eller forsking om me har tilsette som ikkje trivast på jobben.
Difor er eit framifrå arbeidsmiljø eit viktig element i strategien for UiS. Og difor sette eg arbeidsmiljøet på agendaen på eit av dei første leiarsamlingane etter at eg blei rektor. Då var me i medvind, pilene peika oppover, og arbeidsmiljøet var upåklageleg. I dag er det annleis. For kveitebrødsdagane er over, og vinden har snudd. Desto viktigare er det at me lykkast i å ta vare på våre tilsette og halde arbeidsmiljøet ved lag.
Resultata frå årets arbeidsmiljøundersøkjing kom for ein månad sidan. «I hovudsak ser det ut som om folk har det bra ved UiS», sa Kirsti Godal Undebakke frå ARK-organisasjonen ved NTNU, som presenterte resultata for nærmare 100 leiarar ved UiS for ein månad sidan. Det er mykje å glede seg over i resultata, som f eks eit godt innovasjonsklima og godt medarbeidarskap. Men spreiinga er betydeleg, og det er sjølvsagt nokon som har det mindre bra på jobb enn andre.
Ein tendens i resultata er at tilsette saknar informasjon og medverknad i viktige avgjerder. Dette tek me no tak i på alle nivå i organisasjonen. God kommunikasjon og tilgang til informasjon er ein viktig faktor i eit velfungerande og godt arbeidsmiljø.
- Difor har eg introdusert allmøter på nett etter kvart styremøte
- Difor har me igjen opna Debattforum på Intranett
- Og difor legg me stor vekt på løypande kommunikasjon og informasjonsdeling via Intranett
Ingenting av dette kan erstatte leiarlinja, som kanskje er vår aller viktigaste kanal for kommunikasjon og informasjon. Å halde seg oppdatert er eit leiaransvar, og til dette ansvaret høyrer det også med å dele og vidareformidle til tilsette og organisasjon.
Fleire tøffe avgjerder i kjømda
Det er dermed mykje som peikar rett veg. Slike resultat ikkje kjem av seg sjølv. Me skuldar dermed stor takk til våre tilsette, men og til våre leiarar. Me har all grunn til å være stolte over at UiS lykkast i å levere sjølv når tidene er tøffe. Likevel kan me ikkje lene oss tilbake. For i omstillinga er me berre halvvegs. Det er dei lågaste fruktene som er plukka. Tiltaka som no trengst blir meir krevjande og meir kontroversielle.
Om lag 15 prosent av budsjettet vårt går til utgifter knytt til bygg, infrastruktur, husleige og energi. I tråd med omstillinga er målet vårt å redusere desse årlege kostnadene med 30 millionar kroner (om lag ti prosent). Det føreset fortetting, arealdeling og omdisponering av ledige eller underutnytta areal. Eit nytt prosjekt er definert, med fire arbeidspakkar som blir fulgt opp, i tett samarbeid med Statsbygg. Som ledd i betre arealutnytting innfører me og parkeringsavgift på campus frå august.
I dag legg me fram det aller første budsjettframlegget for 2026. Og det ser fortsatt stramt ut, i tråd med tidlegare signal for omstillinga. Arbeidet med kostnadsreduksjonar, inntektsmobilisering og betre ressursbruk må difor halde fram på alle nivå i organisasjonen. Dette føreset målretta innsats – og tydeleg leiarskap.
I dag får styret to omdiskuterte saker til avgjerd. Den eine gjeld tilråding om flytting av NHS-Institutt for leiing og tenesteutvikling frå SV-fakultetet til Handelshøgskolen UiS. Trass i uroa forslaget har skapt er me overtydd om at ei slik flytting er det beste for Universitetet i Stavanger.
Eit anna omdiskutert forslag som blir fremma i dag ei justering av tilknytinga til European Consortium of Innovative Universities. Forslaget kan spare oss for 50-90 prosent av kostnadane knytt til -medlemskapen i dag, medan mange av fordelane ved å være med i nettverket vil stå ved lag.
Til saman vil dei to forslaga betre det økonomiske handlingsrommet for UiS med opp mot 20 mill kroner i året. Dette vil gje ei sårt tiltrengt avlasting av omstillinga for heile organisasjonen, gje betre bruk av UiS sine samla ressursar – og frigjere kapasitet for framtidige satsingar.
I ein organisasjon av stolte fagmenneske med stort engasjement er slike avgjerder naturleg nok omdiskuterte. Kjenslene har vore mange og sterke. Sjølv blir eg pepra med argument og inntrykk, internt og eksternt, både i desse og andre saker. Og sjølv om hjartet er varmt, så gjeld det å halde hovudet kaldt, gje plass til fakta, og la dei beste argumenta vinne fram. Desse to sakene har soleis fått stor merksemd gjennom vinter og vår, og avgjerda om å fremme dei to forslaga bygg på ei overtyding om at dei er til det beste for vidareutviklinga av Universitetet i Stavanger.
Syv månadar har me brukt på å førebu desse sakene for styret. Prosessane har vore nøye planlagt, og veldig mange har blitt høyrt. Resultatet er at framlegga reflekterer ei lang rekke ulike synspunkt, innspel og perspektiv. Desse sakene er dermed godt opplyste for avklarande avgjerder i styret.
Ingenting vil bli enklare med ei utsetting eller vidare utgreiing. Tvert om. Slike prosessar er særs krevjande, legg band på store ressursar i organisasjonen, og tek merksemda bort frå dagleg drift og utvikling. Spesielt utmattande blir det om slike prosessar blir trenert og utsett, eller fell til jorda utan resultat. Det har allereie skjedd med fleire forslag som ikkje har nådd styret.
Eg håpar difor inderleg at styret kan avklare desse sakene i dag, slik at i alle fall desse to prosessane kan leggast til ro, og at me blir klare til å gå vidare med andre presserande oppgåver.
Takk for merksemda så langt!